Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi treng distriktsopprør for betre vegar

Målet med samferdslepolitikken bør vere å få mest muleg transport for pengane. Dei siste tiåra har det vore omvendt i Norge. Det liknar på galskap. Distrikta vert svindla. Staten tener grovt på vegane. Framlegget til ny Nasjonal transportplan (NTP) vil forsterke galskapen og uretten.

Bilistane blir undersubsidiert samanlikna med jarnbanesatsinga, skriv kronikkforfattaren. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Om få veker skal den såkalla Nasjonal transportplan opp i Stortinget. Framlegget frå regjeringa er ei spinnvill satsing på den minst effektive transportforma, jarnbana. Og det skal i all hovudsak skje på det sentrale Austlandet, i det såkalla Intercity-prosjektet til fleire hundre milliardar kroner. Det er så ekstremt dyrt og produserer så lite, at kvar brukar må subsidierast med om lag ein halv million kroner – kvart år!

Kvifor vert det ikkje meir politisk debatt om denne satsinga? Det skuldast minst tre forhold: For det første er det få politikarar som kjenner til sjølv dei mest elementære transportfakta. For det andre har alle dei politiske partia lenge vore samde om opplegget. Og for det tredje tener makteliten i Oslo på politikken. Det minner om korrupsjon. Det er på tide å få dei groteske sidene ved samferdslepolitikken fram i lyset. Spesielt at bilistane, distrikta og landet taper enormt.

NTP er full av store ord, men manglar dei viktigaste fakta om transportmengder, om kostnader og om kven som betaler. Fakta om transportmengder er slik: Vegane står for heile 95 prosent av alle personreiser i landet og 19 prosent av godstransporten. Sjøen har 78 prosent av godstransporten og 1 prosent av persontransporten. Jernbana har 1 prosent av persontrafikken og 2 prosent av godstransporten, og er altså ein miniputt i transportsystemet.

Denne miniputten får årleg over 20 milliardar i statssubsidiar. Og det skal bli verre: I framlegget til NTP for dei neste 10 åra vil regjeringa investere 323 milliardar kroner i jarnbana. Dette går ut over investering i vegane, som står for over 50 gonger så stor transport. Alle med gangsyn ser at dette er hinsides all fornuft! Spesielt når investering i veg er mykje meir lønsam.

Politikarane snakkar varmt om likskap og rettferd. Likevel driv staten med grov forskjellshandsaming av dei som brukar veg og dei som bruker jarnbane: Vegane vert primært sett på som ei inntektskjelde for staten, og vegtransport vert stigmatisert og straffa med høge avgifter.

Gjennom avgifter på køyretøy og drivstoff betalar vegbrukarane enorme summar til staten. I snitt for åra 2010-2016 utgjorde dette 52 milliardar kroner per år. I tillegg betalar dei 10 milliardar kroner i bompengar. Det staten brukte kvart år til vegføremål var dei same åra i snitt 20 milliardar kroner. Staten tener grovt på vegbrukarane! Det verste er at dette skjer i det skjulte, utan offentleg debatt. Ingenting om dette i NTP. Med unntak for bompengane veit ikkje folk flest om det. Derfor har det kunne halde på så lenge.

Uretten mot vegbrukarane vert nærmast grotesk når vi samanliknar med subsidiane som staten auser ut til dei som brukar jarnbana. Forskjellshandsaminga mellom veg og bane er total: Ikkje berre skal det investerast 323 milliardar kroner – ein uhorveleg sum – i jarnbana. Men jarnbana skal også faktisk få alle desse pengane frå staten, det vil seie frå oss alle. Vegane og brukarane får ingenting, dei betalar som nemnt alt sjølve, og mykje meir enn det.

«At jarnbane er mest miljø- og klimavenleg er såleis rein bløff.»

Annonse

Trass i desse fakta, baserer NTP seg framleis på dei gamle mytane frå departementet og NSB/Bane Nor om at jarnbana er ein stor og viktig transportør. Og at jarnbane er den mest effektive og miljøvenlege transportmåten. Det er miljøpåstanden som er viktigaste basisen for dagens galskap. Men også den er usann.

Miljøproblema i samferdsle er i hovudsak knytt til energiforbruket. Problemet for jarnbana er at i forhold til den vesle transporten som vert utført, går det enormt med energi til å produsere skinnegang og tog. Dette utgjer om lag 70 prosent av totalen. Produksjonen skjer i utlandet med kolkraft, og det er ikkje CO2-fritt. Men i NTP vert det juksa grovt ved å utelate denne komponenten.

Per passasjer er tog over dobbelt så tungt som buss. Derfor krev tog også mykje meir energi til framdrift. Rett rekna er ekspressbussar mange gonger meir energieffektive og miljøvenlege enn tog. Og bane er heller ikkje lenger åleine om å ha elektrisk framdrift. Elbussar stormar fram. Kina og USA leiar an.

At jarnbane er mest miljø- og klimavenleg er såleis rein bløff. Sjøen og vegane er dei effektive arbeidshestane i transportsystemet. I Samfunnsøkonomen nr. 5/2010 dokumenterte samferdsleekspert Idar Mo at investeringane i riks- og fylkesvegar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har gjeve 15 gonger meir transport for pengane enn investeringa i Gardermobanen. Det er stikk i strid med mytane i NTP.

Totalbildet av samferdslepolitikken er skræmande: Vi har ein uproduktiv og grovt urettferdig samferdslepolitikk, bilistane og distrikta vert lurte, og det skjer ei enorm ressurssløsing og pengeoverføring. Det har skjedd i fleire tiår – i det skjulte. Vi treng eit vegopprør. Og samferdslepolitikken bør granskast av Riksrevisjonen.

Til hausten er det val. Eg håpar at i det minste eitt parti vil nekte å halde fram med den urettferdige og skadelege jarnbane-galskapen.

Neste artikkel

Forsvarsministeren inhabil i saker som omfatter Widerøe