- Og dette er ei kjærestebok, seier bibliotekaren. Æsj, kjem det unisont frå guterekkja. Men når lån av boka skal avtalast, står det òg gutenamn på lista.
På ein bokprat snakkar bibliotekar Ellen Vibeke Nygjelten om tre ulike bøker, og les utdrag frå boka. Håpet er å freiste elevane til å lese.
- Eg må leggje opp bokpraten etter klassen, seier bibliotekar.
Sjetteklassen på Tolga skule er gutedominert.
- Dei les gjerne, men vel helst spenningsbøker eller grøssarar, har bibliotekaren erfart.
I femteklassen er det jamnare fordeling mellom jenter og gutar, og klassen er veldig interessert i bøker, seier bibliotekaren.
- Alderen på ungane er viktig, men sjela i klassen endå viktigare.
«Lesekvarten»
Elevane på Tolga skole har det dei kallar lesekvarten fleire dagar i veka. Der er eit kvarter av skoletida avsett til å lese. Alle skal lese, anten det er snakk om skjønnlitteratur eller faktabøker. Enkelte får også lese teikneseriar. Hovudsaka er at det blir lese.
I store og små grupper pilar elevane over plassen frå skulen, spør bibliotekaren «om det har kome noko til meg» og finn seg ein plass inst i biblioteklokala.
Tolga bibliotek er skolebibliotek to dagar i veka, så då kan bibliotekar Ellen Vibeke konsentrere seg om dei yngre lånarane.
- Her står det 10-12, seier bibliotekaren, og held opp boka «Jeg er genial» av Bjørn Ingvaldsen.
- Ikkje bry dykk om det, seier ho til elevane.
Det er meininga at tala skal vise kva aldersgruppe boka er meint for, men i praksis viser det seg at bøkene passar minst like bra for litt eldre barn, meiner bibliotekaren.
- Unganes meining viktig
Ho siterer ein bokmeldar som om denne boka skreiv at om nokon måtte lese ei bok, burde det vere denne, og så les ho eit utdrag frå boka.
- Kven vil låne denne boka?
Hendene går i veret, og det må lottrekking til for å avgjere kven som skal få stå først i lånekøen.
- Neste bok er litt Phenomena-aktig, seier bibliotekaren og får full merksemd frå forsamlinga.
Ho held opp Anne-Berit Aspås si bok «Fjellåndenes rike».
Men beskrivinga av at helten er ei stor og modig jente, vekker tilsynelatande mindre begeistring blant den mannlege delen av forsamlinga.
- Kva er utfordringa med å vere bibliotekar for såpass unge lesarar?
- Dei er veldig opptekne av kva eg meiner om boka, seier Ellen Vibeke.
Då gir ho tilbakemeldingar basert på det ho sjølv har lese og det andre har sagt om boka.
Det er også store skilnader i kor flinke ungar i denne alderen er til å lese. Ei for tjukk og vanskeleg bok til nokon som slit med å lese, kan vere øydeleggjande for leseinteressa, samstundes er det andre som mister interessa når boka blir for tynn og lettlest.
- Den beste indikasjonen på kor god ei bok er, er kva ungane seier til kvarandre om boka, meiner bibliotekaren.
Vil ha seriar
Mange av dei unge bibliotekbrukarane nemner serien «Dragonball», japanske teikneseriar, som ein av favorittane.
- Dei såg så svarte og dystre ut, eg trudde dei var dårlege, heilt til eg las dei, seier bibliotekaren.
At mange bøker skrivne for deira aldersgruppe kjem i seriar er tydeleg, eit av dei første spørsmåla når bibliotekaren presenterer ei ny bok er om den er ein del av ein serie.
Mange av lesarane har god kunnskap.
Når bibliotekaren held opp boka «Tause skrik» av Arne Svingen, kjem det spontant frå rekkja:
- Er det ikkje han som har skrive «Flekken»? Han har skikkeleg god humor.












