Sauebonden frå Sauland i Telemark har vore involvert i avlsarbeid sidan 1973, og i store delar av perioden har han vore leiar av Telemark Vêrring.
Han meiner det høge tapstalet for sau kunne vore langt lågare.
- Det store tapet skuldast avlsarbeidet. Ein har avla på dei sauene som får mange lam, og ein har gjort det med for raske generasjonsskifter. Dermed har ein ikkje kontrollert at sauen har dei eigenskapane vi vil ha.
Sundvor uttalar seg i forhold til sakene Nationen har hatt dei siste dagane, om dei 120.000 lamma som aldri kjem seg på beite.
- Feil raser
Sundvor meiner òg det har blitt satsa på feil rasar her i Norge. Sjølv har han 110 vinterfôra spelsau og av dei 30 gamaltypiske utegangarsauene.
Han meiner denne rasen er langt betre eigna enn norsk kvit sau (NKS). NKS, den vanlegaste rasen, er ei blanding av norske og utanlandske rasar.
- Av den gammaltypiske sauen ser eg aldri etter om dei lammar. Alle har klart det utan hjelp. Om morgonen set eg øyremerke i dei. Dei som er påtenkt lever, og dei som er fødde er sendt til fjells. Og eg reknar med at alle kjem tilbake, seier Sundvor.
Endra avlsmål
Han hevdar òg at denne rasen er flinkare til å komme seg unna rovdyr. Telemark Vêrring har vedteke eit nytt mål for sitt avlsarbeid, som inneber ei dyrking av dei eigenskapane som gjer sauen meir robust.
- Vi vil ha ein sau som er effektiv og slitesterk. Det å vere effektiv går på helse, beite, kjøtt, skinn og ull. Vi må ta vare på den slitesterke sauen, seier Sundvor.
Han seier at Telemark Vêrring i lang tid har prøvd å få avlsleiinga til å endre kurs i avlsarbeidet, utan å bli høyrt. Sundvor meiner at statleg støtte burde prioritert utvikling av norske husdyrrasar spesielt.
- Har valt NKS
Avlssjef i Norsk Sau og Geit, Thor Blichfeldt, er ueinig i Sundvor sine vurderingar. Han viser til at det store fleirtalet av norske bønder sjølve har valt å satse på NKS, som ifølgje han no utgjer 80 prosent av sauepopulasjonen.
- Det er ingen tvil om at NKS har tatt over for spelsau. Det er brukarane sjølve som har valt det. Det er ikkje uvanleg at bøndene har hatt begge rasar, for å finne ut kva rase som er best. Fleire og fleire har valt NKS. Ingen er betre til å vurdere dette enn brukarane sjølve, seier Blichfeldt.
Blichfeldt seier at han ikkje kjenner til at det finns faglege belegg for å fastslå at spelsauen har mindre lammetap. Han meiner det er miljøet for sauen som er avgjerande for å få ned lammetapet.
- Lammedøden må vi få ned. 80 prosent av populasjonen er NKS, og det er der vi må setje inn tiltak. Alle skuldar på avlen. Det er rett at det er eit høgt genetisk potensiale for mange fødde lam hos NKS. Men det er ikkje sagt at vi skal ta ut det genetiske potensialet. Mange gjer ikkje det, og har eit passe tal på fødde lam. Dei som synest dei får for mange fødde lam, må gjere noko med miljøet, og då særleg fôringa før paring.
- Dessutan har vi nettopp redusert vektlegginga på auka lammetal i avlsarbeidet både hos NKS og hos spel, seier Thor Blichfeldt.
- Det er miljøet som er viktig å gjere noko med, både for å få eit passe tal fødde lam, og for å redusere tapet etter lamming, seier Blichfeldt.
Han legg og til at avlsarbeidet er demokratisk styrt av bøndene sjølve, og at dei fleste som driv med spelsau er nøgde med vegen ein har valt for dette arbeidet.
Sauebonde Ingvar Sundvor meiner det høge dødstalet for lam kjem av feil avl og satsing på feil rasar.
04.07.2008 10:20
