Det er mangfaldet som rår i norsk barne- og ungdomslitteratur for tida.
Om ein lurer på tendensar og trendar og slike ting – om ein vil vite om det er fantasy eller realisme, om det er dikt eller romanar, noveller eller biletbøker. Det er alt saman!
– Berre innan kvar sjanger er skrivemåten heilt forskjellig, med mange variantar, seier spesialrådgivar Karin Beate Vold og blir følgt opp av forfatter Per Olav Kaldestad:
– I ungdomsbokfeltet er det til dømes ein veldig vitalitet.
Aristoteles
Karin Beate Vold er spesialrådgivar ved Norsk barnebokinstitutt. Ho og forfattar Per Olav Kaldestad står bak «Drivkrafta bak teksten» med undertittel «Bidrag til ein norsk barnebokpoetikk».
– Men kva er no eigentleg poetikk?
– Læra om diktekunsten. Det var Aristoteles som bringa det heile på bane. Aristoteles formulerer ein generell teori om diktekunsten og dei ulike sjangrane, og Horats utviklar seinare eit kunstnarleg program med utgangspunkt i dette, seier Kaldestad.
I «Drivkrafta bak teksten» blir vi såleis kjent med ei rekkje norske barne- og ungdomsbokforfattarar – og deira program. Sjølv om program er eit litt for strengt ord. Ein kan heller seie det er ei rekkje essay og refleksjonar over det å skrive for barn og unge.
Felles
Alle bidraga har tidlegare stått på trykk i Årboka Litteratur for barn og unge mellom 1998 og 2008, og det er først no vi får eit samla innblikk i kva forfattarane tenker bak det dei skriv, kva som er drivkrafta bak teksten.
– Og kva kan ein seie at det er?
– Det som slår ein er eit alvor, for mange betyr det å gå tilbake i barndommen og få kontakt med noko der. Nyleg avdøde Tormod Haugen har sagt det, våge å møte hjelpeløysa. Det handlar ikkje om å vere den store som veit korleis ting er, men slik mange seier det: Skrive den boka ein gjerne skulle ha lese sjølv.
Ærlegdom
Rønnaug Kleiva framstiller born som ofte ikkje har det så greitt, men dei greier seg. For Rune Belsvik handlar det om ærlegdom og det ekte. Bjørn Ingvaldsen seier i teksten «Drivkraft» – som også har gitt tittel til boka: «Egentlig er kanskje den viktigste kraften i det jeg gjør et ønske om at noen skal like meg.»
– På det beste får ein vel kontakt med ein puls bak alle tekstane bak alle ryggane. Ein puls som på eit vis går utanpå eller bakom all tekstanalyse og vurdering. For ikkje å snakke om at ein møter eit alvor, ein dedikasjon overfor skrifta, overfor tilnærminga til den barnelitterære teksten, seier Vold.
Publisert fredag 24.10.2008 kl. 01:00 (sist endret fredag 24.10.2008 kl. 01:00)
