Tysdag i førre veke kom botanikar Oddvar Pedersen over eit fleire dekar stort industriområde på Lista med tett i tett av boersvineblom.
Planta er tidlegare påvist i fleire kommunar langs kysten, men berre i små førekomstar.
–Me må vere urolege for kva som kan skje når planta kjem inn i nye miljø. I verste fall kan den øydelegge beitemark, seier Pedersen.
Beitedyr har døydd
Boersvineblom kjem opphavleg frå Sør-Afrika og kom til Europa gjennom import av saueull. Sidan slutten av 1970-talet har den spreidd seg massivt på industriområde og langs vegkantar i Tyskland.
Frå utlandet er det rapportert at beitedyr har døydd av å ete planta.
–Den er i slekt med landøyde, og er i seg sjølv ikkje farlegare enn fleire andre giftige planter me finn i Noreg. Uroa gjeld korleis den vil oppføre seg i eit nytt miljø med andre konkurransevilkår, fortel Pedersen.
Folkeaksjon i Farsund
Då alarmen kom valde Farsund kommune å setje i verk strakstiltak. Boersvineblomen skal lukast bort, pakkast inn og brennast.
Botanikar Pedersen trur ikkje det er mulig å bli kvitt planta heilt.
–Nett no står den med millionar av frø, og lukeaksjonen vil dempe spreiinga. Eg er redd det berre verkar på kort sikt, fortel han.
Trugar sanddynene
Fylkesmannen i Vest-Agder er oppteken av korleis boersvineblomen kan truge det biologiske mangfaldet.
–På Lista er det veldig mange område som er freda på grunn av eit unikt planteliv. Her vil me ikkje ha inn denne nye arten, seier overingeniør Pål Kleivan.
Svartelista
Boersvineblom kom ikkje med då Artsdatabanken i fjor laga ei så kalla svarteliste over framande artar som kan truge artsmangfaldet i Noreg.
–Den lista var basert på eit lite utval. I 2011 kjem ein revidert versjon der nok boersvineblom vil bli risikovurdert, fortel seniorrådgjevar Lisbeth Gederaas i Artsdatabanken.
Ho viser til at det i dag er 18 karplanter inne på lista og at mange artar bankar på døra.
–Me ser at både handels- og klimabarrierane blir viska ut. Innføring av framande artar blir i dag sett på som eitt av dei største trugsmåla mot det biologisk mangfaldet på jorda, seier Gederaas.
Store mengder boersvineblom er luka bort og destruert på Lista.
03.10.2008 07:00
