På Fagernes er det handelsstanden som driv sjekkestad og valdresromantikk.no blømer som berre det.

04.01.2006 09:16
- Vi slit med at innbyggartalet går ned i Valdres. For å få snudd denne trenden, må vi kunne by på arbeidsplassar eller sørge for at nokon finn seg en kjærast. Derfor oppretta Fagernes Handelstands Forening og reklamebyrået Kreativ Strek nettsidene valdresromantikk.no i sommar. No har nettstaden over 3000 brukarar.

-Vi hadde ei målsetjing om 100 registrerte brukarar då vi starta, så det er heilt rått. Valdrisen er langt flinkare enn vi trudde, seier leiar Heidi Arnesen nøgd.

Før drog ein på bygdefestar eller det lokale hotellet når ein var på «sjekker'n». Det gjer ein ikkje lenger.

- Eg trur at det å slippe å vere synleg når ein leitar etter ein kjærast på ein mindre stad, gjer det mykje lettare, sier Arnesen.



Også utanfor skigarden


valdresromantikk.no er den desidert største nettsida i Oppland, ut frå talet på lesarar. På gode dagar har dei vore oppe i 22.000 sidevisningar (klikk på nettstadens sider). Da Nationen stakk innom sida, midt på dagen ein fredag, var det 223 innom sida.

- Det er ikkje så rart at valdresromantikk.no er ein nettstad som trekkjer til seg folk. Mange er folk som flyttar til Valdres, og som ikkje har så stort nettverk frå før. Plassen er også ein stad kor du kan snakke med venner og finne folk med felles interesser, seier Heidi Arnesen.

Forgreiner seg


valdresromantikk.no er inspirert av tv-serien «Jakten på kjærligheten», og det skal settast opp kosebuer rundt omkring i dalføret slik at folk kan gå frå bu til bu. På Filefjell står det allereie ei som innbyr til overnatting. Sjølvsagt er den romantisk innreidd, og det følgjer med raudvinsflaske med valdresromantikk-etikett. Det er med andre ord fullt alvor.

Nationen får opplyst at nettstaden har skapt ni par, både sambuarar og kjærestar. Ingen av desse ynskjer å fortelje si historie i avisa.

Turkamerat?


På nettsidene til Den Norske Turistforening er «Fjelltreffen»den nest mest populære tenesten. Over 4000 annonser ligg ute på nettsida deira.

Fjelltreffen er kjent som ein stad der du treffer single, naturglade folk.

- For medlemmene våre er kjærleiken til naturen ein viktig verdi. At du møter likesinna som også er opptekne av ein sunn livstil, gjerne ut over det materielle, trur eg er med på at dei kan finne den rette, seier informasjonssjef i DNT, Merethe Habberstad.



GUNNHILD AASLIE SOLDAL



Plassen er også ein møtestad kor du treff venner.

Heidi Arnesen











Emneord
Les også