Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pessimistane i Senterpartiet tok feil

For Framstegspartiet er resultat viktigare enn retorikk, og fasiten syner at pessimistane i Senterpartiet tok feil. Vi ser at matproduksjonen i Noreg aldri har vore høgare enn no, skriv landbruksminister Jon Georg Dale.

Tok feil: Pessimistane i Senterpartiet, mellom anna stortingsrepresentant Geir Pollestad, tok feil om kor gale det ville gå for landbruket med Frp i regjering, meiner landbruksminister Jon Georg Dale. Foto: Siri Juell Rasmussen

Nationen har den siste tida publisert fleire saker der stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Senterpartiet tek til orde mot den sitjande politiske leiinga i Landbruks- og matdepartementet.

Etter fire år i Landbruks- og matdepartementet kan Framstegspartiet skilte med betre resultat enn det Senterpartiet klarte i løpet av åtte år før oss. For Geir Pollestad, derimot, er retorikk viktigare enn resultat, og han ønskjer oss difor ut av departementet.

I eit innlegg Pollestad har på trykk i Nationen 5. september, brukar han ein tredel av plassen på å forklare kvifor han ikkje stoler på tala til NRK som syner at talet på heiltidsbønder har gått opp dei siste fire åra. Resten av innlegget bruker han på å fortelje kvifor alt må vere slik det alltid har vore. Det kan verke som Senterpartiet ønskjer seg inn i Landbruks- og matdepartementet for å kontrollere retorikken, ikkje for å skape resultat.

Då Frp tok over Landbruks- og matdepartementet i 2013 var det ikkje grenser for kor gale Senterpartiet meinte det ville gå med norsk matproduksjon. Dei spådde konkursras, rasering av jordbruket og at matproduksjonen ville bli lagt ned. Trygve Slagsvold Vedum spådde til og med at det ville bli slutt på lammekjøtproduksjon og at med Erna som statsminister ville det bli slutt på fårikålen.

For Framstegspartiet er resultat viktigare enn retorikk, og fasiten syner at pessimistane i Senterpartiet tok feil. Vi ser at matproduksjonen i Noreg aldri har vore høgare enn no. Etter mange år med underskot på lammekjøt og store importbehov, produserer vi no nok. Det er blitt meir fårikål, ikkje mindre!

Omsetninga av lokalmat aukar om lag 2,5 gonger meir enn resten av daglegvaremarknaden. Siderprodusentane har fått moglegheiter for direktesal som dei har kjempa for i 10–15 år, men som Sp aldri klarte å ordne opp i.

• Les også: Landbruksdepartmentet på løftebrudd-toppen

Fleire unge søkjer seg til landbruksutdanningane. Investeringstakta er høg. Talet på konkursar i jordbruket er svært lågt. Meir enn ein tredel av kyrne vert mjølka med robot og det er den høgaste delen i verda. Produksjonsviljen er stor.

Reduksjonen i talet på bruk flatar ut. Bruksavgangen er lågare med Frp enn dei fire siste åra under førre regjering. Med Sp gjekk jordbruksarealet ned med om lag 60.000 dekar per år. No er reduksjonen nede i 10.000 dekar. Inntektene i jordbruket aukar, i perioden 2014 til 2018 ligg bøndene an til å få ein inntektsauke som er meir enn dobbelt så stor som andre grupper. Inntektsutviklinga er betre under denne regjeringa enn under den raudgrøne, samanlikna med andre grupper.

Dei siste to åra har eg lagt mykje innsats i å styrke grunnlaget for ku og sau i grasområda og stimulere til meir bruk av utmarksbeite. Samstundes har vi i enda sterkare grad stimulert til å dyrke korn og planteprodukt i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for det. Det har gitt resultat.

Det trengst ein landbruksminister frå Frp som er oppteken av å vite kvar vi kom frå, men også kvar vi skal.

Annonse

• Les også: De blå partiene er mer positive til landbruk i Norge

Sidan 2014 har det vore eit trendskifte, der Vestlandet og Trøndelag har auka sin del av det grasbaserte husdyrhaldet. I perioden 2006–2014 var det Austlandet som stod for auken i den grasbaserte produksjonen, med unntak for mjølk. Ifølgje Nibio sine driftsgranskingar for 2015 var nettoinvesteringane høgast på Vestlandet.

Vi har med andre ord også stoppa sentraliseringa av det grasbaserte husdyrhaldet som gjekk føre seg då Sp leia Landbruks- og matdepartementet.

Framstegspartiet er likevel ikkje i mål. Vi skal arbeide for å utvikle norsk matproduksjon og styrke moglegheiter for bonden til å utvikle eigen gard. Bruken av beitemarka skal auke, slik at Norge ikkje gror att. Vi skal fornye, investere og ta i bruk ny teknologi. Vi skal gjere det attraktivt for unge bønder å velje ei framtid i jordbruket.

• Les også: Slik vil Ap og Sp forme jordbruket i regjering

Medan Senterpartiet er mest opptekne av å forklare kvifor det er absurd av NRK å seie at talet på heiltidsbønder har gått opp under denne regjeringa, er eg meir oppteken av å vise alle resultat vi har fått til. Denne regjeringa har lagt betre til rette for heiltidsbruka, slik at dei som ynskjer å bruke all si tid på å vera bonde, og har ressursgrunnlag til det, har fått moglegheita.

Det går bra i norsk landbruk, og skal vi fortsette suksesshistoria vi har starta på, trengst det ei regjering som ser framover og ikkje bak seg. Det trengst ein landbruksminister frå Frp som er oppteken av å vite kvar vi kom frå, men også kvar vi skal.

Stillstand er tilbakegang. Vi treng framleis framsteg i landbrukspolitikken, og Framstegspartiet i Landbruks- og matdepartementet.

• Les også: Per har fått 2,8 millionar i tilskotsvekst - Eivind 4600 kroner i kutt

Neste artikkel

Frp-topp vil endre valgloven