Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dette taler for brot i jordbruksoppgjeret

Regjeringa har sett seg i det gjerrige hjørnet. Derfor styrer partane mot brot i jordbruksoppgjeret i 2018.

Brot: Årets jordbruksforhandlingar vil med over 50 prosent sannsynlegheit ende i brot, skriv artikkelforfattarane. Her er statens forhandlingsleiar Leif Forsell, og jordbruket sine representantar Lars Petter Bartnes og Merete Furuberg på overrekkinga av kravet til staten. Foto: Siri Juell Rasmussen

Torsdag kom jordbrukets krav i årets jordbruksoppgjer, der Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har samla seg om ei ramme på 1.830 millionar kroner. Sjølv om årets krav var meir moderat enn fleire hadde venta, vil dette bli det mest krevjande jordbruksoppgjeret på ein mannsalder.

I tillegg til krava som går på målprisane, er det krav om auka budsjettmidlar til driftsvansketilskot på marginale areal, eit nytt målretta tilskot til mjølkebruk med mellom 15 og 30 kyr, auka husdyrtilskot til storfe på Sør- og Vestlandet og i Nord-Norge og meir investeringstilskot for å fornye driftsapparatet på små og mellomstore bruk.

Vidare kjem krav om auka tilskot til avløysing og sjukepengar, og jordbruksorganisasjonane vil ha tilbake taket på husdyrtilskot og arealtilskot. Kravet er rekna å gje ein inntektsauke på 25.300 kroner pr. årsverk, noko som reduserer gapet til andre grupper litt, etter som det er venta ein lønsvekst på 19.300 kroner (3,5 prosent) i 2019.

Kva blir svaret frå regjeringskontora og kva blir resultatet til slutt? Ved Ruralis har vi utvikla ein modell for å rekne ut sjansen for økonomisk resultat og brot i jordbruksforhandlingane, på grunnlag av historiske data som prisar, marknadsbalanse, overføringar, statsfinansar og politiske konstellasjonar i storting og regjering.

Ein analyse ved hjelp av denne modellen viser at statens tilbod vil overstige 500 millionar kroner i år. Bøndene kan få tilbod om det meste av det dei ber om på pris, men da er det ikkje mykje att til budsjettmidlar.

Regjeringa har sett seg i det gjerrige hjørnet og derfor styrer partane mot brot i jordbruksoppgjeret i 2018. Faktisk er det pr. dags dato meir enn 50 prosent sjanse for brot. Da kan statens første tilbod sendast vidare til Stortinget, og KrF-leiar Knut Arild Hareide får ein ny sjanse til å vise seg som statsmann.

Kvifor er det større sjanse for brot i jordbruksoppgjeret enn det har vore på lenge? Nyleg la Budsjettnemnda for jordbruket fram grunnlagstala for oppgjeret, som viser at det har vore ein samla nedgang i inntektene frå arbeid og eigenkapital på 14.500 kroner pr. årsverk frå 2016 til 2018. Dette kom som litt av eit sjokk på partane.

Oppgjeret i fjor enda i brot, men Stortinget la vel 200 millionar kroner meir på bordet enn regjeringa ville gje, slik at inntektene skulle auke med om lag 16.000 kroner pr. årsverk over to år.

Slik gjekk det altså ikkje. Samtidig slit dei fleste produksjonar, med unntak av korn, frukt og grønt, og storfekjøtt, med overproduksjon. Dette pressar målprisane ned. Som Bondelaget nettopp har uttalt: «det er særleg behov for nye produksjonsregulerande tiltak», noko minister Dale har sagt nei til fleire gonger.

I år har Arbeidarpartiet blanda seg inn i oppkøyringa til jordbruksoppgjeret med ein plan for landbruket. Der står det at sjølvforsyningsgraden på korn, frukt og grønt skal opp. Fordelinga av tilskot med tak, kvotar og konsesjonar skal innrettast slik at det kan drivast jordbruk i heile Norge, mest mogleg med grunnlag i norske ressursar.

Arbeidarpartiet vil styrke mindre og mellomstore bruk og regionar med stort arealfall. Partiet vil halde oppe talet på mordyr i storfehaldet for å sikre kombinert produksjon av mjølk og kjøtt.

Dale skal bevise at han er like styringsdyktig som han er omgjengeleg og snakkesalig, og det skal mykje til.

Annonse

Av verkemiddel for å nå desse måla, vil Arbeidarpartiet gje meir tilskot til grøfting og drenering, investere i fornying av korntørkar og lagerkapasitet på kornbruk, og etablere eit utviklingsprogram for trebygg i norsk landbruk. Partiet vil også legge til rette for større bruk av beiteressursane.

Alt dette med statleg hjelp for å styrke ressursutnyttinga og fremje klimatilpassinga. Endeleg seier partiet at dei vil styrke og utnytte tollvernet i grøntsektoren.

Ved partileiar Jonas Gahr Støre si side sit den nyslipte landbrukspolitiske talsmannen frå Tynset: Nils Kristen Sandtrøen. Sandtrøen passar perfekt som talsperson for partiet i reguleringsvillig venstreopposisjon. Meir usikkert er det om han får plass ved kongens bord om partiet kjem i posisjon. Akkurat no er det mange østerdalske mil dit.

Det luktar 1930-tal med planstyre, toll og marknadsregulering lang veg, og det er inga dårleg lukt for jordbruket.

Historisk skolerte bondeleiarar bør hugse kriseforliket mellom erkefiendane Bondepartiet og Arbeidarpartiet med glede, eit politisk forlik som var med og la grunnlaget for den norske landbrukspolitiske modellen som Frp og Jon Georg Dale er sett til å styre i dag.

Støre og Ap frir utan blygsel til Hareide og KrF, men sjølv om KrF skulle ønske å plusse på nokre hundre millionar til bøndene mot Regjeringa sin vilje, så unngår dei ikkje å svekke forhandlingsinstitusjonen ved eit slikt grep.

Dei som har jordbrukspolitisk minne vil hugse at det er nettopp det to av regjeringspartia opprinneleg har ønskt seg: at overføringane til jordbruket blir avgjort som vanlege saker i statsbudsjettet, utan forhandlingar med brysame jordbruksorganisasjonar.

For landbruks- og matminister Jon Georg Dale er årets jordbruksoppgjer eksamen i høgare avdeling: Mastergrad i jordbrukspolitikk. Dale skal bevise at han er like styringsdyktig som han er omgjengeleg og snakkesalig, og det skal mykje til. Knut Arild Hareide (KrF) skal bekrefte rolla som linedansar på vippen over ein avgrunn av sperregrense og stortingsregjereri.

Den lange marsjen inn i kongens råd kan både bli lengre og kortare, alt etter utfallet av jordbruksoppgjeret i vår. Når statsråd Dale legg fram statens tilbod 4. mai, har han nok vurdert nøye kor smertegrensa går, ikkje for bøndene, men for Knut Arild Hareide.

Neste artikkel

La oss snakka meir om Venstre