Senteret ber no partane i jordbruksforhandlingane om å setje inn tiltak for å støtte bruk av rasane.
Vi har fire særnorske hesterasar, nemleg dølahest, nordlandshest/lyngshest, fjordhest og norsk kaldblodstravar.
Ned mot 150 i året
Dei to førstnemnde rasane har i lang tid hatt låge tal på bedekningar og fødte føl. Kvart år vert det fødd mellom 200 og 250 føl av dølahest, medan tala for nordlandshest/lyngshest ligg på cirka 150 pr år.
Situasjonen har vore betre for fjordhest og kaldblodstraver, men dei siste åra har talet på nyfødde føl gått så mykje ned at Genressurssenteret og Genressursutvalg for husdyr er bekymra.
Halvert sidan 1990
Medan det i 1990 vart født cirka 400 fjordhestar i landet var dette talet halvert i 2007. Tilsvarande tal for kaldblodstravar viser ein jamn nedgang over dei siste 20 år, frå cirka 1.300 i 1990 til 800 nyfødde føl i 2007.
Vil med i jordbruksavtalen
Norsk genressurssenter tek no initiativ til at dei norske hesterasane blir via særskilt merksemd i Jordbruksavtalen.
I eit brev til forhandlingspartane, som er Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Landbruks- og matdepartementet, ber Genressurssenteret om at rammevilkåra for næringsverksemd basert på hest vert styrkt gjennom ulike tiltak over Jordbruksavtalen.
Dette vil kunne bidra positivt for utbreiing av rasane og populasjonsstorleik.
Det blir født så få nye føl av dei norske hesterasane at Norsk genressurssenter er bekymra.
19.03.2009 21:30
