Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

15 av 28 kommunar fekk arealplan-medhald

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gav kommunane medhald i 15 av 28 saker der statlege organ, fylkeskommunar, Sametinget eller ein nabokommune hadde levert motsegn mot ein kommunal arealplan.

Medhald: Regjeringa, her med statsminister Erna Solberg (H) og Jan Tore Sanner (H) i spissen, gir kommunane oftare medhald i stridssaker om arealplanar. Foto: Bjørn S. Kristiansen

Berre i seks av sakene vart motsegna tatt til følgje, mens departementet i sju saker kom fram til ei mellomløysing.

Les også: Regjeringa seier ja til utbygging der Hareide sa nei

Departementet konstaterer i ei pressemelding at Solberg-regjeringa i langt større grad enn regjeringa før har gitt kommunane medhald i desse sakene.

Annonse

Les også: Regjeringa seier oftare ja til bygging på matjord

Under Solberg-regjeringa har kommunane fått medhald i vel halvparten av sakene, mot under ein firedel mens dei raudgrøne sat ved makta.

Neste artikkel

Rovviltnemnder ut mot Elvestuen