Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster

Nynorsk på kvar skjerm

Hølen barne- og ungdomsskule i Sandnes har som første skulen i landet fått datamaskiner med nynorsk programvare. No vil dei gje det same til alle nynorskskular.

Publisert: 01.08.2001 06:15
Det heile byrja med at Hølen barne- og ungdomsskule fekk beskjed om å kople ned datamaskinene. Sandnes kommune hadde ikkje nok pengar til å betale lisensar til Microsoft. – Då såg me oss om etter alternativ programvare. Statskonsult rådde oss til å prøva såkalla open programvare, altså Linux. Og hausten 1998 fekk me Linux operativsystem på den første maskina, fortel rektor Bjarne Hugo Hansen.

Gratis
Det er ikkje uvanleg at ein mellomstor norsk skule betaler 100.000 kroner i årlege lisensutgifter til programvare. I motsetning til Windows, er Linux-program gratis både i innkjøp og bruk.

Det er fleire som har stått for utviklinga av denne programvara. Blant anna har Gaute Voslef Kvalnes oversett ei kontorstøttepakke, som liknar på Microsoft sin office-versjon, frå tysk og til nynorsk.

Plikt
– Me er ein nynorskskule, og me er som alle andre nynorskskuler forplikta til å ha læremiddel på nynorsk. No kan me gje elevane det dei har krav på, fortel rektoren.

No har skulen fått midlar til å starte eit prosjekt for å utvikle datasystema slik at dei blir lettare tilgjengeleg for andre skuler.

– Målet er at alle nynorskskuler i landet skal kunne tilby elevane Linux, seier Hansen. Han meiner Linux er eit veldig driftssikkert og raskt operativsystem. Einaste ulempa er at ein treng datakyndige til å programmere og oppgradere programma.

Målblome
Under landsmøtet til Noregs Mållag fekk Hølen skule, representert ved rektor Bjarne Hugo Hansen, utmerkinga målblomen.

– Dei får utmerkinga for det pionerarbeidet skulen har gjort. Hølen barne- og ungdomsskule er den einaste skulen i landet som kan tilby nynorsk program på data, seier leiaren i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Noregs Mållag har kjempa for at Microsoft skal lage ein nynorskversjon av sine program, men ikkje kome gjennom med krava.

– Eg er udelt positiv til arbeidet og trur dette vil vere veldig viktig for nynorsken i framtida, seier Hoel.

Temaord til denne artikkelen:

Les også

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT