–Eg trur ikkje styret i Nortura har tenkt gjennom konsekvensane av det dei no gjer. Dei tergar på seg grunnfjellet i samvirket for å kapre dei største leverandørane, seier svinebonde Kåre Aakre i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag.
–Dette er å omfordele forteneste frå små til store produsentar, held han fram.
Dei som leverer mindre enn 20 slaktegrisar i slengen til Nortura, får frå nyttår 20 kroner per gris i så kalla puljetillegg. Dei som sender av garde meir enn 70 grisar, får 130 kroner, over seks gonger så mykje. Gapet mellom tillegga for dei minste og dei største leveransane har blitt dobla sidan i fjor.
–No må eg prøve å samle opp slaktegrisar for å få ut det beste tillegget. Då er problemet at nokre grisar blir for store og nokre for små. Denne veka greidde eg å levere 70 dyr, det dobbelte av normalt, men då fekk eg klage på at det var for stor spreiing i storleik, fortel Aakre.
–Det er konkurransesituasjonen som tvingar fram dei nye puljetillegga, seier Kirsti Been Tofte, fagansvarleg for gris i Nortura.
–Me er nøydde til å gjere dette for å halde på dei store produsentane. Samstundes motiverer me alle til å levere større puljar, held ho fram.
–Kva med små og middels store produsentar som no må samle opp grisar over lengre tid, som gir ei veldig blanding av små og store slaktedyr?
–Me har òg auka vektgrensene. Me gir no full pris for slaktevekter opp til 85 kilo, mot tidlegare 81 kilo. Det gjer det lettare for bøndene å vente lenger mellom kvar gong dei leverer, svarar Tofte.
Håpar på ny retrett
Våren 2008 lanserte Nortura ei liknande bonusordning for smågris, gris som blir seld for vidare oppfôring. Forslaget gjekk kraftig i favør av store produsentar, men styret slo retrett etter opprør blant bøndene.
–For oss er det viktig å understreke at alle produsentar er like viktige, sa Kirsti Been Tofte til Nationen den gongen.
No håpar svinebonde Aakre på ein tilsvarande snuoperasjon.
–Dei nye puljetillegga diskriminerer endå kraftigare enn det som låg i forslaga for to år sidan. Me er mange som reagerer på dette, seier Aakre.
Kvart år leverer han kring 900 slaktegris. Om han greier å oppnå middels eller maksimalt puljetillegg, gir eit utslag i årsinntekta på over 50.000 kroner.
–Eg treng alle dei tillegga eg kan få. Økonomien i grisehaldet er ikkje betre enn den må vere. Drifta i dag går nesten i null, fortel Aakre.
–Du kan vel berre få dobbelt så mange dyr?
–Alternativet for meg er heller å slutte, svarar Aakre.
Frå nyttår gir Nortura ein kraftig premie til bønder som leverer mange slaktegrisar i slengen. Det opprører dei mindre produsentane.
07.01.2010 05:00
