Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Seks dagar i juni: Krigen ingen ville ha

Kvart på åtte på morgonen 5. juni 1967 øydela israelske militærfly Egypts luftforsvar. Seks dagar etter var kartet i Midtausten totalt endra.

Flykta: Palestinske flyktningar kryssar grensa mellom Vestbreidda og Jordan ved Allenby Bridge 22. juni 1967.Foto: Bernhard Frye / AP / NTB scanpix

Israels utanriksminister under Seksdagarskrigen, Abba Eban, skreiv i biografien sin ti år etter at «if there had been a little more silence, the sum of human wisdom would probably have remained intact».

Trass intern motstand, mellom anna frå den tidlegare israelske statsministeren David Ben-Gurion og sitjande statsminister Levi Eshkol, slo Israel til mot Egypt. Generalane hadde sigra over politikarane i den israelske regjeringa. Utfallet av Seksdagarskrigen har palestinarane og israelarane levd med kvar dag sidan.

Paradokset i dag er at krigen eigentleg ikkje var ynskt av nokon av dei krigande partane. I mai 1967 eskalerte konflikten mellom Israel og Syria, og mellom Israel og Egypt. Den israelske forsvarssjefen Yitzhak Rabin (seinare statsminister) truga med å gå til åtak på Syria for å stogge palestinske terroristar som kom seg over grensa til Israel, men hadde lita støtte i si eiga regjering. Sovjetunionen støtta det syriske regiment, og melde difor – utan hald i verkelegheita – til Egypts president Gamal Abdel Nasser at Israel planla eit åtak på Syria.

Det fekk Nasser, som ynskte å stå fram som ein sterk leiar både i den arabiske verda og overfor eiga befolkning, til å gå til tre tiltak: Sende militære troppar til Sinai, be om attendetrekking av FN-styrken frå Sinai, og å stengje Tiran-sundet for israelsk skipstrafikk. Det siste trekket vart sett på som det mest alvorlege for Israel.

Israel vann som kjend krigen, og enda opp med å okkupere Gaza (som var egyptisk-okkupert) og Sinaihalvøya, Vestbreidda og Aust-Jerusalem (som var jordansk-okkupert område), og Golanhøgda frå Syria.

Sinai vart gitt attende til Egypt med fredsavtalen i 1978. Israel trakk seg ut av Gaza i 2005. Aust-Jerusalem vart annektert i 1967. Resten av landområda er framleis under israelsk okkupasjon, trass fleire forsøk på å koma fram til endelege fredsavtalar både med Syria og PLO som representant for palestinarane.

50 år etter «kringen ingen ville ha» lever millionar av palestinarar med konsekvensane. Meir enn 1,5 millionar palestinske flyktningar lever ifylgje tal frå FNs organisasjon for palestinske flyktningar UNRWA framleis i flyktningleirar i Jordan, Syria, Libanon, Gaza og Vestbreidda inkludert Jerusalem. Til saman kvalifiserer fem millionar palestinske flyktningar seg for støtte frå UNRWA. For dei nær tre millionane palestinarane som bur på Vestbreidda, er den israelske okkupasjonen ein del av kvardagslivet.

Paradokset i dag er at krigen eigentleg ikkje var ynskt av nokon av dei krigande partane.

Oppsummert

Seks dagar med krig

1 Sjølv om krigen mellom Israel og dei arabiske nabolanda berre vara i seks dagar,

Under okkupasjon

2 Millionar av palestinarar lever framleis under okkupasjon, blokade, eller som andrerangs borgarar i Israel.

Ingen avtale

3 Trass fleire forsøk har israelarane og palestinarane ikkje klart å koma fram til ein varig fredsavtale.

Annonse

I dag bur rundt 800.000 israelarar i busetjingar på Vestbreidda, Golanhøgda og i Aust-Jerusalem, område som FN framleis i dag seier er okkupert ulovleg av Israel. For palestinarane på Vestbreidda har busetjingane skapa store problem. Eigne vegar mellom busetjingane splittar opp Vestbreidda i små enklavar, som blir bundne saman av eit anna, dårleg vegnett for at palestinarane skal kunne reise rundt på Vestbreidda. Israel kontrollerer store delar av vassressursane på Vestbreidda.

Det er strenge restriksjonar for reising frå Vestbreidda til Israel, og mellom Vestbreidda og Gaza. Medan det blir sprøyta pengar i israelske busetjingar i Aust-Jerusalem, er palestinske bydelar prega av forfall.

Muren, eller separasjonsbarrieren som det heiter på offisielt norsk, er delvis reist på palestinsk land. Kontrollstasjonane mellom Israel og dei palestinske områda fungerer som grensestasjonar, der undertrykking er sett i system. Gjennom mange år har palestinske bønder opplevd at stadig meir jordbruksland blir konfiskert, beiteområda for husdyra blir mindre, hundretusenvis av oliventre er rykka opp med rota for å gi plass til muren og til nye busetjingar og infrastruktur til busetjingane.

Mykje av infrastrukturen og busetjingane Israel har på Vestbreidda synest irreversibel. Den langsiktige busetjingspolitikken, som skaut fart etter 1977, har endra terrenget så mykje på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem, at det umogleg å etablere ein samanhengande palestinsk stat. Framleis eksisterer også eit beinhardt militærregime, der born og unge kan bli fengsla utan lov og dom frå sivile domstolar for å ha kasta stein på ein israelsk tanks. Store delar av Vestbreidda er framleis under israelsk sivil og militærkontroll, og palestinarane får sjeldan løyve til å byggje nye hus i desse områda.

Israel feira krigssigeren i 1967. 50 år etter er både israelarane og palestinarane taparane.

Neste artikkel

Forståeleg krise for sauebøndene