NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

05.03.2010kultur

Folk vil ha spesielle etternamn

Namnet skjemmer ingen. Tvert i mot, viser ny masteroppgåve frå Universitetet i Oslo.

Tenk deg at du heiter Anne og at far din heiter Knut. Du kjem frå ein stad der som ingen skulle tru at nokon kunne bu: Uren, luren, himmelturen, Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.

Kva namn ville du helst hatt som etternamn?

Uren? Steinrøys? Eller kanskje Sveltihel?

I alle fall ikkje Knutsen.

Ifølgje Solveig Wikstrøm, som nyleg tok mastergrad i nordisk, betyr ikkje etternamnet til folk det same som før.

No er det er langt viktigare å ha eit namn som gjer deg spesiell, heller enn kva namnet betyr.

I Noreg er det svært vanleg å ha eit gards- eller stadnamn som etternamn. Og dei fleste av dei spurte har ein tilknyting til staden namnet kjem frå, anten gjennom foreldre eller at ein sjølv kjem derfrå.

Men under halvparten av dei spurde synest det er viktig kva namnet betyr. Heller ikkje tilknytinga til staden namnet er henta frå, spelar stor rolle for fleire enn halvparten.

Likevel er etternamnet viktig. Det som betyr mykje er at namnet bekreftar eins identitet:

– Etternamnet må gjerne skilje seg ut frå andre, og det må gjerne vere spesielt, seier Wikstrøm, som presiserer at undersøkinga er utført blant Oslo-folk.

– Nordmenn er tradisjonelt opptekne av heimstad, men i det postmoderne samfunnet er også etternamnet, som fornamnet, blitt eit personnamn som seier noko om individet, seier Wikstrøm.

Det som kanskje overraska Wikstrøm mest var kor lite opptekne folk var av kva etternamnet betydde. Ein som hette Bakken hadde ikkje tenkt over at namnet betyr ein bakke.

– I 2010 søkjer folk etter røter. Før hadde dei røtene rundt seg, men no når mange har flytta på seg, blir dei viktige på ein annan måte, seier Wikstrøm.

For hundre år sidan ville Anne Knutsdotter neppe ha valt Steinrøys som etternamn, om ho då hadde hatt eit val.

No gir det status å skilje seg ut, også med det som tradisjonelt har vore eit lavstatus-namn. Om namnet stammar frå ein husmannsplass, så, ja, då er det nesten litt kult.

Wikstrøm viser til ei kvinne på 76 som deltok i undersøkinga. Ho har hatt eit sen-namn heile livet, men ville heller brukt namnet på husmannsplassen der bestefaren kom frå – eit namn som frå forskarhald tidlegare vart rekna som eit «nedsetjande namn», som Jammerdal eller Sveltihel er andre eksempel på.

– Namn som før kunne verke stigmatiserande, er no gangbare og spanande. Det kan òg vise at ein har slått seg opp.

Slik var det ikkje før. I byen skulle ein gjerne ha embetsmannsnamn som Meyer, Schrøder, Bull og Wessel. På bygda gav det status å komme frå ein storgard. Den største garden var gjerne den eldste i bygda. Ei rekkje forskarar har arbeidd med samanhengen mellom alder og namn.

Heiter garden Ås, Berg eller Haug er vi langt tilbake i tid, med dei eldste gardsbruka.

Noko nyare er namna i bestemt form, som Haugen eller Bakken, mens Skodvin og Skøyen høyrer til ei eldre namnegruppe som blir kalla vin-gardane. Rud-gardane er dei yngste av gardane som kom før reformasjonen. Men det har blitt rydda mange garder etter det – noko mange av dei samansette gardsnamna vitnar om.

– Ein gard som heiter Myrullbråten ligg ikkje tett attmed kyrkja, seier Wikstrøm.

Det særeigne med Noreg er at heile 70 prosent har gards- eller stadnamn som etternamn.

– Det er neppe andre kulturar som har så mange etternamn av stadnamn som den norske. Svenskane og danskane brukar sjeldan gardsnamn som etternamn. Naturen har gjort det slik at ein må ha mange einskapar. Det nye er at tilhøve mellom stad og namn har endra seg, seier Wikstrøm som legg til at ei undersøking gjort blant Nationen-lesarane kunne ha gitt eit anna resultat.

– Og etternamnet ditt? Ikkje heilt rotnorsk, kanskje?

– Det er eit svensk etternamn. Tippoldefaren min utvandra til Noreg. Sjølv har eg vakse opp i Mo i Rana og stod litt utanfor på namnefronten, kanskje er det difor eg syntest det var spanande å studere dette.



Publisert fredag 05.03.2010 kl. 11:55 (sist endret fredag 05.03.2010 kl. 11:55)
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative