Laurdag gjennomførte Lindesnes Trekkspillklubb ein lystig demonstrasjon for å ta oppgjer med "Oslo-snobberiet".

16.03.2008 17:05
Førebels har dei fått tilbod om å spela på taket av Operaen under folkefesten den 2. april.

–Vel og bra, men ikkje nok. Vi skal rive ned det kunstige skiljet mellom Oslo-snobberiet og den folkelege norske kulturen ein gong for alle. Dette huset tilhøyrer heile det norske folk. Det er skattekronene våre alt saman. Vi vil inn og spela vi også, seier dagleg leiar i trekkspelklubben, Rolf ”Atti”Eikaas.

Det er nemleg ikkje berre trekkspel dei har med seg på den 6 timar lange bussturen frå Kristiansand.

Tenor og toradarspelemann Thomas Stanghelle har tilført klubben det opera-alibiet dei treng, meiner dei.

Les også:
Fleire vil gå i ny opera


Strandhogget på den kunstmusikalske høgborga i Bjørvika er godt førebudd.

- Vi har visst ikkje vore fine nok for Trond Giske og Bjørn Simensen (operasjefen –red.merknad), seier Eikaas.

–Vi er ikkje med i vennekretsen i Oslo som vi irriterer oss over både heime i Sør-Audnedal og alle andre stader i landet. Men berre vent ! Vi har fått den mest moderne konsertsalen i Nord-Europa. Sjølvsagt skal vi spela der.

Trekkspelopera

Operasongar Thomas Stanghelle komponerer no det som skal bli verdas første reinspikka Trekkspelopera.

Les også:
Rekordmange unge


Opningsnummeret, Viva el sogno –eller ”Leve draumen”- vart framført for eit talrikt pressekorps og eit måpande publikum som vart stadig fleire etter kvart som seansen skreid fram.

- Eg trur det går an å viske ut skiljet mellom trekkspelmusikk og klassisk tradisjon. Trekkspeloperaen kan viske ut dette skiljet ein gong for alle, seier han. Tenoren kom tilfeldig i kontakt med klubben etter å ha meldt seg på eit kurs fordi han fekk ein toradar til jul eit år.

–Det handlar om å ta på alvor den musikken som kommuniserer direkte med folk, som kryssar sjangergrensene og som gjer folk glade, seier Thomas Stanghelle.

For tidleg og for seint

Lindesnes Trekkspillklubb var tidleg ute med å uttrykkje ønskje om å spela i den nye Operaen.

- Då vedtaket om å byggje vart gjort i Stortinget skreiv vi til kulturminister Anne Enger Lahnstein og tilbaud oss å koma og spela. Vi fekk svar der ho takka for entusiasmen og engasjementet, men sa at vi var alt for tidleg ute. Vi har teke kontakt fleire gonger i åra som har gått, men stort sett ikkje fått svar. Når vi no tilbyr ein eigen trekkspelopera, svarar Bjørn Simensen at vi er for seint ute. At det går an, seier ”Atti”Eikaas.

Eit fenomen

Lindesnes Trekkpillklubb er eit fenomen i norsk kulturliv. Klubben som vart starta i 1990, har 54 medlemmer, busett frå Vegårdshei til Bergen, og dei har i alle sine 17 år vore svært aktive.

Tilhengjarskaren er stor.

Dei har talrike DVD-produksjonar og CD-plater på samvetet, alt saman sel i store opplag, og dei samlar fulle bygdehus, kulturhus og konsertsalar med eit show som er samansett av trekkspelmusikk, allsang og glad gjøgling av det mest folkelege slaget.

I vinter var det stapp fullt i Stavanger konserthus for 10. år på rad, dei har fylt Grieghallen i Bergen med årlege show dei siste 5 åra, dei har spelt i Oslo Konserthus og har turnert i fleire europeiske land og i 22 amerikanske statar.

- Musikken vår har vore spelt på omkring hundre nærradioar, dei fleste i Noreg og i utlandet. Fem-seks gonger har vi hatt små innslag på NRK Fjernsynet. Men berre ein einaste gong har vi fått lov å spela ferdig ein heil melodi. Det var hjå Tande-P i 1995. Fantastisk, flirer Rolf ”Atti”Eikaas.

Han trur ikkje det ville bli problem å fylle Operaen i Bjørvika.

Les også:
Stor operainteresse i Nordfjord


–Det vil koma bussar frå heile Sørlandet og andre stader, seier han.

- Det råaste eg har sett

- Motsetnadene mellom det folkelege og det profesjonelle kulturlivet kjenner vi heimanfrå. Det er interessante spørsmål som fortener å bli stilt, seier Ulf Rock frå Dalarna i Sverige, som er tilfeldig ”åskodare”saman med kona si.

–Dette er dessutan eit av dei råaste og mest morosome PR-stunt eg har sett i heile mitt liv, ler han, medan fjernsynsteam frå alle kanalar kappast om å få dei beste kameravinklane på trekkspelbelgar med Operaen i bakgrunnen, bada i påskesol.

- Og ”varför inte”? Tenk om Noreg som det første landet i verda kunne ta sjansen på å få i hus ”en jäkla dragspelsopera”. Fantastisk moro!

Emneord
Les også