Diskusjon: Kven bør bli årets bygdeprofil?
Ein heldig stemmegjevar vil bli plukka ut og får eit reisegåvekort på 2000 kroner.
Verdiar
– Kvifor arrangerer Nationen ei slik kåring kvart år?
– Det er for å halde fram bygdeverdiar, og dei gode eksponentane for dei, seier Britt Sofie Hestvik, feature- og kulturredaktør i Nationen.
Dei åtte kandidatane har gjort seg bemerka på ulike område i samfunnslivet.
– Det er ikkje postnummeret der du er fødd som er viktig, det som tel er verdiane du står for og formidlar, seier Hestvik. Ho understrekar at det er lesarane som bestemmer kven som blir bygdeprofilen, sjølv om det er redaksjonen som har plukka ut kandidatane.
Dei tidlegare vinnarane er svært så forskjellige, ein musikant, ein ulvejeger og ein gründer i skjeringsfeltet kultur og næring.
– Vi er spente på kva verdiar som når til topps i år, seier Hestvik, som håpar at kåringa vil føre til debatt om førebilete og verdiar.
Dette er kandidatane
- Mariann Thomassen er første kvinne ut i tevlinga er Musikaren frå Stryn er vokalist og frontfigur i bandet Surferosa. Med ei medvite haldning også til korleis ho ser ut på scena, har Mariann Thomassen uredd gått sine eigne vegar og er i tillegg blitt oppnemnd til eit stil-ikon.I haust har ho også vist seg fram som ein av dommarane i Idol på TV2.
- Mons Ivar Mjelde. Fotballtrenaren frå Osterøy i Nordhordland har i år gjort det ingen har greidd på 44 år, å føre fotballklubben Brann til seriegullet. Etter eit omflakkande liv som fotballspelar har ostringen slått seg til i heimkommunen, og legg ikkje skjul på kor viktig det er for han å bu nettopp der.
- Paul Gunnar og Håvard Jansen. For vel eit år sidan fekk brørne frå Rognan i Nordland i oppgåve av TV2 å lage ein revy, med ambisjon om å snu den negative trenden i ein fråflyttingskommune. Ei ekstra gulrot var at revyen skulle settast opp på Chat Noir i Oslo. Og amatørane frå Rognan fylte revyscene i Oslo, og har sidan då trekt fulle salar over heile landet. Revy har blitt heiltidsjobb for amatørane, og i Saltdal – der her folketalet teke til å auke igjen.
- Anders Jacobsen. Skihopparen frå Hønefoss hoppa seg inn i mediebiletet og historiebøkene då han sist sesong toppa samanlagtlista i den tysk-austerikske hoppveka, og vart andremann i verdscupen samanlagt. Profesjonell, audmjuk, roleg og sakleg har han takla både opp- og nedturane.
- Ingerid Stenvold. Journalist i NRK-sporten, både som anker og som reporter frå dei store stemna. Var i sommar programleiar for «Sommeråpent» på NRK og har for andre år på rad losa den store innsamlingsaksjonen på fjernsyn i hamn. Har utmerka seg med aldri å vike frå Målselv-dialekta, og har fått prisar for språkbruken.
- Valkyrien Allstars. Folkemusikarane som kom som ein virvelvind inn i norsk musikkbransje og toppar salslistene for sjangeren. Trioen har røter i Asker, Bærum og Valdres.
- Helga Pedersen. Kyst- og fiskeriminister, nestleiar i Arbeidarpartiet. Frå Vestertana i Finnmark, og har aldri lagt skjul på at bakgrunnen hennar har gjort ho til den politikaren ho i dag er.
- Sveinung Sundli. Gründeren har gjort Storåsfestivalen til eit så vellukka prosjekt at festivalen no har blitt studieobjekt for forskarar.
Nationen har plukka ut åtte verdige kandidatar til tittelen Årets bygdeprofil 2007, no er det opp til lesarane å bestemme kven som skal vinne. Alle som røystar er med i trekningen av ein reisegåvesjekk på 2000 kroner.
Røystinga skjer med SMS: Skriv ordet BYGD, ordmellomrom og kandidatens bokstav til nummer 2097. Det kostar 5.- kroner per melding, og det er råd å røyste så mange gonger ein ønskjer.
A Mariann Thomassen
B Mons Ivar Mjelde
C Anders Jacobsen
D Paul Gunnar og Håvard Jansen
E Valkyrien Allstars
F Ingerid Stenvold
G Helga Pedersen
H Sveinung Sundli
Publisert torsdag 22.11.2007 kl. 11:31 (Sist endret fredag 23.11.2007 kl. 13:25)

