Per Olaf Lundteigen (Sp) går i spissen for eit nytt bondeopprør for å stoppe nedbygginga av landbruket.
Det var på eit møte med 280 sauebønder i Vindafjord på Vestlandet at den profilerte Sp-parlamentarikaren og Buskerud-bonden Per Olaf Lundteigen fyrte av den eine salven etter den andre mot utviklinga i landbruket.
Lundteigen meiner tida nå er komen for eit nytt bondeopprør, ala Hitra-opprøret i 1975 - som førte til det berykta opptrappingsvedtaket på Stortinget.
- Treng nytt Hitra-opprør
- Eg var med i det berømte Hitra-opprøret i 1975. No byggjer me ned dyrka areal og rader vekk familiebruka medan befolkninga som skal ha mat i dette landet aukar. Me importerer meir og grossererane har fått mykje meir makt over matvareomsetninga enn produsentane. Me treng eit nytt Hitra-opprør, sa Lundteigen, skriv Haugesunds Avis.
Lundteigen meiner bondekulturen er rysta i sine grunnvoller av utviklinga dei siste åra.
- Dugnadsjordbruk
Gardsbruk som sluttar på dal, berg og ås er i ferd med å bli avfolka, meiner Lundteigen, som ikkje minst er kritisk til utviklinga for familie- og mjølkebruka.
- Sanninga om mjølkesamdrifter i Norge er at dette er det nye dugnadsjordbruket. Fleirtalet på Stortinget er varme tilhengjarar av slike samdrifter, men økonomisk er det rein dugnad, sa Lundteigen.
- Familiebruket overlegent
Han meiner familiebruka er under sterkt press, noko han beklagar sterkt.
- Våre eigne norske røynsler har vist at familiebruket er overlegen både amerikansk storindustridrift og sosialistiske system, sa Lundteigen i følgje avisa.
Krev 1 krone meir per liter
Sp-toppen vil derfor at bondens mjølkepris skal auke med ei krone per liter.
Også prisen på storfekjøtt må opp meiner han, og i staden for nedbygging av matjord må det nydyrking til, meiner Lundteigen.
- Treng meir jord, blir mindre
- Me har auka befolkninga med 50.000 på få år. Auken i dyrka areal skulle vore på 100.000 dekar for å følgje dette opp. I staden har me redusert det dyrkbare arealet med 90.000 dekar, sa Lundteigen på bondemøte i Nord-Rogaland.
- Gardbrukarane må vakne
Sps finanspolitiske talsmann peiker på at jord ligg brakk over enorme område i Nord-Norge.
Les også eit anna referat frå møte her.
Dette skjer samtidig med at Kina prøver å kjøpe seg jord til å dyrke i Afrika, og Obamas matminister snakkar om at alle land må sørgje for sjølvforsyning av mat.
- I Norge går me motsett veg. No må gardbrukarane vakne, sa Lundteigen.
Usikker rødgrønn framtid
Han trur også framtida til den rødgrønne regjeringa er spikra om bøndene sviktar.
- Dersom bøndene og distriktas folk ikkje lenger står bak dei rødgrønne, er det mørkt lenge før kvelden for denne regjeringa, sa Lundteigen ifølgje avisa.
- Det politisk teateret kan ikkje fortsetje
For Lundteigen ser også ei veksande kløft mellom landbruksmiljøa og dei som styrer, men han vil ikkje la seg dempe.
- Eg har trassa dei som har bede meg dempe meg. For det politiske teateret kan ikkje fortsetje, sa Lundteigen.











