Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trygg også på bygda?

Sentralisering har dei siste åra vore svaret uansett kva som er spørsmålet; politi, akuttkirurgi lokalsjukehus, ambulansetenester. Det er på tide at det snur.

Legevaktdebatt: Torsdag arrangerte Luster bibliotek og Nationen debatt om sentralisering av legevakta. Her snakkar varaordførar Marit Tennø (Sp) til panelet, frå høgre kommunelege Knut Cotta Schønberg, Helen Brandstorp frå NSDM, Ronny Cassells (Legeforeningen), Gry Elise Albrektsen (faggruppe legevakt), Vidar Grønnevik (Høgre) og Kjersti Toppe (Sp). Foto: Hilde Lysengen Havro

LUSTER, SOGN OG FJORDANE:

“Korleis skal me kjenne oss tryggare, når me har alt ein time til legevakta her i Gaupne, og så får me “berre” 25 minutt ekstra til legevakta i Sogndal?”

Spørsmålet kom frå Anne Lise Haukadal, busett i Kroken i Luster, på andre sida av Lustrafjorden for kommunesenteret i Gaupne. Staden var Gaupnetunet hotell, og høvet var debatten “Trygg på bygda?” som Luster bibliotek og Nationen arrangerte torsdag kveld. “Me skjønar at det blir tryggare for legane, og at dei får meir fritid, men korleis skal det bli tryggare for oss?”, heldt Haukadal fram.

Og med dét var ho rett i kjernen av debatten om sentralisering. I Luster, som i fleire distriktskommunar, er det ein pågåande debatt om organiseringa av legevakt. Moglege nye krav til utrykkingsberedskap for bakvakt kan slå bein under legevaktene på små stader, men også mindre byar. Særleg stader der det alt er vanskeleg å rekruttere nye legar.

Debatten om større legevakter er sjølvsagt meir komplisert enn at det handlar om ei kjensle av tryggheit for kvar og enkelt av oss. Men i grove trekk handlar det på den eine sida om eit ynske frå dagens legar om større arbeidsmiljø og mindre vaktbelastning, og på den andre sida kor lang køyretid lokalbefolkninga kan tole å ha til legevakta mellom klokka fire på ettermiddagen og åtte på morgonen, og i helgene.

LES OGSÅ: Forskar: Store legevakter er ikkje betre enn små

Utfordringa i dag, seier kommunelege i Luster Knut Cotta Schønberg, er rekruttering og arbeidsbelastninga for legane. Yngre legar vil også ha tid til familien, fritid og sleppe å tenkje på å vera på vakt heile tida.

Men det skjer noko rundt om i Bygde-Noreg. Ei stille sentralisering av offentlege tenester som skal gi beredskap og tryggheit lokalt. Alternativ blir etablert, men kan aldri erstatte ein lege eller ein ambulanse. Hjartestartgrupper blir bygd opp, men består gjerne av frivillige som ikkje er helsepersonell. Kva vil konsekvensen vera av at personar, som eigentleg har ein heilt annan jobb, plutseleg skal stå i fyrstelinja for å gi lokalbefolkning nødvendig helsehjelp?

Blir det ein meir riktig bruk av legevakta, om folk brukar den mindre på grunn av lang avstand?

Oppsummert

Tryggheit lokalt

1 Det pågår ein debatt om kompetanse til legar i legevakt, der konsekvensen kan bli ytterlegare sentralisering av legevaktene i distrikta.

Mindre hjelp

2 Når avstanden til legevakta aukar, tek færre kontakt. Det gjer at folk med same diagnose får mindre hjelp om dei bur langt unna legevakta.

Sentralisering

3 I mange år har mantraet for den offentlege beredskapen vore sentralisering. Det er på tide å tenkje nytt.

Annonse

Akuttmedisin og legevakt er viktig for folk som bur i distrikta, seier Helen Brandstorp. Ho er direktør for Nasjonalt senter for distriktsmedisin (NSDM), som held til i Tromsø, og har sjølv lang fartstid som lege, mellom anna i Tana i Finnmark.

Ronny Cassells, som er leiar i Legeforeningen i Sogn og Fjordane, har også lang fartstid som distriktslege. Han seier at ein aldrande befolkning med multisjuke pasientar vil stille større krav til legevakta. Ein eldre pasient lir kanskje samstundes av kols, hjarteproblem, diabetes og revmatisme. Denne personen treng ikkje ein hjartelege eller ein ambulanse, men ein fastlege. Blir det for langt til legevakta, er sjansen stor for at ho eller han ikkje vil reise. Kjenner ein seg sjuk på fredag ettermiddag, er det lenge å vente til legekontoret opnar måndag morgon. Kanskje blir til slutt alternativet å tilkalle ambulanse, der ein heller burde vore på legevakta.

Varaordførar i Luster, Marit Tennø, er busett i Jostedalen, og er mellom dei som får ein times køyring til legevakta, om den blir flytta. Ho opplever at tenester som er viktig for at folk skal kjenne seg trygge, blir flytta vekk frå folk. I mange år har standardsvaret vore sentralisering, men er det ingen andre løysingar med dagens teknologi?

Brukar folk som bur nært legevakta den for mykje? Blir det ein meir riktig bruk av legevakta, om folk brukar den mindre på grunn av lang avstand? Brandstorp seier mange ikkje lenger tek kontakt med legevakta når det blir opp mot ein times reisetid éin veg. Dei som brukar legevakta mindre, er dei som bur lengst unna. Konsekvensen er at folk får ulike tenester, ut frå kvar dei bur, og ikkje ut frå behov. Det er alvorleg.

Brandstorp har forska på store og små legevakter. Ho seier større einingar ikkje nødvendigvis gir betre kvalitet. Store legevakter brukar fleire vikarar enn små. Små legevakter trenar meir og betre på krisesituasjonar. Når det blir lenger å reise, brukar lokalbefolkninga legevakta for lite, også i situasjonar der ein burde ha oppsøkt lege.

Å slå saman ei legevakt eller ikkje er ei lokal avgjerd. Rekruttering til legestillingar må også skje lokalt. Men det er definitivt ei nasjonal oppgåve å sørgje for at det er nok legar i Noreg, og at legane ikkje kvir seg for å ta arbeid i distrikta. Eldre og sjukare pasientar i distrikta vil bli meir avhengig av eit lokalt nettverk av vener og familie som kan stille opp og frakte dei til ei legevakt ved behov.

Sentralisering har dei siste åra vore svaret uansett kva som er spørsmålet; politi, akuttkirurgi lokalsjukehus, ambulansetenester. Debatten om legevakt syner at det finst mange andre svar, om hensikta er å sørgje for god folkehelse og tryggheit også på bygda.

Neste artikkel

«På et kontor i Oslo»