Medan pelsdyrnæringa går så det susar, lovar Dyrevernbeskyttelsen og Noah nye protest-aksjonar i løpet av hausten og vinteren.

07.08.2007 07:27
Nationen skreiv i går at produksjonen av mink ser ut til å auke med nær 20 prosent i år. Dette samstundes som landets største minkfarm nylig opna i Hå kommune på Jæren.

For to år sidan samla dyrevernorganisasjonane Dyrebeskyttelsen og Noah 7500 underskrifter mot minkfarmplanane i Hå. Det gav lite resultat.

- Når farmen no står der, ser de dette som eit tapt slag?

- Eg ser dette først og fremst som nok eit prov på at politikarane handlar i utakt med folkemeininga, svarar pressetalskvinne Siri Martinsen i Noah.



Antipelslobby


Dyrebeskyttelsen og Noah vil no mobilisere sine til saman nær 10.000 medlemer for å få eit totalforbod mot oppdrett av pelsdyr.

- Det viktigaste for oss er å arbeide inn mot dei politiske styresmaktene. Det er vanskeleg nok når landbruksministaren kjem frå Senterpartiet. Sabotasjeaksjonar tek me avstand frå, forsikrar Martinsen.

- Kan minkfarmen i Hå kjenne seg trygg?

- Me har ikkje planar om konkrete aksjonar der. Men me vil følgje med. Store einingar og eit hyperindustrialisert landbruk gir erfaringsmessig verre vilkår for dyra. Den gigantiske minkfarmen på Jæren er berre tragisk, meiner Martinsen.

Dyrebeskyttelsen, som er den største av dei to dyrevernorganisasjonane, tek òg avstand frå all form for sabotasje.

- Me satsar på informasjon og lobby. Målet er reglar som gjer det vanskelegare og til slutt umogeleg å drive med pelsdyr i Noreg, seier pressekontakt Odd Harald Eidsmo.

Strenge krav


Informasjonssjef Arild Martinsen i Norges Pelsdyralslag forsvarar seg med at pelsdyr-oppdrett er ei lovleg næring.

- Me er opptekne av dyre-velferd. Innan utgongen av 2008 har alle oppdrettarar retta seg etter nye krav til mellom anna auka minstemål på bura. Reglane her i landet er langt strengare enn dei til dømes Europarådet har tilrådd, fortel Martinsen.

Men dette er ikkje nok til forsoning med dyrevernorganisasjonane.

- Det er ei hån å kalle dette dyreveldferd. Ein centimeter her og ein centimeter der inne i bura endrar ingenting, meiner Siri Martinsen i Noah.

Jobb å gjere i Kina


Til no er det den lyssky grupperinga Dyrenes frigjøringsfront som har tatt dei kraftigaste verkemidla i bruk mot pelsdyrnæringa. I Hå slo dei i fjor til med spraymåling der Dyrebeskyttelsen og Noah nøydde seg med underskriftslister.

- Når pelsdyrnæringa no gjer det bra;har aksjonsformene til dyrevernarane verka mot si hensikt?

- Som sagt;sabotasje tek me avstand frå. Generelt har me fått bra gjennomslag for synet vårt om å forby pelsdyr-oppdrett. Saka vår møter mykje sympati ute hjå folk, og fleire store kleskjeder har blitt skeptiske til pels, argumenterer Eidsmo i Dyrebeskyttelsen.

Pelssuksessen trur han eine og åleine skuldast den økonomiske veksten i Asia, og i Kina spesielt.

- I Kina er diverre ikkje dyrevernomgrepet like kjent som hjå oss. Men dyrevernet er på frammarsj der òg, påstår Eidsmo.

Emneord
Les også