NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

VIL DYRKE: Til sommaren vil Øksnevad vidaregåande skule på Jæren gjere forsøk med utandørs druedyrking. Rektor Rune Haaland (t.v.) har god tru på prosjektet. Her saman med gartnar på skulen, Kåre Egeland.

VIL DYRKE: Til sommaren vil Øksnevad vidaregåande skule på Jæren gjere forsøk med utandørs druedyrking. Rektor Rune Haaland (t.v.) har god tru på prosjektet. Her saman med gartnar på skulen, Kåre Egeland.

08.01.2008landbruk

Jæren på druen

Klimaendringane gjer uteproduksjon av druer stadig meir aktuelt her i landet.

Bjarne Bekkeheien Aase

bjarne.aase@nationen.no

Stigande temperaturar gjer at druerankene kryp stadig lenger nordover i Europa, og nå kan druedyrking bli ein del av jordbruks- og gartnarutdanninga på Jæren.

- Gode sjansar

Øksnevad vidaregåande skule i Klepp kommune vil setje ut eit større felt med drueplanter som eit prøveprosjekt på skulens eigedom.

– Vi har sett oss ut ein lun og solrik stad som ligg i sørvest-hellinga. Eg trur vi har gode sjansar for å lukkast, og kanskje kan dette bli ein nisje som landbruket i delar landet kan satse på, seier rektor ved skulen, Rune Haaland.

Få dyrker i dag

Dyrking av druer utandørs er det svært få som driv med her i landet, men både Haaland og andre drueentusiastar som Nationen har vore i kontakt med ser på druer som ei mogleg vekstgrein i framtida. Utviklinga av nye drueplantar som tåler lågare vintertemperatur er ein av årsakene til at det nå er fullt mogleg å dyrke druer i sørlege strøk her i landet.

– Røtene til desse nye plantane tek ikkje skade sjølv om det blir mange minusgrader om vinteren. Dette kombinert med tidlegare modning gjer dyrking aktuelt også her i landet, seier Haaland.

Klarsignal

På eit leiarmøte på Øksnevad vidaregåande skule i går vart det gitt klarsignal til å satse på druedyrking, og bestillinga på rundt 100 drueplantar vil bli sendt ut dei første dagane. Druedyrkinga vil kunne bli ein del av både agronom- og anleggsgartnar-utdanninga på skulen, som har naturbruk som programområde.

Druene skal etter planen ikkje sprøytast. Sidan det også berre skal brukast naturgjødsel i produksjonen, blir druene eit reint økologisk produkt. Prøveprosjektet kan delvis finansierast gjennom EU-støtte. Det er også oppretta kontakt med ein skule i Tyskland, og resultatet kan bli utveksling av elevar mellom landa med druedyrking som utgangspunkt.

Kan brukast til vin

Skulen tek ikkje berre sikte på å dyrke fram druene, men vidareforedling er også høgst aktuelt. Haaland viser til at dei vil plante druer som vil vere veleigna til både eting og saft- og vinproduksjon.

– Skal gjødselkjellaren gjerast om til vinkjellar nå?

– He he, ja det spørst om det ikkje ender opp med det. Foredling av saft er iallfall veldig aktuelt, men vi får ta ein ting om gongen, seier han.

Haaland viser til at varmare klima gir stadig betre drueavlingar i til dømes Tyskland, og han trur druedyrking kan bli noko å satse på også i dei mest klimagunstige områda her i landet.

– Aukande interesse

Ein av dei som merkar aukande interesse for å starte med druedyrking her i landet er Arild Syversen (65) i Asker. Han formidlar drueplantar og har hatt druer som hobby i mange år.

– Interessa for druer er absolutt stigande, og klimaendringar kan nok ha effekt her, seier Syversen og fortel at vinprodusentar i Sør-Europa må ta i bruk nye plantesortar for å takle klimaendringane, samtidig som nye areal i nord blir drivverdige.

Han prøvde sjølv for første gong å selje eit mindre kvantum eigenproduserte druer i butikk i haust, og det vart ein suksess.

– Kundane vil ha kortreist mat, så druer kan vere noko for framtida, seier Syversen.



Publisert tirsdag 08.01.2008 kl. 11:56 (sist endret tirsdag 08.01.2008 kl. 11:56)
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative