Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No må Erna hamle opp med distrikta

Det er ikkje populisme å ynskje seg eit godt liv i eit bygdesamfunn. Det er i aller høgste grad realisme.

Fire nye år: Statsminister Erna Solberg har fått tillit frå veljarane til å styre vidare. Den tilliten må ho ikkje rote vekk i forsøket på å koma seg unna distriktsopprøret. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

I mange månader har me snakka og skrive om distriktsopprøret. Om folk som kjempar for fiskeressursane, for å bestå som eigen kommune, for å framleis kunne halde på gode tenester til innbyggjarane i kommunane. Lurt på om Senterpartiet sin framgang skulle halde heilt inn.

Og i om lag like mange månader har sentrale folk i regjeringsapparatet, ekspertar og kommentatorar i dei største avisene synt ei ovanfrå-og-ned-haldning om det same opprøret. Til og med lurt på om det eigentleg er eit opprør «der ute». At standhaftige motstandarar av sentralisering ikkje ynskjer framsteg velkomen, at dei er bakstreverske, umoderne og låste fast i gamle strukturar og eigentleg ikkje veit sitt eige beste. Skal du bli robust, må du bli større, har liksom vore greia.

• Les også: Sogn og Fjordane er historie - trass stor veljarmobilisering

I all sin pomp og mangel på prakt syner det ein mangel på respekt for liva som blir levd og som framleis skal levast i bygdesamfunna. Det vitnar årets stortingsval om.

Tydelegast utslag har distriktsopprøret hatt for Senterpartiet si oppslutning. Partiet har fossa fram i Nord-Noreg, og kaprar mandat i Troms og Finnmark, får inn to på tinget frå Nordland, Oppland og Hedmark. I tillegg gjer SV eit godt val, særleg i kystopprør-fylket Troms. Der har kvar fjerde veljar stemt på Sp eller SV.

Den store taparen er Arbeidarpartiet, som i fjor stemte for å leggje ned forsvarets flystasjon på Andøya i Nordland. I fortviling over Senterpartiet sin framgang skulle Ap i førre veke sikre stemmer i nord. Ap-leiar Jonas Gahr Støre meinte då at det var gode grunnar til «å sjå på saka på nytt». Han lova ikkje at Ap ville snu – reversering finst som kjend ikkje i vokabularet hans. «Å sjå på saka» må ha vorte opplevd som nok eit slag i andletet på Ap-veljarane i Andøya. Valresultatet i øykommunen vart i alle fall eit slag i andletet på Støre.

Men attende til Sp, som har firedobla seg i Finnmark. Raska med seg nærmast rubbel og rake av stemmer i Andøy. Vorte største parti i fleire kommunar i Nordland, der innbyggjarane tidlegare nok har syntest det har lukta for mykje fjøs og for lite fisk av partiet.

Lét statsminister Erna Solberg seg imponere av det? Definitivt ikkje. Ifølgje henne sjølv har ho nettopp fått mandat til å halde fram med sentralisering og nedlegging. Ifylgje NRK sa Solberg fylgjande under pressekonferansen på statsministeren sitt kontor tysdag.

«Mange har sagt at dette er et distriktsvalg. Det er ikke mulig å lese ut av valgresultatet. Vi har faktisk mer tilbakegang i mer sentrale fylker enn vi har i enkelte distrikter.» Det er så ein kan lure på om Erna Solberg har sett på valresultatet.

Solberg treng nok, som fleire ekspertar og kommentatorar, å koma seg ut i distrikta ikkje berre når ballongane er blåst opp og vaffeljarnet arbeider for full guffe. Solberg kan til dømes besøke Høgre-ordførar Sture Pedersen i Bø i Nordland.

Det er ikkje nok å stikke ein tur ut av byen i ny og ne for «å ta tempen på distrikta».

Oppsummert

Distriktsopprør

1 Årets stortingsval vart eit distriktsopprør, sjølv om statsminister Erna Solberg prøver å snakke seg frå det.

Må endre

2 Misnøye med regjeringa sin sentraliseringspolitikk er ikkje det same som å snakke ned Distrikts-Noreg. Det må regjeringa ta inn over seg.

Heile Noreg

3 I Solberg II-regjeringa er det avgjerande viktig at slagordet blir «Heile Noreg skal med».

Annonse

Til nettavisa Vesterålen Online seier Pedersen fylgjande tysdag: «Det er en bevegelse i distriktene, og den bør regjeringa ta på alvor». Han seier forsvarsplanen har gitt stort utslag i Andøy – der Sp som kjend fekk over 70 prosent av stemmene. Men held fram: «Dette er Distrikts-Norge som er redd for å bli enda mer ribbet for ressurser og tilbud».

• Les også: Vedum: – Flertallet er tynnslitt

Det er ikkje nok å sjå på valresultatet nasjonalt for å konkludere med at regjeringa kan halde fram tut-og-køyr-politikken sin. Veljarane i små kommunar har sagt frå kva dei meiner. Det må Solberg og den nye regjeringa hennar ta inn over seg.

La oss ta til dømes Hadsel kommune i Vesterålen, der Sp etter ein framgang på 19,4 prosentpoeng er største parti med 25,4 prosent oppslutning. Her går Høgre og Frp attende med høvesvis 3,3 og 2,1 prosentpoeng. Solberg meiner sikkert det er å halde bra stand. Men ser me på talet på veljarar, blir Høgre og Frps kollaps tydelegare. Ved stortingsvalet i 2013 fekk Høgre og Frp til saman 1622 stemmer, medan Ap og Sp fekk 1780 – altså relativt jamt. Ved årets val fekk derimot Høgre og Frp 1391 stemmer, medan Sp og Ap fekk 2150.

I fleire kommunar i Nord-Noreg har alliansen Høgre/Frp tapt stort til alliansen Sp/Ap. Dét kan ikkje Erna Solberg snakke seg vekk frå.

• Les også: – Landbruket har ein plass i sentrum-periferi konflikten og i distriktsopprøret som vi har sett i vår

Det er ikkje nok å stikke ein tur ut av byen i ny og ne for «å ta tempen på distrikta», og skrive saker som «sjå, kor misnøgde dei er». Det handlar om å sjå kva som engasjerer lokalt. Kvifor det engasjerer, og kva årsaker folk har til å mislike å bli styrt frå hovudstaden. Det må bli slutt på urbane synsarar som stemplar bygdefolk som bakstreverske og lite reformvillige.

Det det handlar om, er liva som blir levd rundt om kring i lokalsamfunna.

Neste artikkel

Riksrevisjonen er ikke fornøyd med NIBIOs økonomistyring