Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal norsk biodrivstoff koma frå Asia?

I diskusjonen om biodrivstoff er det lett å gå seg vekk. Ikkje alt biodrivstoff reddar nemleg verda.

Indonesia og Malaysia produserer mesteparten av palmeolja i verda, i store plantasjar som på biletet. Foto: Nelza Jamal / Mostphotos

Austlandet har opplevd ytterlegheitene i vêr-Noreg denne våren. Frå flaum i byrjinga av mai, til tørke i slutten av mai.

Rett nok opplever store delar av Sør-Noreg ein ekstraordinær varm mai månad, medan det er kaldt i nord, og lokale hagleskurer øydelegg E6 i Trøndelag. Trass kalde temperaturar nordpå, ligg likevel gjennomsnittstemperaturen for mai månad 4,2 grader over gjennomsnittet for heile landet, og mai månad har vore den varmaste på hundre år.

Dei store vêrskilnadene me opplever denne våren vil me sjå meir til i framtida. Ein del av det dystre biletet som er ein konsekvens av klimaendringane er nettopp meir ekstremvêr, større skilnader.

Bøndene er blant dei som kjenner klimaendringane på kroppen. Avlingar druknar. Eller dei tørkar opp. Snøen smeltar seint, og forsinkar våronna. Bønder er dei som aller mest må operere i lag med naturen, er bodskapen frå assisterande generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Bondelaget.

Oppsummert

Klimagassutslepp

1 I 2030 skal klimagassutsleppa i Noreg vera 40 prosent lågare enn dei var i 1990.

Alle må bidra

2 For jordbruket, som høyrer til ikkje-kvotepliktig sektor, kan det bli ei utfordring sidan mykje av utsleppa kjem frå kyr og sauer.

Rein biodiesel

3 Eit nytt forskingsprosjekt ser på kva biodrivstoff som kan vera best for norske gardsbruk i eit klimaperspektiv.

Torsdag deltok ho, saman med fleire andre aktørar, på konferansen "Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?" Saman med fleire aktørar innanfor forsking, næringsliv og landbruket skal konferansearrangør Ruralis bruke det neste året på å finne ut kva som er dei beste løysingane for landbruket.

Bakteppet er fylgjande: I 2030 skal klimautsleppa vera reduserte med 40 prosent samanlikna med 1990-nivå. Alle sektorar må redusere utsleppa, men den såkalla ikkje-kvotepliktig sektor, der landbruket er med, kan ikkje kjøpe seg utsleppskvotar utanfor Noreg sine grenser, og må ta kutta på heimebane.

For jordbruket kan det by på ei særleg utfordring, fordi ein god del av utsleppa frå jordbruket kjem frå metangassutslepp frå drøvtyggjarar. Den enklaste, om ikkje smartaste, måten å redusere norske utslepp frå jordbruket er å slakte kyr og sau. Det er to årsaker til at denne måten å redusere klimagassutsleppa ikkje er særleg tilrådeleg: 1) Me vil berre eksportere klimagassutsleppa til eit anna kjøttproduserande land. 2) Berre drøvtyggjarar kan omdanne dei rike gras- og utmarksressursane i Noreg til mat folkemat.

Annonse

Må me likevel finne oss i å gjera noko som er verre mot naturen, for at me skal kunne gjera noko som blir betre mot naturen?

Difor må jordbruket snu alle andre steinar for å redusere klimaavtrykket på andre måtar. Biodrivstoff er éin måte å redusere utsleppa på, men også her er det fallgruver.

Den heitaste diskusjonen om biodrivstoff i år og i fjor, handlar om den kontroversielle palmeolja. For me reddar ikkje verda med alle typar biodrivstoff, som til dømes biodrivstoff som kjem frå å hogge ned den, for oss og jordkloten, livsnødvendige regnskogen. Me reddar heller ikkje verda ved å bruke mykje matjord til å produsere biodrivstoff.

Så kva er løysinga? Den er samansett, ifylgje fagsjef Kåre Gunnar Fløystad i Miljøstiftelsen Zero. Trevirke, raps, gjødsel, solsikke, frityrolje frå matproduksjonen, fiskeavfall - det er berre nokre av råstoffa som kan brukast inn i produksjonen av biodrivstoff. Utfordringa er å få det storskala nok til at prisen på biodrivstoff blir konkurransedyktig med fossilt drivstoff, sjølv med eit avgiftsregime utan skattleggjing av biodrivstoff.

Palmeolje er uansett dårleg å fylle på traktoren. Nett som i soyadebatten, der norske aktørar opererer med eit sertifiseringssystem som skal gjera norsk bruk av soya berekraftig, finst det eit sertifiseringssystem for bruk av palmeolje. Men all norsk etterspurnad av palmeolje er med på å leggje press på regnskog i Indonesia og Malaysia, uavhengig av om nett "vår" palmeolje er dyrka på tidlegare regnskogområde eller ikkje.

Må me likevel finne oss i å gjera noko som er verre mot naturen, for at me skal kunne gjera noko som blir betre mot naturen? Altså - er det eigentleg heilt greitt å bruke palmeolje, som i fjor utgjorde 47 prosent av biodrivstoffet i Noreg?

Og - i eit perspektiv der det finst svært strenge krav til berekraftssertifisering for biodrivstoff - skal ein då bruke matjord og regnskogareal?

Problemet er at alternativet er så mykje verre. Vår bruk av fossilt råstoff må ned. Ikkje i morgon, eller i overimorgon, men i dag. Då kan ein sjølvsagt på den eine sida lure på kvifor biodrivstoff har så strenge krav til berekraftssertifisering. Og på den andre sida kvifor det ikkje kostar meir i skattar og avgifter å øydeleggje jordkloten.

EUs berekraftskriterium for biodrivstoff krev at livsløpsproduksjonen for biodrivstoffet skal redusere klimautsleppa med 50 prosent. Kravet til nye anlegg er 60 prosent. Fossilt drivstoff har ingen slike berekraftskriterium. At det finst berekraftskriterium for biodrivstoff er sjølvsagt bra, all den tid mykje av råstoffet vil koma frå arel som anten produserer mat, oksygen eller bind co2.

Men til sjuande og sist kan me ikkje øydeleggje verda for å redde henne.

Neste artikkel

Hvem skal tjene penger på tog?