Stadig fleire lam døyr før dei blir fødde eller rett etter fødsel.

03.03.2008 18:01
I fjor døydde nesten kvart tiande lam før dei rakk ut på sommarbeite.

Over ein million søyer

Årets lamming står for døra og over ein million søyer her i landet står no i fjøset med kul på magen.

Mange av lamma vil aldri leve opp. At kvart tiande lam døyr før dei kjem ut på beite vil utgjere 100 millionar kroner i tap for sauebøndene.

Dei store tapa kjem mellom anna av manglande omsorg for søye og lam, auka smittepress og meir intensiv produksjon, opplyser veterinær Lisbeth Hektoen i Helsetenesta for sau til NRK.

Aksjon

Nortura har no sett i gang ein aksjon for å redusere lammetapet.

–Veldig mange lam døyr fordi dei ikkje får den råmjølka dei treng. Ved å ha fokus på lamma rett etter fødsel kan vi kanskje få ned tapa, seier rådgjevar Jan Aarskog i Nortura.

Emneord
Les også