SLUTTAR: Mjølkekvoten er seld og kyrne har gått ut fjøsdøra for siste gong på den godt over 230 mål store garden til Arvid Kvalbein (41) på Austvoll i Sandnes. Ein bra betalt kontorjobb frista meir enn fjøsstell i helgene. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Byter kyrne med kontor

Arvid Kvalbein er ein av 470 bønder som sluttar med mjølkeproduksjon i år.

Siste mening

BILDESERIER

Rive gamlelåven?

Budeiekalender'n 2010

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Bjarne Bekkeheien Aase

Publisert 26.11.2008 kl 01:00 Oppdatert 26.11.2008 kl 01:00

Tips en venn på e-post:

LES OGSÅ:

Føreslår auka mjølkeproduksjon 25.12.09 - 17:00

Taper stort på samdrift 25.11.08 - 15:58

Krever tallene på bordet 25.11.08 - 17:26

Brann i meieri 21.11.08 - 12:09

Samdrifter i Trøndelag sliter 19.11.08 - 10:37

Auka målprisar kan gje meir import 19.11.08 - 01:00

Frp vil skvise landbruket 13.11.08 - 08:57

Færre bønder gir opp 07.11.08 - 06:32

Krev oppmjuking av mjølkereglar 31.10.08 - 01:00

En av tre husdyrbønder ensomme 28.08.08 - 18:31

Kniving om melkeruta 28.08.08 - 10:17

Mindre radioaktivitet i kjøtt og melk 28.08.08 - 11:38

Kvar dag blir det lagt ned meir enn eitt mjølkebruk i snitt her i landet, og det er stor forskjell mellom fylka kor nedleggingstakten går raskast.

Målt i prosent er Østfold fylket som er klart hardast ramma. Der valde kvar 15. mjølkebonde å leggje ned drifta og selje mjølkekvoten.

– Vi treng meir grasproduksjon for å hindre avrenning til vassdraga, og slett ikkje ein så rask nedgang som nå, seier styremedlem i Østfold Bondelag, Ellen Skauen Ruud, som liker dårleg at heimfylket toppar nedleggingslista med sal av heile 6,6 prosent av mjølkekvotane.

Legg ned storgard

Det faktiske talet på bønder som sluttar med mjølk er derimot klart høgast i produksjonstunge fylke som Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Rogaland, alle med godt over 50 nedlagde mjølkebruk kvar i år.

Ein av mjølkebøndene som valde å selje kvoten er Arvid Kvalbein, som nyleg har overtatt ein stor gard i eit av landets beste jordbruksdistrikt.

Les også: Færre bønder gir opp

– Eg kom fram til at utsiktene var betre både med tanke på fritid og inntekt ved å satse vidare på åtte til fire-jobben, seier Kvalbein, som har ein gard på over 230 dekar dyrka jord på Austvoll like ved det kraftig ekspanderande rogalandsbyen Sandnes.

Mjølkekvoten på heimegarden var på 208.000 liter, nesten dobbelt så stor som på eit gjennomsnittsbruk.

Kvalbein meiner også at fjøset, med plass til 90 storfe, kunne ha blitt brukt i minst 15 år til. Likevel valde han å selje mjølkekvoten og starte salet av kyr, ungdyr og oksar. Kyrne forsvann ut av fjøsdøra for siste gong for få dagar sidan.

Les også: Krever tallene på bordet

– Han hadde det ikkje lett då, seier kona Jorunn Kvalbein.

Skatteråd framfor kyr

Etter nær 20 år i kontorjobb, og dei siste åra i ei godt betalt stilling som skatterådgjevar i eit multinasjonalt revisjonsselskap, falma planane om å ta over heimegarden.

– Eg har vore avløysar sidan eg var liten. Eg har budd heime på garden og alltid vore med på gardsarbeidet. Planen var heile tida å overta etter far, men nå er graset grønare på andre sida av gjerdet, meiner Arvid Kvalbein (41).

Les også: Auka målprisar kan gje meir import

Han overtok garden nå i haust, og han utelukkar ikkje at synet på vidare drift kunne vore annleis om han framleis var 30 år.

– Men samtidig må ein også innsjå at ein ikkje er 30 år heile livet, seier han og konkluderte med at utsiktene til lange arbeidsdagar, helgejobbing og stor lånegjeld var meir tungtvegande enn alle dei positive sidene ved å vere mjølkebonde.

Tre søsken

Den delen av mjølkekvoten han kunne selje privat gjekk til sju forskjellige bønder. Tre i kommunane Time, Karmøy og Hjelmeland, medan fire av kjøparane driv gard i Hå.

Inntekta frå kvotesalet delar han med tre søsken, og snittprisen på 6,50 kroner literen er Kvalbein brukbart nøgd med.

– Det er ganske mykje mindre enn prisane i fjor, men samtidig fekk eg iallfall litt for kvoten nå, seier Kvalbein, som legg opp til å kombinere kontorjobben med korndrift på garden når kyr og oksar snart er historie.

Les også: Taper stort på samdrift

Vil produsere biodiesel

Landbruk Bondelaget mener det er riktig å bruke matjord til produksjon av biodiesel.

Er du enig? SI din mening nederst i saken!

Les mer

Frp-invitt til Bondelaget

Landbruk Frp inviterer Bondelaget til å bli med i et utvalg som skal se på hvordan partiets landbrukspolitikk og milliardkutt til bøndene kan gjennomføres.

Bør Bondelaget delta i utvalget? Si din mening nederst i saken! Les mer

Trenger 800 milliarder kroner til vedlikehold

Nyhet

Etterslepet for manglende vedlikehold av offentlige bygg og infrastruktur har hopet seg opp til 800 milliarder kroner. Les mer

Coop storselger hotellsenger

Næring På ett år har forbrukersamvirket Coop økt salget av hotellrom med over 60 prosent. Les mer

Omstridd Arla-inntog i Finland

Næring Arlas inntog i finske butikkar på bekostning av Finlands bondeeigde meieri har fått den finske statsministeren til å truge med boikott. Les mer

MEST LEST AKKURAT NÅ

MEST SETT AKKURAT NÅ

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

Mobilmoro

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   6.8°   6.1°
Bergen   5.1°   5.1°
Trondheim   4.9°   4.2°
Stavanger   3.5°   3.8°
Lom   3.7°   4.9°
Oppdal   2.9°   3.7°
Røros   3.0°   3.3°
Jølster   3.6°   4.1°
Karmøy   4.1°   4.5°
Bryne   4.2°   4.4°
Gvarv   7.6°   8.5°
Stokke   3.9°   5.0°
Rakkestad   4.1°   3.4°
Fagernes   4.0°   4.7°
Stange   4.4°   5.9°
Snåsa   4.0°   2.5°
Beiarn   -0.7°   -2.1°
Bardu   -4.2°   -4.7°
Alta   -5.5°   -5.1°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar