22.10.2008 14:00
Anmeldelse av Reidun Elise Foldøys «Ein stad å møtast», Aschehoug

For eit drøyt år sidan vann Reidun Elise Foldøy si novelle «Den store dagen»novellekonkurransen tidsskriftet Vinduet arrangerte i høve 60-årsjubileet sitt. Dei ti beste bidraga i konkurransen vart trykte i eit lite hefte, og det var nok andre noveller der som var betre enn Foldøy si.

Men no kjem Foldøy med ei heil novellesamling der vinnarnovella vel er meint å vere eit slags høgdepunkt.

Foldøy tek eit Levi Henriksen-grep om tekstmaterialet sitt og legg handlinga i dei fleste novellene til same fiktive bygd;Inndalsvik på Vestlandet. Og her finn vi Sveinung, Marita, Fredrik, Knut, Berit og Eva med fleire –folk som har kjent kvarandre lenge, og som i løpet av novellesamlinga blir vikla inn i kvarandre på nye og for dei uventa vis. Likevel er det vel ikkje dei mest hårreisande tinga som skjer her: Ein gjensynsfest på samfunnshuset endar i utruskap, kunstnaren frå Paris drøymer om eit idyllisk bygdeliv med kona til kameraten, og brura i «Den store dagen»vil ikkje ha brudgommen ved alteret.

Eigentleg kunne ein kalle desse tekstene situasjonar, ikkje noveller. Den vesle dirringa som skal liggje under overflata i ei novelle, og det som er rart, pussig eller annleis, er ikkje eigentleg det dominerande. Det er to grunnar til det: Anten er det som skjer, skildra veldig konkret og rett på sak, eller så peiker dei ymta og hinta som vert nytta, på ganske daglegdagse hendingar. Ein dreven fotograf veit at det ein ser og synest er vakkert eller spanande utanfor kameralinsa, ikkje treng vere det når ein ser det gjennom kameraet. Og omvendt. Slik er det óg i litteraturen, og Foldøy har ikkje det litterære blikket heilt på plass enno. Ho har heller ikkje det språklege grepet som gjer konkrete og hendingar til kunst. Om ein skal skrive om så daglegdagse og alminnelege situasjonar som det som blir gjort her, til dømes eit utdrikkingslag, ei kvinne som er lei av å stelle heime, ei einsam åleinemor hjå fysioterapeuten eller deltakarar med ulike lagnader på den omtala gjensynsfesten, så må ein gjere det slik at det utfordrar lesaren. Eg forventar noko meir av noveller. Boka vågar tematisk sett for lite.

Men det finst óg augneblinkar der det er noko som fungerer her. Novella «Avskjed»greier å fange det tvetydige i ein relasjon. Teksten har ei spent, fin stemning og ein sitrande slutt.

I den siste novella, «Køben», er forfattaren litt dristigare enn i dei andre novellene både i teikninga av hovudpersonen Charlotte og i kva som skjer i novella. Hadde dette vore opninga, kunne vore meir interessant, noko som festa seg. Men Foldøy har framleis mykje å gå på når det kjem til å vera dristig både i karakterteikingar, språkføring og handling. Særleg med ein annan novelledebutant frå i haust friskt i minnet, nemleg Kristian Klausen, blir dette tydeleg.

Tittelen på sjølve samlinga er fin og open, og han inviterer lesaren inn i tekstuniverset. Titlane på novellene er eg mindre begeistra for. «Fortruleg», «Avskjed», «Siste dans»og «Haust ved Seinen»er ikkje fantasifulle vendingar.

Emneord
Les også