NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

06.11.2009landbruk

Halverer inntaket av økokjøtt

Nortura greier berre å selje eitt av fem kilo økologisk storfekjøtt som økologisk. No skal konsernet tette økosluket.

Sigbjørn Høidalen

sigbjorn.hoidalen@nationen.no

Frå nyttår må alle som vil levere økologisk storfekjøtt til Nortura teikne nøyaktige leveringsavtalar.

– Den økologiske produksjonen har auka betydeleg meir enn det sluttmarknaden tek unna. Difor må me stramme inn, seier informasjonssjef Tor Olav Brandtzæg.

Les òg:
Økende vekst i tallet på økobønder


Samvirkekonsernet har sett eit tak på kor mange som får inngå avtalar. Det gjer at samla inntak neste år blir halvert.

Mindre volum, lågare pris

I tillegg til at færre får levere, må leveransane skje meir punktleg og til ein lågare meir-pris. Medan økologisk oksekjøtt har blitt betalt med opptil ti kroner meir per kilo enn anna kjøtt, blir meirprisen no maksimalt sju kroner.

Les òg:
Øko-salget ned for første gang


– Me har satsa heilhjarta på å selje økologisk kjøtt, men salet i butikkane går treigt. I dag er det slik at av alt økolo-gisk storfekjøtt me får inn, greier me berre å selje kring 20 prosent som økologisk. Det må me ta konsekvensen av, når samtidig Nortura er i den vanskelege situasjonen som me er i, fortel Brandtzæg.

– Kor mykje skal Nortura spare på dette?

– Det er nokre millionar kroner. Eg har ikkje det eksakte talet, svarar informasjonssjefen.

Motlause produsentar

– Dette er for drastisk, seier fagsjef Jon Magne Holten i Oikos, fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk.

– Det er eit veldig dårleg signal å sende til dei som dei siste åra har følgd oppfordringane om å leggje om til økologisk drift.

Holten forstår at Nortura må gjere noko for å betre økonomien på økokjøttet, men han meiner det no blir gjort for mykje på ein gong.

– Dette går òg ut over økonomien til dei som driv økologisk mjølkeproduksjon. Når du ikkje veit om du får ein avtale om å levere økologisk kjøtt, blir ting heilt uføreseieleg. Produsentar eg har prata med, er veldig skeptiske, fortel Holten.

Økosal i stampe

Målet til styresmaktene er at 15 prosent av alt kjøtt som seljast skal vere økologisk. I dag utgjer økokjøttet mindre enn ein prosent, og det siste året har salet stoppa heilt opp.

– Kunne ikkje Nortura satsa friskare på sal og marknadsføring av økologiske varer, Tor Olav Brandtzæg?

– Det siste året har me lansert 40 nye økologiske kjøttprodukt, under det nye merkenamnet Norgården. Likevel kan me ikkje sjå at salet har auka, svarar informasjonssjefen.

Han innser at 2009 har vore eit spesielt år i daglegvarebransjen, med kundar på intens jakt etter lågpris.

– På sikt trur eg det er mulig å selje meir økologisk kjøtt. Førebels ser det mørkt ut, seier Brandtzæg.



Publisert fredag 06.11.2009 kl. 16:09 (sist endret fredag 06.11.2009 kl. 16:09)
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative