NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

Dersom Nortura bestemmer seg for ny og enklare struktur og heller vil satse på eitt, stort anlegg, må fabrikken plasserast ein stad. Men informasjonssjefen vil førebels ikkje fortelje kvar. (Illustrasjonsfoto)

Dersom Nortura bestemmer seg for ny og enklare struktur og heller vil satse på eitt, stort anlegg, må fabrikken plasserast ein stad. Men informasjonssjefen vil førebels ikkje fortelje kvar. (Illustrasjonsfoto)

09.05.2008landbruk

Planlegg storfabrikk for egg og kjøt

Nortura vurderer å leggje ned seks av fabrikkane sine i Midt-Noreg, og heller samle all aktivitet i ein ny gigantfabrikk.

Nynorsk Pressekontor

npk@npk.no

– Vi tener ikkje nok pengar og det er nødvendig å endre strukturen i bedrifta, seier informasjonssjef i Nortura, Tine Komissar, til NRK Trøndelag. Ho fortel at ei eiga gruppe er sett til å sjå på kva moglegheiter dei har.

Nortura er leverandør av kjøt og egg, og har 41 fabrikkar på landsbasis. I Trøndelag har dei slakterianlegg både i Namsos, Steinkjer, Heimdal, Tunga, Oppdal og Rissa.

Dersom Nortura bestemmer seg for ny og enklare struktur og heller vil satse på eitt, stort anlegg, må fabrikken plasserast ein stad. Men informasjonssjefen vil førebels ikkje fortelje kvar.

Nortura har spurt fleire kommunar i Trøndelag om kva moglegheiter dei har. Ordførar i Melhus, Erling Bøhle, meiner dei stiller sterkt når dei kan tilby tidlegare Hofstad leir.

– Vi har ei stor og flat tomt som er plassert nær E6. Eg kan ikkje sjå for meg andre som kan stille ei slik byggjeklar tomt til disposisjon så raskt, seier Bøhle.



Publisert fredag 09.05.2008 kl. 13:10 (Sist endret fredag 09.05.2008 kl. 13:15)
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative