Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Opprøret som ikkje gav seg

I ein elles fragmentert valkamp er det éi sak som har gjort seg gjeldande. Eller i praksis ei overbygning av fleire saker: Distriktsopprør.

Kan bli årets valvinnar: Sp kan gjera sitt nest beste val sidan 1970-talet, men om ikkje Ap får fart på veljarmobiliseringa, kan Trygve Slagsvold Vedum like godt hamne i opposisjon. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Det gjer at Senterpartiet – truleg til stor fortviling for mange urbanistar og sentralistar – held på posisjonen sin på meiningsmålingane. På TV2 og NRKs to siste målingar får Sp over 10 prosent, og så langt ser det ut til at det skal halde heilt til valdagen. For kva anna parti kan distriktsveljarar som har sett seg leie på at arbeid, makt og kapital forsvinn frå lokalsamfunna vende seg til?

Distriktsopprør og kamp mot sentralisering er ikkje ei prioritert sak verken i Høgre eller Arbeidarpartiet sine valkampstrategiar. Og når Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier at ordet «reversering» ikkje finst i vokabularet hans, står heller ikkje Støre på barrikadane for å motverke sentraliseringa.

Venstres Abid Raja meiner Senterpartiet snakkar ned byane. «Men å flå byene for at det skal blomstre i distriktene tror jeg ikke er en politikk som tjener Norge», seier Raja til NRK. Men Raja har ingen svar på kva som skal til for at distrikta skal «blomstre».

I Nord-Noreg fossar Sp fram, medan Ap blir straffa. I Finnmark er oppslutninga til Sp firedobla sidan førre stortingsval. I Vesterålen har Sp ei oppslutning på 43,4 prosent. Sps framgang blir forklara mellom anna med at Ap har lagt grunnlaget for sentraliseringsreformene. At Ap har vore med på nedlegginga av forsvaret i nord.

Forsommarens debatt om avvikling av pliktsystemet, eit framlegg regjeringa måtte trekkje attende, har også minna kystfolket om at det var Ap som i si tid gav etter for Kjell Inge Røkke og storkapitalen.

Jens Stensen, fiskar og leiar i Øst-Finnmark Kystfiskarlag, seier til VG at regjeringar på begge sider har utvida kvotene gradvis. Store delar av kystfiskarane har vorte ekskludert. «Folk selger nå båter til én krone fordi kvotene er verdt så mye. Hele systemet er rigget slik at små kystfiskere skal selge ut til de med kapital. I tillegg vet alle at tilbudsplikten har blitt en vits», seier Jensen. Han vil stemme Sp for å redde bygda.

Som det så treffande blir sagt i Game of Thrones: «The North remembers» – Nord hugsar.

Som det så treffande blir sagt i Game of Thrones: «The North remembers» – Nord hugsar.

Oppsummert

Sentralisering

1 Fleire reformer i alt frå helsesektoren til politi, forsvar og Nav og skattekontor fører til sentralisering av viktige offentlege tenester.

Totalsummen

2 Det er den totale summen av alle reformene og nye krav til tenestetilbodet som har ført til distriktsopprøret.

Sp veks, Ap fell

3 Paradoksalt nok kan Sps framgang, om Ap held fram med å falle, føre partiet nok ein gong i opposisjon, trass eit sterkt valresultat.

Annonse

Sp har gått fram i tunge distriktsfylke. I Sogn og Fjordane skal det mykje til for at Liv Signe Navarsete ikkje blir krona til dronning, med ein oppslutnad på over 30 prosent på den siste målinga. Sp kan få inn stortingsrepresentantar frå Østfold, Akershus, Troms og Finnmark. Men framgangen skuldast ikkje berre at bygdefolket strøymer over til partiet. Også i byane blir det meldt om vekst.

Hadde ikkje Noreg hatt ein aktiv distriktspolitikk, ville busetjingsmønsteret i landet vårt sett heilt annleis ut. I mange felt har distriktspolitikk vore eit styringsmål, som utdanningspolitikk, forsvarspolitikk, næringspolitikk og landbrukspolitikken. Sitjande regjering har derimot gong på gong lagt distriktspolitikk til side som styringsmål. Alt frå Nav til skattekontor, lensmannskontor, akuttkirurgi, Forsvaret, kommunesamanslåing og storleiken på gardsbruka har vorte eller skal bli sentralisert, fordi distriktspolitikk ikkje kan stå i vegen for «betre tenester». Nye krav til legevakt og ny spesialistutdanning for kirurgar vil også føre til ytterlegare sentralisering i helsesektoren.

NRK Detektor fastslo i sin såkalla faktasjekk at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ikkje har rett i at den sitjande regjeringa er den mest sentraliserande Noreg har hatt. Diverre har NRKs faktasjekk fleire faktiske utfordringar, som NRK burde klart å styre unna i ein – ja – faktasjekk. Til dømes bruken av statistikk, og langsiktige verknader av vedteken politikk.

I sommarens serie om distriktsopprør i Nationen, tok me turen til Luster – ein kommune inst i Sogn og Fjordane. Mykje går bra i Luster. Men varaordførar Marit Tennø (Sp) seier kommunen, med sitt svært spreidde busetjingsmønster, er sårbar for sentraliseringspolitikk.

Tennø peikar også på at mangt og mykje kan gøymast vekk i statistikken. Nye krav til legevaktordninga gjer at kommunane må tilsetje fleire legar – som dei ofte ikkje har råd til. Alternativet er slå legevakta med nabokommunane. Sjølv om mange innbyggjarar får lengre reiseveg, vil likevel målet om reisetid bli oppfylt i statistikken. «Om legevakta blir flytta til Sogndal, fyller vi ikkje lenger dei nasjonale krava i Luster, men sidan ein reknar reisetid i snitt for heile det nye legevaktdistriktet vil tala sjå OK ut på papiret», seier Tennø.

Det er ikkje éi sak åleine som har skapa distriktsopprøret. Det er totaliteten. Alle reformene oppå kvarandre.

Neste artikkel

Sp-politiker raser mot ulvejaktstans