Russland har godkjent 13 norske meieri for eksport av mjølk og mjølkeprodukt.

11.03.2010 21:00
Eksportgodkjenninga for dei 13 produsentane trer i kraft frå den 15. mars.

Russland innfører importrestriksjonar frå denne datoen, og alle produsentar som har ønskje om å kunne eksportere mjølk eller mjølkeprodukt må frå denne datoen stå på lista over godkjente eksportørar.

Russiske veterinærstyresmakter presiserer at norske meieri som leverer mat til Russland må etterfølgje russiske krav og normer i fullt omfang.

Dette skriv Mattilsynet på sine nettsider.

Blant dei 13 som er godkjende for eksport, er det heile 12 Tine-meieri.

Sjå heile lista over godkjende eksportørar her.

Emneord
Les også