NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

06.08.2001kultur

Kultur på gamle tufter

Teaterstykket «Menn av malm, jenter av jern» vart vist i helga på dei gamle tuftene til Feiring jernverk. Stykket handlar om forholda i jernverket på byrjinga av 1800-talet.

Eit tilbakeblikk i tid, var det dei 60 amatørskodespelarane ville gje publikum som var møtt opp på dei gamle tuftene til Feiring jernverk. Jernverket var i drift frå 1806 til 1818 under leiing av Carsten Anker som dreiv verket frå Eidsvoll bygget. Driftige entusiastar frå Feiring og omeign har sett saman notat frå gamle protokollar og bygdebøker til eit historisk syngjespel om livet i og rundt jernverket. Det er Tor Karseth frå Ridabu ved Hamar som har skrive stykket.

Publikum fekk følgje livet til fire kvinner og fire menn som arbeidde i verket.

– Historiene er autentiske, men me har spedd på med litt humor og litt kjærleik, seier Anne Ekornholmen som er PR-ansvarleg for jernverkshelga og sjølv er med i stykket som skodespelar.
I tillegg til teaterframsyning har det vore omvising i dei gamle gruvene, foredrag, friluftsgudsteneste og naturstig på Jerverkshelga i Fering. På laurdagen spela gruppa jazzgruppa Farmers Market på festivalen.

– Me har hatt nesten 400 besøkande til no. Og det er enda ei forestilling igjen. Heile festivalen foregår utandørs og tatt i betraktning dei ustabile vêrforholda, er eg godt fornøgd med oppmøtet, seier Ekornholmen.

– Festivalen er liten, men det er andre året me arrangerer. Det er utruleg moro og samlande for bygda Feiring. Det skapar eit godt sosialt fellesskap å stable eit slikt arrangement på beina, seier Ekornholmen, som ikkje har tid til å prate meir for ho må opp på scena framføre siste forestilling som gjekk av stabelen sundag ettermiddag.



Publisert mandag 06.08.2001 kl. 09:51 (sist endret mandag 06.08.2001 kl. 09:51)
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative