Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvern må løna seg

Det er billigast å byggja på matjord. Slik kan det ikkje halda fram.

Billig: Nedbygging av jordbruksjord (her fra Bryne) bør koste, meiner kronikøren. Foto: Bjarne B. Aase.

Vi lever i ei usikker tid. Vi blir fleire menneske og vi treng meir mat. Korleis skal vi klare å kombinere dette når vi allereie merkar effekten av klimaendringane, dramatisk reduksjon i biomangfald og nedbygging av matjord? Noreg er forholdsvis heldig stilt ovanfor endringane. Vi har økonomiske musklar og kompetanse til å gjennomføre førebyggjande tiltak mot flaum, skred, handtering av overvatn osv. Ikkje minst, vi har råd til å la matjorda ligge.

Globalt har vi mista 40 prosent av matjorda på 40 år. Matjord er grunnlaget for den moderne sivilisasjonen og hovudkjelda til mat for menneske og husdyr. Men, matjorda blir gradvis utarma av det tunge industrielle landbruket og klimaendringane gjer den mindre fruktbar. Vi treng ei omlegging av landbruket på sikt, frå tunge fossildrivne maskinar, sprøytemiddel og kunstgjødsel. Dyrka jord og dyrkbar jord er ikkje - fornybare ressursar og bør handsamast deretter. Bøndene er også ein sjeldan ressurs, med uvurderlige kunnskap og evne til å produsere fantastiske verdiar som heile samfunnet nyttar godt av. Forfedrane våre har slite for dette i generasjonar. Vi har allereie mista ufattelege mengder matjord i Noreg sidan etterkrigstida. Varig vern av all matjord er det einaste fornuftige tiltaket med dagens situasjon, og er sjølve nøkkelen til eit berekraftig og framtidsretta landbruk.

Det er naudsynt å ha eit langsiktig perspektiv. På grunn av aukande utfordringar med klimaet, vert matproduksjon i nordområda enda viktigare og meir verdifull i åra som kjem. Mange land har allereie store problem med matproduksjon grunna klimaendringar. I Noreg har vi god matjord og norsk matproduksjon er blant dei fremste i verda når det kjem til dyrehelse og velferd, antibiotikabruk og kvalitet på maten. Vi treng både store og små bruk - for å ta vare på alle overflater som brukast i matproduksjonen. Landbruket og kulturlandskapet som det har skapt, er ein del av vår identitet, vårt varemerke, vårt levebrød – og bidrar til vår allmenne trivsel.

Når vi tek vare på jorda vår her heime, får vi trygg lokal mat og er betre rusta om det blir matmangel hos våre eksportørar. Dessutan er den langreiste maten ofte dårlegare for både menneske, dyr og miljø - bla. på grunn av dei lange avstandane og energikrevande produksjon. Det tek fleire titals år å bygge opp kun få cm med god matjord. Med berre 3 prosent dyrka mark av det totalet arealet i Noreg, så treng vi all den jorda vi har. Områda omkring bør også vernast, då desse gir skugge, ly og bustad for nyttedyr som piggsvin samt pollinatorar og rovinsekt. Desse er med på å stabilisere miljø og produksjonstilhøve kring åkeren. Men stat, fylke, kommune, plan- og bygningsetat og folket/ forbrukaren – må vere med på laget, hvis matproduksjonen skal ivaretas. Auka kunnskap om desse verdiane er essensielt for god skjøtsel av jorda samt handtering av maten som vert produsert. Det bør vere større fokus på kor viktig dette er, gjennom skule og arbeidplass. Opplæring må være obligatorisk for dei som tek avgjerder om jordvern.

"Slik systemet er no, er det billegare for utbyggar å ta av matjord enn andre areal."

Annonse

Om varig vern av norsk matjord ikkje vert realisert med det første, må lovverket skjerpast og det må leggjast langt større vekt på alternative areal for utbygging av bustader og naudsynt infrastruktur. Utbygging av til dømes fleire kjøpesenter kan vi klare oss uten. Vi kan ikkje tillate øydelegging av meir matjord, for kortsiktig profitt og mangel på god arealplanlegging. Vi skal tross alt leve av matjorda i uoverskodeleg framtid, og det er ingen garanti for at andre land kan forsyne oss med mat i ein krisesituasjon. Vi har nok uproduktivt areal å ta av, det kostar berre litt meir å leggja det til rettes, samanlikna med dyrka areal som alt er tilrettelagt for matproduksjon. Slik systemet er no, er det billegare for utbyggar å ta av matjord enn andre areal. Dette er skammeleg og uakseptabelt, og det bør difor innførast ordningar som gjer det ulønsamt og/eller ulovleg å ta i bruk dyrka jord til utbygging. Flytting, omdisponering og nydyrking av matjord er ei falsk løysning. Det vil berre forskyve og forverre problemet med ukontrollert byvekst. Ein risikerer at jorda som blir flytta får dårlegare kvalitet og den nydyrka jorda kan ikkje kompensere for ytterlegare nedbygging.

Ein berekraftig by er ein tett by - med kort veg til naturområder, jobb, butikk, helsetjenester, barnehage, skule og kollektivtransport. Ein bør fortette i forstadane og elles i distriktet, slik at byveksten vert redusert. Den beste matjorda ligg rundt dei største byane, dermed er fortetting og alternative løysingar kritisk for å bevare denne jorda. Vi kan ikkje ha uendeleg vekst, vår tørst etter meir har drive forbruket vårt ut av kontroll – og dermed også vårt klima, og planeten vi lev på. Vern av matjord er eit samfunnsansvar. Nedbygginga kan ikkje fortsette, det har vi ikkje råd til.

Neste artikkel

Jordvern er viktig globalt og lokalt