Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Difor blir sukkeravgifta endra

Regjeringa innrømmer sukkerfeil, men går ikkje langt nok når den skal rette opp feila frå i fjor.

For ein stor del av norsk næringsmiddelindustri var det måndag store forventningar til statsbudsjettet. Kva ville skje med den famøse sukkeravgifta? Ville den blir vidareført på same nivå? Indeksregulert?

Siv Jensen kom med svaret litt over ti frå Stortingets talarstol: Sukkeravgifta for 2019 blir senka til 2017-nivå. I det minste for nokre av produkta.

Minst like viktig var erkjenninga Jensen kom med. Avgrensingar i kven som betaler sukker- og sjokoladeavgift framstår som tilfeldig, sa Jensen. Ho synte til at det er avgift på marsipangris, men ikkje på marsipanpølse. Sistnemnde produkt blir nemleg kategorisert som eit hushaldsprodukt. Døma på kor skeivt sukkeravgifta slår ut har vore mange dei siste året.

Jensen sa også at problemet vart forsterka med avgiftsauken som kom i fjor. Difor valde regjeringa å setje avgifta ned til 2017-nivå. Regjeringspartia går også endeleg inn for å setje ned eit utval som skal sjå på avgrensingane for sukker- og sjokoladeavgiftene. Målet er at avgifta skal bli meir treffsikkert for helse og ernæring.

Det er på tide. Då avgifta på sjokolade- og sukkervarer vart innført i 1922, kom den som ein luksusskatt på eit produkt rikfolk hadde råd til å kjøpe i ei tid staten hadde lite pengar. Det forklarar nok også kvifor avgifta slår så feil ut. I alle åra som har gått, har ikkje styresmaktene klart/villa gått inn i regelverket for å finne eit system som skattlegg usunne, sukkerrike produkt.

Det står respekt av å innrømme eigne feil. Særleg når avgifta i all hovudsak er fiskal, altså til for at staten skal ha inntekter. Og særleg når alle skjønar at det ikkje er meir helsebringande å eta ei marsipanpølse (som for den saks skuld kan innehalde mindre nøtter og meir sukker) enn ein marsipangris.

At øvste sjefen for Finansdepartementet vil ha ei endring, bør kunne føre til at det blir endring, i motsetning til kva som er sagt tidlegare om at det er kompliserte prosessar, og skal ein avgiftsbelegge skuleklassar som sel vaflar til inntekt til skuleturen osb.

Annonse

Men som med all politikk, er det alltid eit bakteppe. I denne saka er teppet ESA. NHO Mat og drikke og sjokoladeprodusenten Hval har klaga regjeringa inn for ESA-domstolen for brot på EØS-regelverket. Det kan nemleg vera konkurransevridande at marsipan i ei type innpakning får avgift, medan marsipan i anna innpakning ikkje blir skattlagt. Utfallet – om Noreg blir dømd – kan blir at selskap som ikkje har betalt avgifta for sjokolade- og sukkerhaldige varer kan måtte betale avgifta for mange år attende i tid. Ingen vil dit.

Regjeringa har i statsbudsjettet ikkje gått langt nok. Sukkerfri brus, saft og eplejuice utan tilsett sukker må framleis betale avgift for alkoholfri drikke. Det er ikkje meir helsebringande å kjøpe billigbrus utan høg sukkeravgift på svenskegrensa, enn å kjøpe brusen frå den mindre og lokale norske produsenten Oskar Sylte.

«Vi lekker som en sil. Mange butikker klager over at de leverer mer brus i post i butikk enn de selger i butikken. Når kundene får varene til en tredel av prisen, så kjøper de jo heller billigere», seier Oskar Sylte til Nationen.

Problemet, om me kan kalle det det, er at avgifta på alkoholfrie drikkevarer råkar saft og brus uavhengig av innhald. Den er altså ikkje konkurransevridande, som avgifta på sjokolade- og sukkervarer er. Sannsynlegheita for ein fellande dom i ESA er difor langt mindre. Dét er nok også hovudintensjonen til regjeringa.

I fjor fekk industrien ei avgiftsauke på 1,8 milliardar kroner over natta. Utan å sjå på konsekvensane på førehand. Og utan å ta inn i rekneskapen at industrien alt hadde redusert mengda sukker i mange varer, takka vera regjeringa sitt eige arbeid med bransjen.

Jensen brukte ein god del av presentasjonen sin måndag på å snakke om norsk næringsliv, og kor viktig det er å ha gode rammevilkår. Vonleg har regjeringa lært at avgiftsaukar som straffar norsk næringsliv ikkje er god næringspolitikk.

Så; er det ikkje greitt å skattleggje usunne produkt? Den norske staten håvar til dømes inn store summar i avgifter på alkohol og tobakk, i helsepolitikkens namn. Skal sukkeravgifta vera så høg at folk blir avskrekka frå å ta seg ein sjokolade eller kjøpe ein halv liter cola (med sukker) må den vera langt høgare enn i dag. Då må den råke rett.

Har du lyst på sjokolade? Då bør du heller ta deg ei pære. Den er det ikkje sukkeravgift på. Så sant du ikkje inntek den i juiceform.

Denne kommentaren er omskrevet. Første versjon av kommentaren ble publisert 9. oktober 2018

Neste artikkel

Frp styrker yrkesfagene