Skuleelevar i nynorskområde forlet nynorsk som hovudmål når dei sjølve får bestemme.

27.11.2009 05:00
Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd.

For fyrste gong er det gjennomført ei omfattande undersøking av kvifor så mange skuleelevar skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål.

Gjennom pilotprosjektet Målstreken har Valdres Mållag, med støtte frå Noregs Mållag, spurt 414 elevar i regionen om språkhaldningar og språkskifte.

Resultata viser mellom anna at:

  • 75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.
  • Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd: 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.
  • «Innflyttarforeldre» er ik-kje årsaka til språkskiftet: 72 prosent av dei som har begge foreldra frå Valdres, skiftar frå nynorsk til bokmål.
Les heile rapporten om språkskifte i Valdres

Mange av skiftarane synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Andre viser til at «bokmål er overalt og kan brukast overalt».

– Det er ikkje sjokkerande svar, men det var ein vekkar å få det talfesta, seier prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus.

Ho er også norsklærar ved Valdres vidaregåande skule, og kjenner godt til straumen mot bokmål. Ho meiner det er eit viktig signal at elevane sjølv peiker på at samfunnet ikkje framstår som tospråkleg.

Les også:

Krever nynorsk for innvandrere


– Når nynorsk er så godt som usynleg i offentlege kana-lar, oppfattar ungdom det raskt. Då blir det å velje ny-norsk eit veldig markert val. Det er slitsamt for elevane å stå i ein språkkamp. Spørsmålet er om dei er tilstrekkeleg opplyste om konsekvensane av å velje det vekk. Undersøkinga viser at vi må starte praten om språkval tidlegare, og vi må ta med signala frå ungdommane inn i språkdebatten.

– Ungdommane sjølv opplev ikkje nynorsk som relevant. Kva er dei faktiske fordelane med å meistre begge målformer?

– Dei som held fram med nynorsk som hovudmål, blir tospråklege. Det å meistre nynorsk kan vere ein yrkesfordel. Aller størst i offentleg sektor, der dei tek språklova på alvor. Vel så viktig er identitetsaspektet. Når ein skal finne ut kven ein er og kvar ein står, er språket viktig, meiner Kvåle Garthus.

Interessante funn

Nynorskelevar finst i 40 prosent av alle kommunane i landet, med ein klar konsent-rasjon i nynorskkommunane på Vestlandet, Sørlandet, Telemark og Oppland. Talet på nynorskelevar i grunnskulen gått ned frå 17 prosent i 1990 til 15 prosent i 2000 og 13 prosent i 2008 på landsbasis. Fråfallet har vore noko større i Oppland, Buskerud og Telemark.

Les også:
Stord er best på nynorsk


– Overgangen i Valdres er større enn vi har sett andre stader, og den kjem tidlegare enn venta. På landsplan er det svært få som skiftar målform i overgangen frå barneskule til ungdomsskule, seier Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.

Ynskjer nasjonal oversikt

– Kunnskapen vi har fått gjennom prosjektet er heilt avgjerande når vi skal legge til rette for at folk kan få bruke språket sitt, både i skule og arbeidsliv Det er nær ei katastrofe for nynorsken at så mange skiftar til bokmål. Vi veit no at det skjer i delar av landet. Di meir vi veit, di meir må vi jobbe for å motverke målbyte, seier Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mål-lag.

Han ynskjer ei nasjonal oversikt. Undersøkinga frå Valdres er fyrste gong ein grundig inn for å sjå på kvifor ungdom skiftar målform.

Kva seier ungdommane sjølv? Les meier i Nationens pdf-avis eller i papirutgåve fredag 27. november.

Emneord
Les også