Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den bakstreverske Staten

Staten turar fram som om 1960-talet aldri skulle ha tatt slutt. Sentraliserer, flyttar mot storbyane, bygger ned kompetansemiljø i distrikta bit for bit.

Venstre-ordførar Alfred Bjørlo tek i denne kronikken eit oppgjer med regjeringa sin sentraliseringspolitikk. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Vi er på veg inn i ei tid med uante moglegheiter for norske distrikt. Digitaliseringa - og rask utbygging av fibernett - gjer at tenester, kunnskap og arbeidsplassar i stadig større grad kan vere tilgjengeleg over heile landet på same tid. Klimaendringar, velstandsvekst og aukande folketal i verda gjer at naturressursane våre blir stadig meir verdt.

Mi oppleving som ordførar i ei mellomstor distriktskommune, Eid i Sogn og Fjordane (snart nye Stad kommune med 10.000 innbyggjarar og omland på 40-50.000), er at næringslivet grip sjansen med full kraft.

I Nordfjord opplever vi vekst i eksisterande bedrifter og sterk knoppskyting av nye. Ikkje minst innanfor elektro/energi og teknologi, reiseliv, fiskeri og marine næringar. Bedriftene rekrutterer, får tak i flinke folk, investerer i FoU og teknologi - og koblar seg med største sjølvfølge på dei beste kompetansemiljøa i inn- og utland.

Også kommunen vår omstiller seg i raskt tempo. Vi digitaliserer, slår oss saman, bygger sterkare lokale fagmiljø og fornyar oss på alle område. Akkurat som næringslivet gjer vi det ut frå eitt overordna mål: Eid og Nordfjord skal vere i front av utviklinga: Vi skal vere "på hogget" for å vere ein attraktiv stad å bu i framtida.

I statsbyråkratiet er ikkje teknologi og digitalisering ein moglegheit til å desentralisere - berre endå eit påskot for å sentralisere.

Men éi brikke manglar i dette puslespelet for å bygge framtidas Distrikts-Noreg: Staten.

Dei statlege kolossane - NAV, Politiet, Statens Vegvesen, rettsvesenet, direktoratsjungelen - turar fram som om 1960-talet aldri skulle ha tatt slutt. Sentraliserer, flyttar mot storbyane, bygger ned kompetansemiljø i distrikta bit for bit. Utan ein samla plan, utan dialog med lokalsamfunna dei er i, utan politisk styring. I statsbyråkratiet er ikkje teknologi og digitalisering ein moglegheit til å desentralisere - berre endå eit påskot for å sentralisere.

Statleg silotenking, sjølvgåande byråkrati og gammaldags statleg vanetenking held rett og slett på å grave grunnen under det som kunne bli ein gylden tidsalder for norske distrikt.

For å ta eitt ferskt døme: Statens Vegvesen skal no omorganisere seg, som følgje av at stadig fleire tenester kan gjerast digitalt. Vel og bra! Det er jo eit strålande høve til å nytte teknologien til å bygge sterkare statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg - å «ta heile landet i bruk» - sidan digitale tenester kan utførast kvar som helst.

Annonse

Men kva skjer i praksis? Jo, staten bestiller inn ein rapport frå eit globalt konsulentselskap om korleis omorganiseringa bør skje. Råda frå dei innkjøpte konsulentane? Nedlegging av alle små kontor og avdelingar rundt om i Distrikts-Noreg - samling om få og større einingar i dei største byane.

Rapporten er sjølvsagt hemmelegstempla fram til prosessen er komen for langt til å stoppast - samtidig som vegvesenet sine stabsfolk allereie er i gang med å gjennomføre konklusjonane i rapporten, ved bit for bit å legge ned funksjonar og tenester i Nordfjord og andre stader.

Politikarane på nasjonalt nivå? Veit ikkje (alle dokument er hemmelegstempla), bryr seg ikkje, engasjerer seg ikkje.

Når liknande prosessar no skjer parallelt omtrent overalt i statsforvaltinga - alltid med sentralisering inn til større sentra som konklusjonen - då er det nødvendig å rope ut.

For meg som Venstre-mann er dette ekstra vondt å oppleve. Venstre har vore pådrivar for mange reformar i statleg sektor, med gode intensjonar, og godt rasjonale bak.

Eg veit rett og slett lenger ikkje om eg har Venstre på nasjonalt nivå i ryggen når det gjeld kva rolle den norske statsforvaltinga skal spele i å utvikle mitt lokalsamfunn.

Men der Venstre nasjonalt er ivrige og entusiastiske for å få statlege reformer vedtatt og igangsett, opplever eg engasjementet for korleis reformene blir følgd opp og gjennomført, som fråverande. Det som skulle ha vore ei reformbølgje for å bygge det nye Noreg, har i staden blitt eit ukontrollert takras - som no råkar Eid, Nordfjord og mange andre stader i distrikts-Noreg med full kraft. Som statsvitar Jonas Stein nyleg skreiv i Agenda Magasin om reformer i offentleg sektor: "Det er ikke alltid klart hvem det er som tjener på det, men det er ofte de i periferien som må betale for det."

Det er presist observert. Eg kan faktisk pr i dag ikkje kome på eitt einaste døme på at ein statleg reform Venstre nasjonalt har gått i bresjen for, er med på å styrke min kommune og min region. Medan døma på det motsette blir fleire og fleire.

For å vere heilt ærleg: Eg veit rett og slett lenger ikkje om eg har Venstre på nasjonalt nivå i ryggen når det gjeld kva rolle den norske statsforvaltinga skal spele i å utvikle mitt lokalsamfunn. Det er inga hyggeleg kjensle etter over 30 år som medlem i det partiet som innførte det norske folkestyret - for at folket skulle ta makta over eit sjølvgåande statleg embetsverk på 1880-talet.

I 2018 trengs modige og tydelege politikarar på nasjonalt nivå meir enn nokonsinne. Skal staten vere ein medspelar i å bygge eit nytt, sterkt Distrikts-Noreg med større kommunar og eit sterkt, moderne næringsliv - eller skal eit sjølvgåande, sentraliserings-ivrig statsbyråkrati framleis berre få leve i si eiga verd?

No får det vere nok med å vere lojal "partikanin" - no er det nødvendig å seie frå før det er for seint.

Neste artikkel

Det haster med å få ned utslippene