Det var i går at Magnar Sundt i Landslaget for Spelemenn fortalte at dei no kalla inn til eit møte for å realisere ei ny, alternativ spelemannprisutdeling. Dette i protest mot måten folkemusikken vert behandla på i den tradisjonelle Spelemannprisutdelinga. Sundt meiner det toppa seg under utdelinga sist vinter, då folkemusikk og andre smale sjangrar ikkje vart med i fjernsynsoverføringa frå utdelinga og publikum i salen vart oppmoda om å strekkje på beina medan “dei smale”fekk utdelt premiane sine på scena.
–I fjor vart det gjort ein glipp under sendinga, og eg skjønnar at folk vart skuffa, vedgår Reitan.
–Det vart annonsert ein slags pause før utdelinga av nokre av prisane. Det er no evaluert, og ein slik glipp vil ikkje skje igjen.
Reitan understrekar at for spellemannkomiteen er alle prisane like viktige, og at det blir lagt ned like mykje arbeid i å finne fram til rett vinnar i alle klassar.
Tett samarbeid
Det er TV2 som skal overføre utdelinga av prisane for 2003 også.Reitan fortel at det er eit tett samarbeid mellom komiteen og fjernsynsfolka.
–Men i eit fjernsynsshow med avgrensa sendetid må det gjerast redaksjonelle vurderingar for å fylle, og då vil nokre utdelingar måtte gå i opptak. Og dersom nokre musikksjangrar stiller krav om å bli prioritert, vil det måtte gå ut over dei andre.
–Ser du for deg at ein av pop-klassane blir nedprioritert i fjernsynssendinga?
–Nei, eg gjer vel ikkje det.
–Kva seier du til folkemusikkfolket?
–Eg håpar dei sender inn fonogramma sine til årets konkurranse og blir med og løftar fram Spellemannprisen som den eine, store bransjeprisen i norsk musikk.
17 klassar
Spellemannprisen for 2003 blir delt ut i 17 klassar. Kvinneleg popsolist, mannleg popsolist, popgruppe, elektronika, rock, Blues/country, metal, hip-hop, folkemusikk/gammaldans, danseorkester, jazz, klassisk musikk, samtidsmusikk, viser, open klasse (inkludert etnisk musikk), barneplater, musikkvideo. I tillegg bli det delt ut ein pris for beste nykomar, beste spelemann og beste låt i 2003.Fristen for å sende inn plater til konkurransen er 7. november, for plater som blir gitt ut i november er fristen den 28. Sjølve utdelinga vil skje i Oslo 28. februar.
