KYRKJE OG STAT-SKILJE
Kyrkja er med sine 7700 konsertar i året ein av dei største og viktigaste konsertarrangørane og spelestadane i landet. 900 kyrkjemusikarar utgjer ein stor del av det profesjonelle musikklivet. 2250 amatørkor, band og gupper er knytt til norske kyrkjer. Kyrkjene er kunstgalleri med ulike kunstartar, med eit tidsspenn på tusen år. Svenske og norske undersøkingar tyder på at nesten halvparten av alle kyrkjebesøk er motivert av musikalske, estetiske og kultur-historiske årsaker.
Dette kan ein lese i Den norske kyrkje si eiga kulturmelding: «Kunsten å vere kyrkje»(2005) som vart vedtatt på Kyrkjemøtet i fjor. Når Kyrkjemøtet 2006 tar til i november, blir tilhøvet mellom stat og kyrkje eit sentralt og stort tema. Å sikre folkekyrkja er viktig for mange.
Men kor vidt kyrkja vil halde fram med å vere ei folkekyrkje, med vide dører og låg terskel, er også eit spørsmål om kultur, meiner Erik Hillestad, dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted og ein markant kulturarbeidar.
- Det hjelp ikkje berre å vedta at ei kyrkje skal vere folkekyrkje, seier Hillestad.
Kulturinstitusjon
Ei kyrkje er folkekyrkje når folk tyr til ho ved overgangane i livet, som dåp, bryllaup og gravferder, men der er også eit anna kriterium, påpeikar Hillestad:
- Det er at folk gjenkjenner sine liv i dei bileta kyrkja teiknar, i den måten ein forstår seg sjølv og verda på. Og her kjem kulturen sterkt inn. Det er ved å bygge ut kyrkja som kulturinstitusjon at ein styrkar ho best som folkekyrkje. Eg er ikkje i tvil om at det er statskyrkja som er best eigna til å styrke kyrkja som kulturinstitusjon.
Erik Hillestad har tidlegare markert seg som tilhengar av statskyrkjemodellen og er medlem i Forum for Statskyrkja.
- Kvifor er statskyrkja best eigne til å styrke kulturen?
- Fordi kyrkja berre er i byrjinga av å oppdage si rolle som kulturaktør. Om ein kjem til ein situasjon der folk ikkje ynskjer statskyrkja, i framtida, så må kyrkja verer rusta til det. I mellomtida treng vi denne ordninga til å bygge ut kyrkja som kulturinstitusjon.
- Korleis skal kyrkja klare dette?
- Det skjer mykje positivt, men kyrkja treng eit sterkare medvite på kultur. Det oppstår ei spanande gnistringsflate i møte med kunsten sin autonomi, ei sjølvstendig stemme i kyrkjerommet. Det har til no vore fråverande fordi ein har oppfatta kunsten som rein nytteverdi.
Fatalt
Tidlegare denne veka meldte kyrkjemusikar og dirigent for Bergen Domkantori, Magnar Mangarsnes, at eit skilje mellom kyrkje og stat vil vere fatalt for det kyrkjelege kulturlivet.
- Musikklivet i domkyrkja i Bergen hadde aldri overlevd om ikkje det politiske miljøet har tatt ansvar. Kyrkja har aldri gjort det, sa Mangarsnes til NRK.
Kantor i Bragernes kirke i Drammen, Jørn Fevang, er også uroleg. Kyrkjelyden har stor aktivitet på musikkfronten, med sju kor og stor konsertaktivitet. Fevang fryktar for at kulturaktiviteten i kyrkja vil lide om kyrkja blir skilt frå staten.
Engelske tilstandar
- Eg har vanskeleg for å tru at det blir oppretthalde like mange musikarstillingar i kyrkjene som no. Det kan fort bli engelske tilstandar, der dei store katedralane får sprøyta inn pengar, medan det elles rundt om kring blir sterkt svekka.
Fevang er som medlem av Tunsberg bispedømmeråd utsending til Kyrkjemøtet i november. Han er valt inn til bispedømmerådet som dei tilsette i kyrkja sin representant, og er einaste kyrkjemusikar som reiser til Kyrkjemøtet.
- Eg trur at musikken i kyrkja har mykje å seie for kyrkjesøkinga, og at folk forventar at det skal vere orgelmusikk og salmar i gravferd og bryllaup. Og eg fryktar at viljen til å prioritere dette blir liten om økonomien vert dårlegare, seier Jørn Fevang.
Forplikting
I kulturmeldinga «Kunsten å vere kyrkje»(2005) som vart vedtatt i fjor, vart det også lagt planar for regionale kyrkjelege kultursentra. Her vil også Kirkelig Kulturverksted i lag med Norske Kirkeakademier, eit felleskyrkjeleg nettverk, vere sentrale koordinerande aktørar. Ideen er at kultursentra i ulike deler av landet skal fungere som nettverk og med det dra veksel på ulike kompetanse inn kyrkje og kultur. Men framleis er det ikkje sett fram midlar til desse kyrkjelege kultursentra. Hillestad trur sjansane til å få dette til vil bli sterkt svekka ved eit skilje.
- Vi treng dei ressursane, den viljen og dei muligheitene statskyrkja gir. Som kulturarbeidar blir ein klart nervøs når ein i den eine augneblinken vedtar kunst- og kultursentra, og i den neste snakkar om eit skilje frå staten. Kultur kjem ikkje til å stå sterkt om ein kjem i ein ressurssvak situasjon. Vi treng at stat og kommune føler eigarskap og forplikting til kyrkja.
For Hillestad er det heller ikkje noko motsetnad mellom kyrkje som kulturinstitusjon og kyrkja som trussamfunn.
- Eit brennande og tenande trusfellesskap er fint mogleg innan statskyrkja, seier Hillestad.
Kulturarbeidarar og kyrkjemusikarar fryktar mindre kunst og kultur i kyrkja om det blir eit skilje mellom stat og kyrkje. Det er kulturen som vil sikre ei folkekyrkje.
27.10.2006 12:49
Emneord
Les også
