NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

08.11.2006kultur

Trur bibliotekreform svekkar kommunane

Bibliotekreforma vil innebere ei ytterlegare svekking av kommunane og er kontroversielt, meiner forskar Jørund Nilsen, ved ECON-analyse.

I dag arrangerer Fylkesbiblioteka i Hordaland og Rogaland ein konferanse om Strukturendringar i biblioteksektoren - og set dermed Bibliotekutgreiinga som vart lagt fram i haust under debatt.

Bibliotekutgreiinga legg opp til strukturell samanslåing av mindre bibliotek, og interkommunalt samarbeid i bibliotektenesta. På konferansen vil spørsmåla knytt til ei slik konsolidering av biblioteka bli debattert.

Blant deltakarane er forskar ved ECON-analyse, Lars Erik Becken. Han var tidlegare i haust med å legge fram rapporten «Interkommunalt samarbeid i Norge - omfang og politisk styring». Han er blant anna blitt bedt om seie noko om kva utfordringar bibliotekutgreiinga kan skape.



Kontroversielt


Rapporten frå ECON konkluderer med at omfanget av interkommunalt samarbeid i Norge er betydelig, men kommunane ser ikkje ut til å ha god oversikt over egne samarbeidstiltak. Vidare heiter det i rapporten: «Interkommunalt samarbeid kjennetegnes av svakheter knyttet til politisk styring, kontroll og oversiktlighet. Likevel går politikerne inn for å øke omfanget.»

Prosjektleiar for rapporten, forskar Jørund Nilsen, kallar deler av forslaget til Bibliotekreform 2014 for kontroversielt.

- Rapporten foreslår å pålegge kommunane interkommunalt samarbeid. Det har, så vidt eg kan sjå, aldri skjedd før. Eg trur det nok kan komme til å møte massiv motbør i kommunaldepartementet og KS. Det ligg i heile prinsippet at kommunane skal sjølv prioritere innsats og områder, styre lokalt og bestemme korleis tenestene skal organiserast.

Lokalstyre


Om rapporten vil gi betre bibliotektenester ut i frå eit fagleg perspektiv, kan ikkje Nilsen seie noko om, men han viser til at heile poenget med kommunane er nettopp retten til å prioritere. Dette viser seg i korleis andre områder blir styrt lokalt, seier Nilsen.

- Vi har mange viktige områder som ligg inn under kommunane, som til dømes barnevernstenester og flyktningmottak. Likevel vil ikkje departementet gripe inn og tvinge fram korleis kommunane skal handsame dette, sjølv om det kanskje kunne ha medført at vi fekk betre barnevernstenester. Så kvifor skal dei gjere det på bibliotek, spør Nilsen, og viser til at alle sektorar ynskjer sjølvsagt å bli prioritert høgt.

Tvang


Bibliotekreform 2014 legg opp til ei strukturell omlegging av folkebiblioteka. Eit bibliotek skal ikkje ha mindre enn 6-8 årsverk. Heile 365 bibliotek vil ligge under denne grensa, og blir slik slått saman i ei større eining, med felles sjef og administrasjon. Mange fryktar at kommunane vil nedprioritere eit bibliotek dei ikkje lenger eig.

- Så vidt eg kan sjå så skal kommunane her tvingast til å samarbeide interkommunalt, med eit felles ansvar for bibliotektenester. Kanskje fem kommunar går saman om ei bibliotekeining. Då må dei vere samde om kor mykje ressursar dei skal bruke. Det kan hende at ein fråskriv seg ansvaret.

Nilsen kan heller ikkje sjå at Bibliotekutgreiinga legg opp til nokon klar organisasjonsmodell biblioteka skal styrast etter. Noko som igjen vil bli svært viktig for den korleis ein ivaretek den politiske styringa. Dette er litt uklart, meiner han.

Lokaldemokratiet


ECON-rapporten konkluderte med at «Situasjonen i dag kan svekke lokaldemokratisk styring av grunnleggende samfunnstjenester. Tiltak for å styrke oversikt, kunnskap og bevisstheten om interkommunalt samarbeid bør iverksettes.»

- Så sett i lys av dette, korleis kan bibliotekreformen lukkast utan at den lokaldemokratiske styringa blir ytterlegare svekka ?

- Eg meiner at pålegg om interkommunalt samarbeid vil svekke kommunestyret si innflyting. Men dersom interkommunalt samarbeid vert sett på som den beste løysinga for biblioteka, vil nok informasjon for val av samarbeidsmodellar, samt ei oppfordring frå sentrale styresmakter om samarbeid nok bli betre mottatt av kommunane og kommunaldepartementet, seier Nilsen.





Publisert onsdag 08.11.2006 kl. 08:51 (Sist endret onsdag 08.11.2006 kl. 09:01)
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative