Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Smaken av prosessert mat

Skal det vera ein burger av soyabønner? Ein kalkun av tofu? Kjøttkaker av erter?

Burger: Daglegvarekjedene melder om vekst i salet av vegetariske og veganske kjøtterstatningar. Foto: Colourbox

Tilsynelatande kan det sjå ut som at vegan og vegetar er dei nye mattrendane. For ordens skuld: Veganmat er mat som ikkje har produkt frå dyr i seg (og kan også etast av vegetarianarar). Vegetarmat kan innehalde til dømes meieriprodukt, men ikkje kjøtt (og blir ikkje eten av veganarar).

Og for ordens skuld 2: Veggistrenden handlar ikkje berre om å eta ei kjøttkake mindre og ein potet meir til middag, men om å finne alternativ til kjøtt, uavhengig av om ein vil eta dyr eller ikkje.

Folk har ulike årsaker til å ikkje eta kjøtt. Nokre vil ikkje eta mat frå dyr i det heile, uansett om det er kjøtt, meierivarer eller honning. Andre et ikkje kjøtt, men tykkjer det er greitt å eta fisk og skaldyr. Andre igjen tykkjer det er heilt i orden med meieriprodukt frå dyr, men vil ikkje eta verken kjøtt eller fisk. Kva sistnemnde gruppe meiner bør skje med avkommet til kyrne og geitene og sauene som mjølkar til osten, er det grunn til å spørje om.

Så er det dei som kuttar kjøtt av helsemessige årsaker. Ei anna gruppe er dei som ikkje vil eta kjøtt på grunn av klimaomsyn. I tillegg finst det ei gruppe som et kjøtt, men som helst kjøper det direkte frå bonden, der dei veit at dyret har hatt eit godt liv, og som heller et vegetarisk enn såkalla «industriprodusert kjøtt» som et mykje fôr importert frå andre sida av Atlanteren.

Konklusjonen er at gruppa med menneske som av ein eller annan grunn ynskjer å kjøpe mindre kjøtt, er svært samansett. Men den er veksande. Er det eit trugsmål mot den norske bonden?

Det kjem jo for det fyrste an på kva type bonde me snakkar om. For grønsaksbøndene kan det liggje ei gyllen moglegheit til å forske seg fram til nye grønsaker som kan brukast som kjøtterstatning. Ei større utfordring er om kjøttforbruket går ned, og blir erstatta med importert vegetarmat i staden for.

Fram til nyleg har daglegvarekjedene hatt styringa på utviklinga av vegetar- og veganvarer i butikkane. Det har ført til at dei aller fleste nye varene er importert frå utlandet, og frå ein matindustri som er langt frå like open og gjennomsiktig som den norske. Der det jo som kjend er både billigare råvarer og billigare arbeidskraft. No har Nortura – egg- og kjøttbøndene sitt eige selskap, som nokre veganaktivistar gjerne omtalar som «Tortura» – kasta seg på vegetartrenden. Og godt er det. Det tyder at verdiskapinga, om det blir nokre inntekter av den, går attende til den norske bonden.

«Det tyder at verdiskapinga, om det blir nokre inntekter av den, går attende til den norske bonden.»

Oppsummert

Mindre kjøtt

1 Mange forbrukarar opplyser om at dei ynskjer å eta mindre kjøtt. Men årsakene er mange, og ikkje alle er like veganske.

Bøndene satsar

2 At Nortura produserer vegetariske kjøtterstatningar gjer at sjølv kjøttproduserande bønder kan ta del i grønsaksveksten.

Opphav og sporing

3 Å ha kontroll og syne fram produksjonen av vegansk og vegetarisk mat er like viktig som for kjøtt.

Annonse

Nortura si vegetar-satsing har fått litt blanda mottaking. Skal eit selskap, som jo er basert på å slakte og selje kjøtt, produsere mat som ikkje inneheld hovudråvara eigarane leverer? Nokre meiner det strir mot sjølve kjernen i Nortura, og meiner Nortura konkurrerer ut seg sjølv. Men gitt at veksten i forbruket av vegetarisk mat aukar, kan Nortura på sikt risikere å miste endå større marknadsdelar.

Etter kvart som kundegruppa for vegansk og vegetarisk mat har vorte større, handlar det ikkje alltid om å berre få folk til å eta kjøtt. Det handlar like mykje om kven som skal sitje med gevinsten. Kjedene har teke store jafs i veganproduksjonen sjølve. For bøndene må det vera ein fordel, sjølv om dei sjølv driv med dyr, at det er Nortura, og ikkje berre kjedene, som sit med verdiskaping og marknadsdelar. Men det er eit paradoks at Nortura går i bresjen for å bytte ut norskprodusert kjøtt med ei vare (soyabønner) som er importert.

Ifylgje Opplysningskontoret for frukt og grønt et 45 prosent av oss ein vegetarrett i veka. No er det ikkje alltid hokuspokus å gjera det. Grønsakssuppa har lang tradisjon på norske middagsbord, utan at den dermed treng å bli dytta inn i den store «vegetartrenden».

Det litt paradoksale med kjøtterstatningane er jo at dei skal likne på kjøtt. Kosthald i andre delar av verda er i stor grad basert på frukt og grønt, der kjøtt er noko ein gjerne har i tillegg om det er tilgang på det. Når burgaren ikkje skal vera laga av kjøtt, men av grønsaker, ha om lag same konsistens, smak og samstundes vera like saftig, blir den langt frå så naturleg som den utgir seg for å vera.

Ein ting er alt industrien må gjera med grønsakene for å få dei til å sjå ut som kjøtt. Ein anna sak er at opphav og openheit kring sporing av kjøtt og måten det er produsert på er eit aktuelt tema. Det er like viktig å kunne spore opphavet til råvarene uavhengig av om dei er kjøtt eller grønsaker. Sporbarheit, produksjonsmåtar og arbeidsvilkår i europeisk grønsakproduksjon er ikkje det fyrste daglegvarekjedene uroar seg for i vegansatsinga.

Skal det ta like lang tid å få etablert ein gjennomsiktig og sporbar matproduksjon, har me noko å tyggje på i mellomtida.

Neste artikkel

Eksporterer kjøtt med tap utan å bremse støtta til nye sauefjøs