Eigedomsreglar
Omsetninga av landbrukseigedom er regulert av konsesjonsloven og jordlova. Målet er eit «effektivt vern om landbrukets produksjonsarealer» og sikre eigarforhold som «er mest gagnlige for samfunnet».
Venstre sikrar regjeringa fleirtal til å heve arealgrensa for konsesjon, buplikt og odel frå 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord til 35 dekar og oppheve priskontrollen på reine skogeigedommar.
Forslaget om fritak for konsesjon for kjøp av tilstøytande eigedommar får ikkje fleirtal.
Med 35 mål som grense vil 6 av 10 landbrukseigedommar ha fritak frå buplikt og odel.