Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Turisme i sårbar natur

Mange av dei mest besøkte turistmåla, også her til lands, ligg i sårbar natur. Noko må gjerast.

Utferdstrang: Folk vil ut og sjå på overveldande stadar som Svalbard. Det kan gå på bærekrafta laus, skriv kronikkforfattaren. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det er ein trend, spesielt blant naturfjerne og urbane menneske, å oppsøke eksklusive og spennande turmål, som ei utfordring og motvekt til dagleglivet i bysamfunnet.

Sjølvrealiseringstrongen er sterk, men meistringa av kva vill natur ofte byd på står ikkje i stil med forutsetningane til mange, både nordmenn og utlendingar.

Når sårbar arktisk natur på Svalbard blir invadert av tusenvis cruiseturistar som manglar naturkunnskap og omsorgsansvar for natur, seier det seg sjølv at dette kan bli ein for stor belastning på naturmangfaldet.

Reiselivssatsinga som erstatning for koldrifta på øya har ein jobb å gjere for å kunne leva opp til FN sine bærekraftmål for turisme, som krev jamnstilling mellom økologisk kvalitetssikring og økonomiske avkastningsmål.

Også ferdsla til ein del «turistmagnetar» på fastlandet som ligg i område med sårbart plante- og dyreliv kan ha uheldige verknader på det biologiske mangfaldet. Reiselivet og turismen har lett for å oversjå desse verknadene der fokuset er størst mogleg besøkstal og økonomisk resultat.

Ved svært mange tiltak og inngrep som påverkar naturen, er det krav om konsekvensutgreiing ut frå plan- og bygningslova og vurderingar i høve til naturmangfaldslova. Når det gjeld iverksetjing og fysisk tilrettelegging for turistsatsing i naturen, blir det sjeldan reist krav om slike vurderingar.

Her snakkar ein om langtidseffektar av ei utvikling som har målsetjing om stigande turisttrafikk og besøkstal, utan at det ligg inne krav om oppfølgjande undersøkingar av effektar på natur- og biomangfald.

"Turtilboda bør utviklast i folk sitt nærmiljø og i nærområda til turistanes feriestader."

Annonse

Reiselivet tilrettelegg med statleg støtte (kfr satsinga på nasjonale turstiar til utvalde «turistmagnetar»), men syter ikkje for tilføring av kunnskap gjennom rettleiing til målgruppa, turistane som manglar kunnskap og erfaring. Kunnskaps- og rettleiingsbasert turisme må få ein langt breidare plass i norsk turistnæring.

Det å omgåast natur på ein skånsam og bærekraftig måte er ein eigen profesjon, som dei aller fleste som tar naturen i bruk manglar i dag. Dei fleste turistar er altså inkompetente naturbrukarar, medan reiselivet har økonomiske interesser og kompetanse, men ikkje økologiske forutsetningar.

Bærekraft innebær at det ein driv med er både økologisk og økonomisk forsvarleg, og der økonomi- og miljødimensjonen må vera jamnbyrdige. Her bør miljøfokuset får ein breidare plass, også innan turistnæringa.

Småskala lokale turtilbod og turstiar som ikkje belastar naturen og miljøet nemneverdig, er betre enn få storskala turistmål som krev lange reiseavstandar og fører med seg skadelege utslepp. Turismen er ikkje bærekraftig ved å legge ein strategi som betingar lange reiser. Turtilboda bør utviklast i folk sitt nærmiljø og i nærområda til turistanes feriestader. I turistbygda Vrådal er Veneli turområde eit godt eksempel på dette, tilrettelagt av det lokale DNT turlaget, og peika ut som Kviteseid kommunes mest atraktive friluftsområde.

Her er ferdsla kanalisert på godt tilrettelagte turstiar, for å avgrense omfattande terrengslitasje og spreiing av uheldig belastning på biomangfaldet.

2017 er FN sitt internasjonale år for bærekraftig turisme. Dette blir, saman med kulturelle innslag, løfta fram som aktuelt tema under årets Gaustadagen på Gaustatoppen den 12. august.

Neste artikkel

Den nødvendige debatten