Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sanner sine gullbukser

I soga om guten med gullbuksene vert lommene fylt opp heilt av seg sjøl i takt med vetlaus pengebruk. Kan det vera at kommunalminister Sanner trur røynda er likedan?

Kronikøren liker ikkje kommunalminister Jan Tore Sanner sin pengebruk på ja-kommunar. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Kan det vere at at han overser at nokon, det vil seia vi skattebetalarar, lyt punga ut når han rundhanda deler ut frå statskassa? For raus er han, statsråden, vel å merka med dei som kjøper hans reform-retorikk og seier ja til det største av regjeringa sine mange sentraliseringsprosjekt.

No har vi fått eit nytt døme på at det ikkje nødvendigvis er dei mest trengande, som vert tilgodesette. Kronedrysset kjem over dei «ufriviljug aleine», kommunar som bifalt eit påfunn alle naboane syns var så dårleg at dei sa nei. Er slik skjeivfordeling verkeleg noko vi kan vera bekjent av her i landet, og når skal ministeren verta stilt til ansvar for sitt forbruk? Er det ikkje på tide at det vert lagt fram eit totalrekneskap over regjeringa sin reformmani?

Om samanslåing i seg sjøl var ein slik strålande idé, kvifor er det då naudsynt med økonomisk incentiv på den eine sida og trugsmål om smalhans på den andre? Sistnemnde verkemedel har vorte kombinert med ymse former for piskeslag som toppa seg då Stortinget 8. juni med knapt fleirtal vedtok å nytta tvang mot fylke og kommunar for å gjennomføra dei blå-blå sin gigantomane draum.

Profitørar i pengegaloppen er konsulentbyråa som har vorte engasjert til å utgreia. Allereie i april 2015, i byrjinga av prosjektet, passerte utgiftene til slikt 100 millionar, og det held fram. Akkurat no går det med eit sekssifra beløp for på nytt å utgreia Bremanger sin lagnad etter at dei slapp tvang i fyrste omgang. Utan oppdaterte tal kan ein berre spekulera i kor høgt taksameteret har tikka og spørja; kva var vitsen? Konklusjonen er jo ofte gjeve på førehand av premiss lagt i eit reint tingingsverk. Vabo-utvalet, departementet sine eigne handplukka ekspertar, leverte "Kriterier for god kommunestruktur", alle utgreiingar si mor.

Kostbare og grundige lokale prosessar verkar endå meir meiningslause der makta har overkjøyrd folket sine ynskje. Gjennomgangsmelodien har vore; "Vil du ikkje, så skal du". Til tross for at Stortingsfleirtalet presiserte at det skulle vera reell frivilje for kommunane i prosessen, vart omgrepet "friviljug tvang" framtredande. Der heller ikkje det førde fram, veit vi no at rein, skjær tvang kan verta nytta. Førebels har berre et relativt lite knippe kommunar lidd den vanlagnad, men ingen bør vera i tvil om kva som ventar utan eit regjeringsskifte til hausten. "Dette er berre ei løypemelding", seier dei på høgaste hald. Kommunereformen skal halda fram.

Reformstønad og eingongstillegg vart lenge freista kamuflert som dei største gulrøtene, men dette er jo omstillingsmiddel, ei klar erkjenning av at strukturendringar kostar flesk. Lille Vestfold får over 300 millioner til å dekka desse utgiftene, men er det nok, og kva vert slutsummen for heile landet? Dei 600.000kr ordførarane i Sandefjord, Andebu, Stokke, dei flinkaste i Sanner si klasse, fekk for å vera misjonærar for ministeren også ellers i Noreg, vert då som skillemynt å rekna.

Dei som ser verdien av lokal sjølråderett og eit desentralisert Noreg, har knapt hatt fem øre å rutta med, i alle høve ikkje av statlege middel. Bygdefolk har stått på stand, kokt kaffi, steika vaflar, arrangert folkemøte med føredragshaldare som aldri har teke honorar. Sanner verkar å ha ubegrensa tilgjenge på middel til sin agenda. Ein del Fylkesmenn sin opptreden som reine svovelpredikantar er symptomatisk for korleis embedsverket har vorte nytta for å driva gjennom prosessen. I alle fylke vart det også tilsett prosjektrettleiarar, høgt gasjerte menneskje som akkurat som ministeren måler eigen suksess i kor mange kommunar som forsvinn.

"Hausten 2015 vart det løyva 50 ekstra vegmillionar til kommunar som slår seg saman, pengar som heller ikkje kom or lause lufta."

Annonse

Hausten 2015 vart det løyva 50 ekstra vegmillionar til kommunar som slår seg saman, pengar som heller ikkje kom or lause lufta. Når slike reine smøremiddel vert teken frå vår felles pott, vert det sjølvsagt mindre på dei som vil halda fram med sjølvstende og/eller ligg slik til at samanslåing er uaktuelt. Nettopp der er gjerne nye samferdsleløysingar mest naudsynte, men det er altså Sanner sine favorittar som får pengar.

Statsråden sitt storsinn vart endå tydelegare i adventstida same år. Kommunebarn som var så snille at dei vedtok samanslåing før 2015 var omme, fekk to millionar kvar i uforpliktande julegåve. Mon tru kva vi ville kalla slikt om det hadde skjedd i ein bananrepublikk?

Då alle meir eller mindre famøse lokkemiddel ga heller magert resultat, vart lovnadene om at ingen skulle tapa på å seia nei, forlate på nyåret 2016. Ei direkte usolidarisk endring i inntektssystemet førte til vill jakt på kommunale partnarar. Alternativet var svelt-i-hel. Medan millionane rann or statskassa for å promotera prestisjeprosjektet, vart kommunar med allereie slunken kasse forespegla endå skralare økonomi om dei vart stående aleine. Samstundes vart det løyva ytterlegare 100 millionar til infrastrukturtiltak for dei som fusjonerte. For folket sine eigne pengar freista Sanner & Co. å kjøpa seg til ei sentralisering det same folket eigentlig ikkje ynskja.

Ein meir usynleg, men antageleg mykje større samfunnskostnad er det enorme tidstjuveri dette har forårsaka i alle forvaltningsnivå. Dagleg drift og samfunnsbygging har måtte lida når ordførarar, rådmenn og mange med dei har nytta særs mykje av sin kapasitet på møte, reiser, naboprat, forhandlingar, intensjonsavtaler osb. Dei som ynskja at dette skulle føra til ekteskap, men vart forsmådd, får no altså trøystepengar frå Sanner, halvparten av kva dei tapa på nytt inntektssystem. 23 kommunar får årleg til saman 36 mill. Mange som har tapa mykje meir, får ingenting. Med dette grepet fjernar ein seg endå meir frå ei behovsprøvd tildeling av midla.

Ein kommunalminister si fremste oppgåve burde vera å hegna om Formannsskapslova og intensjonen om lokalt sjølstyre. Difor er det på høg tid med avløysing for guten som i møte med dei som er med på felttog hans mot den edle lova, og kun då, ikler seg gullbukser.

Neste artikkel

Den nødvendige debatten