Les saka her:
Det førte til kompensasjonsforhandlingar og gjødselkrig, der landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) skulda gjødselgiganten Yara for misbruk av marknadsmakt.
Dette sa Brekk:
Nå har forskarar analysert gjødselmarknaden og prissettinga. Ein av konklusjonane er at bruttomarginen frå råvarekostnad og fram til ferdig pris til bonde har økt markant sidan 2008.
- Analysen tyder på eit klart skifte i marginar i varekjeda. Marginane ligg nå på eit høgare nivå enn før prishoppet på kunstgjødsel.
- Verken produsent eller distributør har gitt oss innsyn i materiale som kan forklare dette, men endringa er såpass tydeleg at dette kan det vere verdt å sjå nærare på, seier direktør ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf), Ivar Pettersen.
Rapporten om konkurransesituasjonen i den nordiske gjødselmarknaden er laga av Nilf i samarbeid med Østlandsforskning, og rapporten skal overrekkast landbruksstyresmaktene i dag.
Bruttomarginen for fullgjødsel (NPK), som er den mest vanlege kunstgjødsla her i landet, låg i perioden 2004 til 2007 ifølgje rapporten ganske stabil på rundt 1 krone per kilo.
Det utgjorde omtrent 40 prosent av prisen til bonden. Frå 2008 og utover auka derimot marginane med inntil 50 øre per kilo.
- Etter prishoppet i 2008 var det fram til seinhausten i fjor bruttodifferanse på inntil 1,50 per kilo. Sjølv om den varierer, ser vi at marginane jamt over er på eit høgare nivå enn før, seier Arne Vasaasen, forskar ved Østlandsforskning.
I bruttomarginane inngår både kostnader og rein forteneste for alle ledda i varekjeda frå internasjonale råvarer til distributør. Auka inntening gir dermed ikkje nødvendigvis heile forklaringa. Men om endra distribusjonskostnader kan forklare delar av auken, eller om auka risikopåslag for prissvingingar også kan ha hatt innverknad, er usikkert sidan forskarane ikkje har hatt fullt innsyn.
- Nøyaktig kva som ligg bak veit vi ikkje, men dette gir ein indikasjon på at marginane til aktørane har auka, seier Pettersen.
Les tilsvaret:
Her i landet blir det vanlegvis selt nær 500.000 tonn mineralgjødsel i året. Dersom funnet til forskarane er representativt vil dermed auken i bruttomargin i seg sjølv utgjere nær 250 millionar kroner.
For bøndene er dette kostnader som kjem på toppen av kostnadsauken som skuldast auka internasjonale prisar på råvarene i kunstgjødsla.
Den internasjonale prisen på råvarene i kunstgjødsla er likevel hovudgrunnen til dei store prissvingane på kunstgjødsla, ifølgje forskarane. Prisen på fullgjødsel låg seinhausten 2009 rundt 20 prosent over nivået før det kraftige prishoppet, men mange av råvarene er omtrent tilbake på prisnivået før den kraftige prisauken.
Rapporten viser også at gjødselprisen her i landet jamt over ligg nokre prosent over prisane i Danmark, men Sverige har til gjengjeld endå litt høgare prisar. Grunnane til dette er samansette, men ein av faktorane som truleg påverkar prissetjinga er strukturen på både produsent og forhandlarsida. I Norge har Yara frå 85 til 95 prosent av marknaden, medan Felleskjøpet er dominerande aktør på forhandlarsida med rundt 70 til 75 prosent av salet. Forskjellen i strukturen mellom Norge og Danmark, med mindre import her i landet, kan ifølgje Julie Nåvik Hval på Nilf påverke prissettinga.
- Yara har blitt skulda for å utnytte marknadsposisjonen. Tar dei seg til rette?
- Yara har ein sterk posisjon og fleire forhold gjer at det er avgrensa rom for alternativ. Auka bruttomarginar gir indikasjonar, men det er ikkje unaturleg at Yara bruker spelerommet som dei har på heimemarknaden, seier Ivar Pettersen.
Han meiner det er mogleg å importere også NPK-gjødsel her i landet, og at dette set grenser for marginutviklinga.
Framover trur forskarane at landbruket må innstille seg på langt større svingingar i gjødselprisane enn tidlegare, og at det vil bli hyppigare prisforhandlingar mellom aktørane.
