Norske geiter skal kryssast med franske. Det gir mørkare geiter og betre geitost.
Første etappe har bestått i å inseminere norske geiter med geiterasen fransk Alpin.
I desse dagar har geitebonde Tor Lie og faren Lars Lie travle dagar med å ta unna om lag 50 nye kje per dag.
Toppen nådd
Då Nationen vitja garden, meinte Lars Lie at toppen var nådd. Til saman ventar dei rundt 400 kje. På garden til Tor Lie, vart 78 årsgeiter, av til saman rundt 280, inseminert med den franske rasen.
- Seminteknikar Svein Overvoll har foretatt insemineringa, og har hatt tilslag på 80-90 prosent. Eg trur hans dyktigheit har vore avgjerande, rosar Lie.
Tok initiativ
- Sunnylven Bukkering tok initiativet til å starte forsøk på å krysse franske bukkar med norske geiter, seier Tor Lie. Prosjektet med kryssinga er eit samarbeid mellom Tine Vest , Norsk Sau og Geit (NSG) og Sunnylven Bukkering.
Halvkrysningane som i desse dagar blir kjea, er synleg mørkare i pelsen og har for det meste svarte bein. I motsetnad til dei heilnorske kjea, som for det meste er kvite.
- Meir robuste
- Dei som er kryssa har heilt klart ein hjortefarge, tykkjer Lars Lie. Den nye halvrasen på garden er også noko tyngre, og det trur Tor Lie er ein fordel.
- Dei større geitene er gjerne meir robuste og produserar meir mjølk, seier Tor Lie.
Meir import
Sjølv om utsjånaden er ulik, er Tor Lie mest interessert i å sjå om resultata på geitemjølka blir som venta. Det får dei ikkje vite før om eitt års tid når analysane frå mjølka blir klare.
- Vi ser ein stadig auka import av ost, og dette er eit forsøk på å betre ysteeigenskapen til den norske geitemjølka. Skal vi klare å konkurrere, må vi ha minst like godt produkt, seier Tor Lie.
Han meiner at dette initiativet som Sunnylven Bukkering starta «i kulissane» med for eitt års tid sidan er eit bevis på at bøndene grip fatt i situasjonen.
- Viser stor interesse
Meierisjef i Tine Vest, Bente Reklev, fortel at innkryssingsforsøket med fransk Alpin vart sett i gong etter ønskje om eit betre, og meir stabilt råstoff til sluttproduktet, som er ost.
- Årsaka til at Sunnylven Bukkering vart valt til forsøket, er fordi dei viser stor interesse for produksjon, produkt og kvalitet, seier ho, og legg til at Tine ikkje har andre forsøk av denne art på gong per i dag.
- Geitemjølka frå Sunnylven Bukkering går i dag mellom anna til produksjon av Snøfrisk-produkt, seier ho.
Klar i 2009
Innkryssingsforsøket er særskilt retta mot Snøfrisk Hvitost, som er i handelen i dag, men med ønskje om å betre kvaliteten innan eit par år.
- Truleg kan geitemjølka frå dette forsøket brukast og seljast i løpet av to år, seier Reklev, som vil gjennomføre dei første analysane i 2009. Dyra blir følgt opp i to år frå første laktasjonsperiode.







