Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sound of Music

Grøn glede: På slettene i Dolomittene i dei italienske alpane beiter kyr som held kulturlandskapet ved like og lagar flotte rammer for turistane. Foto: Svein Ove Hansli

I sommar var eg på fjelltur i Alpane. Mellom skarpe tindar i Italia ligg irrgrøne sletter med beitande dyr og folk på setra. Eit sprell levande samfunn der naturlandskapet rammar inn naturopplevinga til horden av turistar frå heile verda.

Dei bratte bakkane opp til fjellplatået er på vinteren arena for skileik. I løypene som er merka svart for dei som er flinkast på ski, er det på sommaren velstelte jorder. Her køyrer små traktorar spesialkonstruert for bratt terreng og haustar gras. Det vert ikkje satsa på stadig større bruk, men derimot er det rom for små mjølkeprodusentar med 10-20 kyr.

Det høyres kanskje ut som eit naivt glansbilde av eit land som heilt sikkert debatterer heftig både landbrukspolitikk, attgroing og distriktspolitikk. Men noko er annleis enn i Noreg. Korleis kan Europas tredje største produsent av jordbruksvarer, mykje takka vere den enorme «Posletta» sentralt i landet, også klare å få jordbruket langt til fjells til å vere så levande?

I Alpane har dei erkjent at turistane ikkje syns det er særleg stas å gå i attgrodd natur utan fastbuande folk. Salsplakaten av eit landskap som ser ut som eit tema frå Sound of Music forpliktar. Levande bygder skapar livsgrunnlaget for turistnæring og landbruk i eit heilt avgjerande samarbeid.

Kortreist mat er sjølvsagt når du et frukosten på hotellet nede i dalen eller lunsjen på ein av dei koseleg restaurantane opp i fjellet. I staden for å kjøpe med ein sjokolade i sekken er det like naturleg å kjøpe spekemat eller ei salamipølse frå den vesle butikken som sel produkt som er laga i nærområdet.

Dette kjem ikkje av seg sjølv. Utan at ein tilpassar storleiken på drifta til landskap og topografi, vil ein ikkje kunne utnytte areala og halde på særpreget som dette landskapet har. Konsekvensen vil bli eit område som er langt mindre attraktivt for turistane. Stiane vil gå gjennom buskas og attgrodd natur. Og turistnæringa som tek imot skikøyrarar i velstelte bakkar på vinteren vil ikkje dra nytte av traktoren som haustar gras i bratt terreng eller beitedyra som held vegetasjonen nede.

Det er mange omsyn å ta når ein skal lage ein landbrukspolitikk i Noreg. Først og fremst skal politikken syte for at vi får produksjon av matvarer, landbruket skal sikre matberedskap og matsikkerheit. Men det er også andre fellesgode vi får gjennom ein god landbrukspolitikk. Kulturlandskapet vårt og den spreidde busetnaden er der takka vere bøndene som i generasjonar har drive jorda.

For å ta heile Noreg i bruk også for turistane, må ein sjå landbruket som ein del av løysinga

Oppsummert

Italia

1 Italia er den tredje største produsenten av jordbruks­varer i Europa etter Frankrike og Tyskland.

Dolomittene

2 Nord i Italia ligg Dolomittene som er eit stort fjellområde av Alpane i det som vert kalla Syd-Tirol.

Turisme i Noreg

3 I fjor la turistar igjen 42,8 milliarder kroner i Noreg, det var 8,8 milliardar meir enn året før.

Annonse

Mange av desse fellesgoda som vi får frå landbruket er ikkje så lett å måle i kroner og øre. Dei er ikkje nødvendigvis av den typen ein kan setje ein prislapp på og omsetje i ein marknad. Vi kan ikkje selje levande bygder og kulturlandskapet på butikken. Men prisen kan bli høg om vi ikkje tek vare på dei ikkje-omsetjingsbare fellesgodene. Difor må vi ha ein aktiv landbrukspolitikk som tek dette innover seg. I den vesle Italienske landsbyen har dei skjønt at det vakre kulturlandskapet må til for å trekkje til seg turistane som dei tener gode pengar på.

I sommar har vi debattert turismen som i enkelte område av landet har vorte ei utfordring, nokre vil jamvel kalle det eit problem. Det blir ropt om pengar til turstiar og pengar for å leggje til rette for at dei mest populære turmåla skal kunne ta imot den auka tilstrøyminga av turistar.

Tilrettelegging er bra. Vi ser at det hindrar slitasje og trekkjer til seg turistar. Det betyr inntekter og ringverknadar for mange lokalsamfunn. Men Noreg er så mykje meir enn dei stiane ein no steinlegg. Problemet er at turistane mange stader opplever å gå i ein jungel meir enn i norsk natur. For å ta heile Noreg i bruk også for turistane, må ein sjå landbruket som ein del av løysinga. Det er norske bønder som har kunnskapen, utstyret og buskapen som kan opne opp igjen attgrodde stiar og kulturlandskap.

Alpane har ein natur som ikkje er skapt for store einingar. Det har politikarane skjønt. Difor har dei laga ein politikk som er tilpassa nettopp det. Det gjer at eg trivst i dette landskapet og gjerne vil kome tilbake som turist. Det er nok veldig mykje i den italienske politikken som vi ikkje bør lære så mykje av. Men kanskje kan vi lære litt av akkurat denne delen av italiensk politikk, den om kva som skal til for å gjere turistane glade og skape arbeidsplassar i distrikta. Her ser ein aktiv landbrukspolitikk som ein del av satsinga på turisme.

Så kjære nye Storting – eg ynskjer meg ein politikk som gjev levande bygder. Det er vi alle tent med, om vi er fastbuande eller turistar.

Neste artikkel

Brexit og oss