No kjem Marit Kaldhol med sin første roman, seier forlaget hennar. Men første roman? På lista over tidlegare Kaldhol-bøker finn ein i tillegg til poesibøker, bøker for barn og unge, både romanpoesi og poesiromanar.
- Nei då, ein av dei to der er like mykje roman som denne. Men dei er ikkje så tradisjonelle i forma, seier Kaldhol på telefon frå Ålesund, der ho bur og arbeider.
- Kva betyr det for skrivinga di at du bur i Ålesund?
- Eg høyrer til her og det at eg høyrer til her blir sterkare med åra. Kunne ikkje klart meg lenge utan naturen og havet og den krafta som ligg i det. Eg reiser likevel ofte ut for å sjå andre landskap.
- Korleis verkar landskapet inn?
- Ein blir vel påverka. Eg har mange gonger tenkt at eg ikkje vil vere ein forfattar som skriv naturskildringar, men landskapet betyr mykje likevel. Når eg ser på landskapet rundt meg slik det er her, tøft og barskt og krevjande, så kjenner eg at det er noko i meg som er slik, som må ha det. Landskapet gir ei forsterking av den eg er.
Slik har det blitt fordi eg har vore her så lenge og sett på desse fjella, seier Kaldhol og legg til:
- Det språklause som du finn i naturen kan ofte hjelpe ein til å høyre, lytte inn i stilla og inn i det som ikkje er så lett å snakke om. Det er ikkje for ikkje noko at poesien er opptatt av natur.
Mot
«Blondene gir seg ikkje» er ei rytmisk suggererande og poetisk forteljing. Her flyt tida mellom før og no, mellom stivna augneblinkar med stor uro og mellom flytande kvardagslige ting som barbering av leggane, bilkøyring, jentekveld på byen. Ei kvinne er hovudperson i boka. Ho lengtar, attrår og rører seg mellom tre menn - ein liten gut, ein eldre far og ein ung mann kanskje er kjærasten.
- Eg vil gjerne vise kva prosess ho er inne i, for så å kunne leve vidare med seg sjølv. Sansingane er viktig, men det som kjem fram er også av det meir surrealistiske. Den måten å forholde seg til det verkelege på er gjennomgåande hos meg. Der finn eg mykje.
Her er også fleire dyr med. Ein orm til å kveile i lomme, ei mus som har hamna i kaffikanna og kattungar som lid ei hard lagnad i vassbøtta.
- Kva rolle spelar dyra i boka?
- Dei kjem inn fordi dei dukkar opp som bilete. For hovudpersonen er det konkrete element som skapar ein samanhang. Slik har det blitt for meg. Når det dukkar opp så høyrer dei til der. Eg tenkjer aldri slik at det skal stå for noko anna enn seg sjølv. Til det har eg ein altfor konkret skrivemåte.
- Kjenner du som forfattar at du må vere modig?
- Ja, heilt klart. Ein må våge å kjenne det ein ser og ikkje fjerne seg frå fokus. Det er mange plan av mot ein må ta i bruk. Der ligg mykje spenning i dette.
- Har dette endra seg over tid?
- Det har alltid vore der, men eg stiller strengare krav til skrivinga mi. Då eg var heilt ung skreiv eg ikkje så bevisst, det å leve nær seg sjølv er ei belastning. Du må ha det inn på seg heile tida. Det er ein type mot.
- Då kan ein bli ganske sårbar?
- Ja, og då må ein lære seg strategiar for å legge det vekk litt.
Morosamt
Kaldhol seier ho heile livet har lengta etter at folk skal synest det ho skriv er morosamt, sjølv om det ikkje er tenkt som morosamt. Og når ho no har lese frå boka, så har folk ledd.
- Ein herleg følelse. Det som gjer meg glad er at sjølv om det er sprøtt og rart, så er det tilgjengeleg. Dei tar det til seg. Latter er gjerne eit bra barometer. Det var kanskje difor eg vart glad då folk lo.
Arbeidet med boka har dreia seg om uvanleg mange ord, i høve til Kaldhol er van med.
- Kort format er best for meg. Det er vel fordi eg har arbeidd med poesien i heile mitt liv, så det er nok det eg får best til. Berre ved å ta vekk eitt ord så ser du kor mykje tydelegare det blir det som står igjen, alt du kan avdekke når du stryk i teksten. At enkelte ser ikkje på bøkene mine som ordentlige bøker fordi dei ikkje synest det står så mykje i dei, det bryr eg meg ikkje om, seier Marit Kaldhol.
Publisert mandag 06.11.2006 kl. 09:34 (Sist endret mandag 06.11.2006 kl. 09:41)
Siste innenriks

