Nationen har motteke fleire e-postar om kandidatar eller rettare sagt manglande kandidatar i årets kåring.
Vil ha Tømmerås på lista
–Det har eg ikkje tenkt på, ler Arnstein Tømmerås, leiaren for aksjonen Mot kvalitetssikring i landbruket (Mot –KSL), som er ein av kandidatane folk meiner manglar på lista.
Sjølv synest han dei åtte utvalde kandidatane er svært gode.
–Ingen tvil om det.
–Men folk synest tydeleg at du gjer eit viktig arbeid?
–Ja, eg føler at eg har støtte, seier Tømmerås.
Vernejobb
Tømmerås har i fem år hatt eit meklarfirma for kjøp og sal av mjølkekvoter.
–Difor snakkar eg årleg med over 1000 gardbrukarar, og meiner eg har bra oversikt over det som skjer.
Kort sagt meiner aksjonistane i Mot –KSL at ordninga, i tillegg til stram økonomi, er med og legg ned norsk landbruk. Aksjonistane meiner det bør vere Mattilsynet, som har hovudansvaret for matkvalitet her i landet, som også skal ha tilsynsansvaret på gardane.
Han gjer ein «vernejobb for integriteten til innbyggerne i alle norske bygder gjennom sitt engasjement i organisasjonen, Mot –KSL», heiter det mellom anna i breva.
Ulike kandidatar
Dette er fjerde året Nationen gir lesarane høve til å røyste fram ein årets bygdeprofil. Lista er alltid lang over mogelege kandidatar, og det er redaksjonen som plukkar ut dei endelege kandidatane det skal røystast over.
I år har lesarane frist til klokka 24.00 natt til laurdag 16. desember med å røyste på sin kandidat.
Og gjennom åra har det vist seg at situasjonen i teten har endra seg frå dag til dag.
Første året vann musikant Odd Nordstoga prisen, andre året ulvejegaren Stine Iversen, som deltok i jaktlaget som skulle felle ulv i Østerdalen. I fjor var det Mikkel Dobloug, mannen som eig og driv Per Gynt-garden på Vinstra som fekk flest av Nationen-lesarane sine sms-ar.
Dei har sigra i hard konkurrasne med følgjande kandidatar:
2004
- Odd Nordstoga
- Magnus Valen-Sendstad
- Inga Berit Lein
- Anette Sagen
- Gunnhild E. Sundli
- Odin Jensenius
- Knut Arild Hareide
- Kjetil Rekdal
- Solveig Horve
- Olaf Tufte
- Marit Bjørgen
- Stine Iversen
- Janove Ottersen
- Katrine Moholt
- Terje Riis-Johansen
- Ingeborg Semb
- Edmund Austigard
- Elin Tvedt
- Simen Staalnacke og Peder Børresen i Moods of Norway
- Jorun Stiansen
- Mikkel Dobloug
- Mette Elisabeth Finnestad
- Harald H. Opedal
- Katrine Moholt
- Ola Borten Moe
- Liv Grete Skjelbreid Poiree
- Henning Solberg
- Tone Damli Aaberge
- Mariann Thomassen
- Mons Ivar Mjelde
- Paul Gunnar og Håvard Jansen
- Anders Jacobsen
- Ingerid Stenvold
- Valkyrien Allstars
- Helga Pedersen
- Sveinung Sundli
