Departementsråd Per Harald Grue i Landbruks- og matdepartementet fekk fredag si avskjedsmottaking etter 24 år i departementet. Samtidig kom hans festskrift, der nære og fjerne frå politikk, samfunnsliv og næring gir sine bidrag til skriftet som er redigert av Andreas Hompland.
Reidar Almås skriv at Grues særeigne gjevnad var å kunne både politikk og forvalting til fingerspissane. Det vart også hans varemerke.
«Den sjeldne legeringa av politikar og administrator er med på å forklare kvifor alle stormløp mot norsk landbrukspolitikk enda i vollgravene rundt Landbruks- og matdepartementet. Der ligg alle som prøvde å forme norsk landbrukspolitikk utan å gå gjennom Per Harald Grue».
Journalist
Bokar er laga på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, ansvarleg redaktør er Andreas Hompland.
–Kva forhold hadde du til Per Harald Grue før du byrja arbeidet med festskriftet?
–Eg jobba som politisk journalist på 70-talet, då landbrukspolitikken var ein del av politikken og alle politiske journalistar sat på gangen og venta medan landbruksforhandlingane føregjekk. Seinare har eg som forskar følgd han ut frå interesse for bygdepolitikk og regionalpolitikk som eg har forska på.
Hompland har henta inn Reidar Almås til å leggje det faglege grunnlaget, han har skrive om norsk landbrukspolitikk i Grue si tid. Bidrege har også mellom anna Bjørn Skogstad Aamo, Håvard Teigen og Ottar Brox.
–Alle dei eg spurte, i det godt utvida landbrukssegmentet, i forvalting, departement og politikk, og også akademisk sa begeistra ja til å vere med. Både til å markere og til å uttrykke seg om, seier Hompland.
Ikkje tittel
Anne Kari Lande Hasle er departementsråd i Helse- og omsorgsdepartementet og har vore i departementsverda eit år meir enn Grue.
Stillinga hans beskriv ho ved å sitere møtet med ein mann som arbeider i Landbruksdepartementet. På spørsmål om kor lenge han hadde arbeidd der svara han: «Ja, eg har vore i Landbruksdepartementet så lenge at eg er ein av dei få som veit at Grue er eit namn og ikkje ein tittel.»
Normann Aanesland, professor i landbruksøkonomi ved Universitetet for miljø og biovitenskap, var tidlegare kollega med Grue på Norges Landbrukshøgskole. Intervjua av Andreas Hompland, seier Aanesland dette om Grue si karriere:
- Han vende seg bort frå miljøet i Ås og nærma seg Bondelaget, som ikkje var våre beste venner. Det forbausa oss i grunnen at han har vore så god til å tilpasse seg skiftande politiske regime, for han var veldig egen og firkanta.
–Kunne han ha gått til politikken og ikkje til forvaltinga, spør Hompland Aanesland.
–Eg trur ikkje han hadde nokon sjanse som folkevald bondepolitikar. Han har ingen forståingar for den norske bondens grunnleggande sjølvstendigheit. Han er herredsagronom-son og ser bøndene med augene til ein landbrukssjef som veit best kva som er godt for bøndene.
–Eg trur Grue har vore heldig med tidspunktet både for sin inngang og sin avgang, seier Normann Aanesland.
Han kom inn i det på 70-talet, då masse kort skulle leggjast i norsk landbruk, det var opptrappingsvedtak, grøn bølgje og mange milliardar.
Sosial intelligens
Han går ut i ei tid der den neste landbruksministeren kan vere frå Framstegspartiet og det ventar nye WTO-forhandlingar som kan snu heilt om på rammene for norsk landbrukspolitikk.
Studiekamerater frå Ås beskriv han på denne måten: «Han mangla sosial intelligens, men var god i kombinasjonen fag og studentliv».
Irene Nilsen har følgt Per Harald Grue som sekretær i 25 år.
–Eg kan ikkje minnast at han var borte på grunn av sjukdom ein einaste dag. Han stiller alltid, sjølv om han hanglar litt.
Grue har ikkje utmerka seg med å vere teknisk oppdatert på eigne vegne. Men under eit opphald i USA fekk han både ny mobil og PC.
–Ettersom han ikkje hadde kontorhjelp der, måtte han klare seg på eiga hand. Det fiksa han, sjølv om han ikkje er heilt praktisk anlagt. Men han ønska seg motorsag og vernedress til 50-årsdagen, og eg har ikkje høyrt at han har skada seg, seier sekretæren som beskriv sjefen - Grue - som «tidleg gammal, men er blitt yngre med åra».
Mange seier at dei er forundra over i kor stor grad Grue har greidd å tilpasse seg og etablere nye landbrukspolitiske regime. Kan hende har han sett det som naudsynt, eller så har han forstått at det ikkje nyttar å gå på tvert av brottsjøar.
Denne boka beskriv det. Det som i norsk landbruk kjem til å bli omtalt som «I Grues tid».
«Den som snur seglet etter vinden når dit han skal», skriv Reidar Almås om Per Harald Grue.
30.01.2009 16:56
