Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Resignasjon på vegner av Nordfjella-reinen

Mange kompetente personar og miljø engasjerer seg, men dei opplever det som å snakke til «ein vegg». Olav Grøttebø spør om det verkeleg er behov for å skyte ned villreinen i Nordfjella.

Skal skytast: Villreinstamma i Nordfjella skal skytast ned for å unngå smitte av skrantesjuke. Foto: Arne Nyaas

Landbruks- og matdepartementet har slutta seg til vurderingane som er gjort av Mattilsynet og gjeve dei, saman med Miljødirektoratet, i oppdrag å planlegge sanering av Nordfjella reinen innan 1. mai 2018, etter påvising av skrantesjuke i 2016.

Nordfjella er nordre del av Hardangervidda og utgjer fjellområda mellom riksveg 52 på Hemsedalsfjellet og riksveg 7 over Hardangervidda. Området grensar mot Hardangervidda i sør og Filefjell Reinlag sitt område nor/aust for riksveg 52.

Ein stor del av lokalbefolkninga i Lærdal, Aurland og Hallingdal meiner sanering er gale, og er redde for at dette vert eit tragisk eksperiment som ein vanskeleg kan sjå ein god ende på. Mange kompetente personar og miljø engasjerer seg, men dei opplever det som å snakke til «ein vegg».

Det er planlagt at Statens naturoppsyn (SNO) skal drive vinterjakt og at tamreindrivarar skal drive villrein til innhegningar med helikopter eller snøskuter. Kompetente folk meiner dette er dyremishandling og heller ikkje praktisk mogleg. Direktørane har i tur og orden vore ute i media med skremselspropaganda, og kome med forsvarstalar for dei planlagde handlingane. Ein kan misunne direktørane si overtyding.

Det er snilt sagt å omgå sannheita, når Veterinærinstituttet presenterer prøvetakinga for 2017 utan å differensiere på metode. Ut ifrå dette har Veterinærinstitutt og Mattilsynet framstilt det i media som at Hardangervidda langt på veg er friskmeldt. Veterinærane har i år lært at lymfeprøvar er meir sensitive og gjev derfor oftare – eller tidlegare – utslag enn hjerneprøvar.

Det er berre analysert 60 lymfeprøvar av ein bestand på 10.000 dyr på Hardangervidda, medan det i Nordfjella er analysert lymfeprøvar frå alle 600 felte dyr. Såleis har ein lite grunnlag til å seie at område utanfor Nordfjella ikkje har denne smitta, sjølv om dette ligg som ein føresetnad i Mattilsynets strategi.

Mattilsynet sin hypotese så langt er: at smitta berre er i Nordfjella, den er svært smittsam,den er innført i det siste og har ein tidleg fase av utbrot.

Tiltaket til Mattilsynet er som kjend å sanere denne bestanden (ein heilt vanleg tankegang for eit direktorat som er vande med å handtere husdyr). Mattilsynet ser ikkje viktigheita av betre kartlegging av Hardangervidda. Eit eller to år til med prøvetaking av lymfer vil vere avklarande i forhold til hypotesen om at det berre er i Nordfjella smitte finst. Sjølv direktørane har uttalt at dersom ein finne smitte i andre område – ja, så er situasjonen heilt annleis. Eg tolkar det som at då må ein ha ein annan strategi.

Dei fleste andre kan lett sette fram fleire hypotesar. Ei alternativ hypotese kan til dømes vere: Smitte finst naturleg fleire stadar allereie, og kan ikkje fjernast. Sjukdomen er ikkje så smittsam, og det er ulik genetisk resistans hjå dyra – nokre held sjukdomen unna i heile livslaupet.

Det er berre analysert 60 lymfeprøvar av ein bestand på 10.000 dyr på Hardangervidda.

Annonse

Etter det eg har fått opplyst har Veterinærinstituttet funne at det er minst to ulike genotypar rein i Nordfjella, der den eine er meir mottakeleg for smitte enn den andre. Er ikkje dette teikn på at det har vore ein genetisk utvikling i resistens – naturens respons på ein trussel?

Lokalbefolkninga er svært skuffa over at Mattilsynet ikkje har pålagd test av lymfer i fleire område. Er det for at Mattilsynet sin hypotese ikkje skal «sprekke» at det er unntatt slik prøvetaking? Det ville vere svært kjedeleg om det vert gjort funn på Hardangervidda etter at Nordfjella reinen er «ofra». Det vil verte ei historie om svært dårleg sakshandsaming; at Mattilsynet ikkje undersøkte betre før dei bokstaveleg tala gav kommandoen «fyll magasin» og «eld» til Statens naturoppsyn.

Saneringsplanen og tidsperspektivet for denne har mange negative aspekt: Omfang av smitte i Noregs land er ikkje kjend. Total sanering øydelegg genetisk mangfald med til dels utvikla resistens. Tidsplanen og metodar verkar urealistiske og gjev stor fare for dyreplageri. Statens naturoppsyn sine tilsette vert pålagde uetiske oppgåver, i ei årstid og med eit tidsaspekt som set deira tryggleik og helse i fare.

I tillegg er gjennomføringa er svært kostbar, 35 personar skal i vinter jakte eller sitte på vent med løn medan uver ikkje gjev tilkomst. Gjenoppbygginga er ressurskrevjande, og problemstillingar i høve genetikk og innavl vil også verta gjeldande.

Det er skuffande at Miljødirektorat ikkje legg fram meir nyanserte vurderingar i saka. Mattilsynet si unnlatande undersøking av lymfer på Hardanger vidda reinen bør vere argument nok for Landbruksministeren til å forlenge prosessen med minst eit år – helst to.

Ein er undrande til at institutta ikkje i større grad tek innover seg opparbeidd erfaring frå USA. Bodskapet frå USA er at smittestoffet vanskeleg kan fjernast frå naturen. Sjukdom på elg, sau og kyr i Noreg har så langt blitt karakterisert som «atypisk» og ikkje smittsamt. Funna på elg har vore i same område. Kan det vere heilt tilfeldig eller er det her vidare samanheng enn ein vil tru? No er det også funne skrantesjuke på hjort i Møre og Romsdal. Dette er endå eit eksempel på kor uvitande vi er om denne smitten og endå ein grunn til at Mattilsynet no må gje kommandoen «stans» til SNO.

I USA har dei demonstrert at avl av sauer kan føre til nærast full resistens, dei har hatt svært få tilfelle av skrapesjuke siste åra – i motsetnad til i Norge. Om naudsynt kan ein tenkje seg at tamrein og kan avlast med slikt fokus. Villrein kan ikkje avlast, sanering av alle dyr i ein bestand vil gjere at ein mistar mangfald og moglegheit for at dei gode gena sakte, men sikkert, vert formeira. For villrein sin del må ein ha tolmod og stola på Darwin sin teori: Dei sterkaste vil overleva (kanskje dei aller fleste?).

Neste artikkel

Reetablering av villreinstammen i Nordfjella tidlegast i 2023