Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Om kyr, båsfjøs og framtida

Ni av ti mjølkebruk i Valdres er under gjennomsnittet. Er det plass til fjellandbruket i framtida?

Satse eller ikkje?: Bonde Siv Anita Katevoll i Valdres har drive gard i fire år. Om få år må avgjerda om å byggje nytt fjøs takast, sidan båsfjøs blir forbode i 2034. Foto: Hilde Lysengen Havro

Vårlufta er skarp og klar. Sola skin over snødekte fjell. På garden Katevoll køyrer Siv Anita Katevoll rundballar opp på låven.

Her oppe i fjellbygda Vang i Valdres, som eg bør understreke for lesarane også er heimkommunen min, er gardane små. Mykje av ressursgrunnlaget er utmark, og Valdres er framleis det mest aktive stølsområdet i Noreg. Små bruk og bratte jorde har lært bøndene å nytte tilgjengelege ressursar.

Denne vårdagen besøker eg 32-år gamle Siv Anita Katevoll, som sa opp jobben som eigedomsmeklar og no har drive heimgarden i fire år. Ho seier ho alltid har kjend ei tilhøyrsle til garden.

– Noko har sete i meg heile vegen. I ungdomstida var det nok å drive med, men det var hit eg vende tilbake, seier Katevoll. Ho seier ho tykte det var sjarmerande med gardsdrift, men har funne ut at det er "alt anna enn sjarmerande". – Det er frykteleg mykje arbeid, seier Katevoll.

I årets jordbruksoppgjer ynskjer bondeorganisasjonane å prioritere små og mellomstore mjølkebruk. Mykje tyder på at det er i seinaste laget, men nødvendig.

For det er store skilnader både i Noreg, og innanfor Oppland fylke når det gjeld kva ressursar som finst og kor store gardane er. Medan 80 prosent av jordbruksarealet i Oppland blir brukt til gras (eng og beite), blir 99 prosent av arealet i Valdres bruk til det same, syner tal frå Fylkesmannen i Oppland. Valdres har 14 prosent av den dyrka marka i fylket, men 17 prosent av føretaka i Oppland.

I 2016 hadde gjennomsnittsbruket i Noreg 26 mjølkekyr, ifylgje tal frå Landbruksdirektoratet. I Oppland var snittet 24 kyr per besetning, og i Valdres var snittet 17 kyr.

Ifylgje ein rapport frå AgriAnalyse frå i fjor om jordbruket i Oppland, har 60 prosent av mjølkebruka i Valdres mellom 1 og 16 kyr. 92 prosent av bruka har under 25 kyr. Meir enn ni av ti gardsbruk i Valdres er altså under gjennomsnittet for landet i talet på mjølkekyr per gard. Talet på mjølkebruk har gått ned med mellom 50 og 21 prosent i Valdres-kommunane i perioden 2006 til 2015. I spørjeundersøkinga frå AgriAnalyse har berre 14 prosent av mjølkebruka i Valdres gått over til lausdrift. Kun 8 prosent hadde i 2016 planar om å leggje om frå båsfjøs.

Skal også jordbruket i distrikt som fjellbygder som Valdres, fjordfylka og arktiske strøk vera med i framtida, må det vera plass til meir enn robotfjøs i sentrale jordbruksstrøk.

Innføringa av lausdriftkravet vil vera den mest sentraliserande drivkrafta i norsk mjølkeproduksjon nokon gong.

Oppsummert

Ryggrada i landbruket

1 Mjølkeproduksjonen blir gjerne kalla ryggrada i norsk landbruk.

Må satse på små bruk

2 Men ryggrada vil knekkje, om ikkje små og mellomstore bruk i fjell, fjord, sør og nord får sin del av kaka.

Over heile landet?

3 Den politiske målsetninga med matproduksjon over heile landet kan forvitre med båsfjøsa.

Annonse

På Katevoll har Siv Anita 20 mjølkekyr og driv kjøttproduksjon på storfe i tillegg. Kjøttet sel dei sjølve under eige merkevare. – Dyra kosar seg med anna og meir næringsrik mat når dei er i fjellet. Kjøttkvaliteten blir annleis, seier ho. Mjølkekvoten på garden er 75 tonn, og ein tilsvarande kvote er leigd inn.

Ho seier det er båsplass til 23 mjølkekyr på garden. Eit av dei store spørsmåla for Katevoll, og mange andre bønder, er kva som skjer når båsfjøs blir ulovleg i 2034. Kravet om omlegging til lausdrift har vorte utsett fleire gongar, og blir truleg ikkje utsett på nytt. Og sjølv om det kan verke lenge til 2034, er det i eit perspektiv for ein bonde kort.

Ein eller annan gong om ikkje alt for mange år må avgjerda om ombyggjing til lausdriftsfjøs takast. Og Siv Anita Katevoll trur ikkje at garden og dens ressursar vil klare å bæra eit så stort lån som eit nytt fjøs vil krevje. Sjølv med oppgraderingar er fjøset gamalt.

Og Katevoll er ikkje åleine. I dag finst framleis rundt 5400 båsfjøs, ifylgje samvirkeorganisasjonen Tine. Gjennomsnittleg tal på mjølkekyr i båsfjøs er 18. Potensielt vil innføringa av lausdriftkravet vera den mest sentraliserande drivkrafta i norsk mjølkeproduksjon nokon gong.

Katevoll peiker på dagens landbrukspolitikk, og at stordrift med mjølkerobotar blir framsnakka, som usikkerheitsmoment som talar mot investering.

– Me kan ikkje stille likt med Jæren. Me kan ikkje fôre kyrne på kraftfôr til dei nærmast sprekk. Det bør vera eigne tilskotsordningar for slike som meg. Det kjennest litt valdsamt å ta opp så stort lån når bønder som meg eigentleg skal pressast ut av næringa.

Skal alle byggje nye fjøs, kan ikkje alle samstundes utvide drifta. I fjellbygder som Valdres, der gardane er småe, er det avgrensa med ressursar. Fleire dyr krev meir kvote og jord, noko som tyder at mjølkekvotar og jord må leigast inn som ein del av drifta.

– Ein bonde skapar mange arbeidsplassar. Ringverknadane av at me held gardane i drift er store. Ein kan lure på kvar det blir av Bygde-Noreg, om det ikkje er rom for gardsbruk av denne storleiken, seier Siv Anita.

Neste artikkel

Quislings frigjorte barn