Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vurderast samanslått til ein stor folkemusikkfestival. Det vekker kjensler i miljøet.
Per i dag er det ingen som har påteke seg å arrangere Landskappleiken i 2009, og på LfS sitt årsmøte nyleg føreslo Øyvind Kvile, kappleiksgeneral for årets Landskappleiken å slå saman dei to tevlingane.
Gjengangar
- Arrangementa har gått med solide underskot dei siste åra, og det er fleire som vegrar seg for å ta på seg arrangørhatten. Begge festivalar har mykje av det samme opplegget, og det er gjerne dei same folka som er på begge stemna, seier Kvile.
Han har vore leiar for tre landskappleikar og to landsfestivalar. Han trur ein stor folkemusikkfestival vil vere med på å bygge opp sterkare og meir profesjonelle lokalarrangørar.
Lokale spelemannslag rullerer på å arrangere begge arrangementa. Kvile ynskjer ein parallell diskusjon med faste arrangørplassar.
- Her på Geilo har vi hatt både landskappleikar og landsfestival fleire gonger, og har erfaringar som gjer det lettare å få til eit samarbeid med kommune og næringsliv. Eg er viss om at vi hadde fått til å arrangere ein storstilt folkemusikkfestival, seier Kvile.
Brannfakkel
Forslaget vekker sterke kjensler i folkemusikkmiljøet. Medan Landskappleiken er det største tevlingsstemnet for tradisjonelt slåttespel og dans, omfatter Landsfestivalen tradisjonell runddans og durspel. Det var nettopp at LfS også skulle omfatta Landsfestivalen i gammaldansmusikk for 20 år sidan som utløyste den store striden i LfS, og som førte til at Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) vart skipa.
- Det var ikkje moro, men i dag er dialogen mellom organisasjonane ein heilt annan. Det er mykje større openheit og samarbeid. Det er mogleg dette er ein brannfakkel, men eg håpar at diskusjonen kan bli konstruktiv, seier Kvile.
Skeptiske utøvarar
Utøvarane sjølve er imidlertid ikkje heilt begeistra over forslaget.
- Det er mogleg begge arrangementa fanger det same miljøet, men det er jo to ulike sjangrar. Eg har allereie problem med å få med meg nok på Landskappleiken som det er. Eg synest ikkje den bør bli større, seier Eivind Bakken, lausdansar og kongepokalvinnaren frå Landskappleiken 2007.
Felespelar Sigrid Moldestad har vore på Landskappleiken og Landsfestivalen fleire gonger. Ho er også skeptisk.
- Umiddelbart ser eg for meg eit stort logistikkproblem. Det må i så fall skjerast ned på deltakartal, og vil ein det? Samstundes så er det noko kulturhistorisk tungt med Landskappleiken, som tek vare på ein musikk som ikkje har så mange arenaer, seier Moldestad.
Vågå Spel-og Dansarlag er gjengangar som arrangørar for begge stemner. Forslaget blir motteke med blanda kjensler.
- I utgangspunktet høyrest det voldsomt ut. Den store utfordringa ville bli å avvikle alle tevlingane. Vi slit allereie med å få avvikla alt på tre-fire dagar. Men kanskje ville det vore like greit for folk med ei samla veke framfor to turar til forskjellige kantar av landet. Vi skal ikkje avskrive tanken, seier Trond Olav Haug, leiar i Vågå Spel-og Dansarlag.
Drøftast grundig
Over nyttår vil LfS nedsetje eit utval som skal greie ut fordeler og ulemper med ei eventuell samanslåing.
- Det positive med forslaget er at det er besparande, reint arrangørteknisk. Men det stiller samstundes krav til endring på innhaldet i både Landskappleiken og Landsfestivalen. Det er ingen som seier ein skal tvihalde på begge arrangementa. Eg håpar det blir ein debatt med mange konstruktive innspel, seier dagleg leiar Magnar Sundt.












